Einsidig kråketing

Einsidig kråketing

Boktittel: Jeg vil ikke være her

Forfatter: Dorte Walstad

Illustratør: Dorte Walstad

Forlag: Aschehoug

Årstall: 2025

Antall sider: 208

Sjanger: Drama

Teikneserien «Jeg vil ikke være her» er ei einsidig skilsmisseforteljing basert på stereotypiske framstillingar.

Kråker er smarte, men også nådelause fuglar. Dei likar seg godt saman med flokken sin, men stundom kan dei samle seg i såkalla kråketing og felle ein dom over ei stakkars kråke som blir liggande død att etter at tinget har løyst seg opp. Ingen veit heilt kvifor dei gjer dette. Kanskje har det med ein feil ved åtferden til kråka som blir hakka i hjel av dei andre.

Dorte Walstads debutteikneserie, Jeg vil ikke være her, handlar om korleis barn kan regagere på samlivsbrot. I tillegg til at boka nyttar kråker som ein løpande metafor for flukt, fridom og heim, fungerer ho som eit skilsmissoppgjer der berre den eine sida får talerett. Forteljinga er som eit kråketing som ender lykkeleg med at faren, metaforisk sett, ligg igjen på bakken, hakka i hjel. Det er eit interessant grep, men også ei forbløffande upedagogisk framstilling.

Illustrasjon av en datter ensom på kjøkkenet.

Unyansert forteljing

Det er flott at det blir laga barnebøker om konsekvensane av skilsmisser. For barn kan det kjennast opprivande og traumatisk, og å lese om andre sine erfaringar kan vere både lærerikt og trøystande. Mange barn ønskjer også å forstå kva konsekvensane av eit samlivsbrot har å seie for dei sjølve. Kva vil det seie å plutseleg ha to heimar? Korleis skal ein stille seg til nye bonusmødrer og -fedrar? Og korleis skal ein balansere lojaliteten mellom dei to fråflytta foreldra?

Jeg vil ikke være her er ikkje ei bok som er interessert i å finne denne balansen. Her møter me ei stereotypisk framstilling av ein sjølvopptatt og udugeleg far som blir kontrastert med ei kjærleg mor. Han har flytta inn med den nye kjærasten sin og skal ha dei to døtrene på besøk for første gong. Det blir ikkje særleg vellykka.

Faren er sur og streng og verkar meir enn noko irritert over å ha ungane der. Han nektar den namnlause eldstedottera, som er hovudpersonen, å gå frå bordet før ho har ete opp middagen. Etterpå ser han og kjærasten på TV utan å merke at døtrene sovnar bak ei gardin. For å gjere det ekstra tydeleg at han er ein kjip fyr, røyker han i tillegg inne i leilegheita. Ikkje rart storesøster ikkje vil vere der!

Illustrasjon av far + ny kjæreste oppslukt av hverandre, de to døtrene ser på TV.

Den frigjerande kråka

Den einaste trøysten for storesøster er ei kråke som har følgt etter henne frå den ekte heimen, der mor bur. Kråka blir ein måte ho kan drøyme seg vekk frå den dårlege situasjonen på. Når ho snublar på skogstur og mistar den eine støvelen, blir ho etterlaten. Faren, den nye kjærasten og veslesøster går vidare utan å merke noko. Då kjem kråka. Ho veks seg stor, og dei flyg av stad. Dei plukkar opp veslesøster og dumpar den andre støvelen i hovudet på den teite faren. Men det er sjølvsagt berre ein fantasi. Verkelegheita er like traust.

Illustrasjon av far og datter som krangler.

Grafisk familiedrama

Teikneserien har eit enkelt og reinskore uttrykk. Mange av rutene har sparsamt med detaljar; det er karakterane som er i fokus. Dette understrekar viktigheita av familiedramaet som blir spelt ut og det monotone og trøysteslause ved den nye kvardagen til dei to jentene.

Walstad nyttar også fleire smarte og kreative grep i teksten. Episodane der storesøster drøymer seg vekk, er til dømes fine. Dei bryt opp monotonien både ved å leike seg med rutene sine former og fylle inn meir farge i det trauste farsbesøket. Også skogsturen bidreg til dette. Fleire heilsider og dobbeltsider uttrykkjer korleis storesøster har gått seg vill, både metaforisk og reelt. Sidene gir sårt tiltrengt luft og farge til forteljinga.

Faren sin nye kjæraste er i tillegg godt utforma som grafisk karakter. Når jentene først møter henne ser dei berre eit digert hår, som ei lilla sky. Håret innhyllar henne, som røyk, noko som speglar korleis søstrene forstår henne som eit uforståeleg, nesten abstrakt element i liva deira. Korleis skal dei oppfatte dette mennesket?

Illustrasjon av datter som løper etter mamma, mange kråker i trær i bakgrunnen.

Nidportrett

Storesøster sitt perspektiv er lett å forstå. Ho vil vere heime. Ho vil at ting skal vere som dei var. Det karikerte nidportrettet av faren kan sjølvsagt bli forstått som hennar inntrykk av situasjonen, men eg er usikker på kor mange unge lesarar som vil oppfatte det slik. Eg trur difor ikkje det er denne boka barn som går gjennom, eller vil lære om, skilsmisser, eigentleg treng.

Skilsmisser og kråketing kan vere brutale affærar. Å demonisere den eine parten i ei skilsmisse kan gi barn i ein sårbar situasjon inntrykk av at det berre er ei side som har rett, berre ein heim som er den rette. Viss det finst ein annan bodskap i boka er han vanskeleg å få auge på.

Kanskje har Walstad bevisst gått inn for å provosere. I så fall har ho lukkast.

Asle Sætre

Fødd 1978. 15 års erfaring som norsklærar på vidaregåande trinn. Jobbar på Fyllingsdalen videregående skole og er teikneseriemeldar for webtidsskriftet Serienett. BA i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen og held på med ein mastergrad om sjølvbiografiske teikneseriar.