Eit jernaldereventyr

Eit jernaldereventyr

Boktittel: Jernvilje

Forfatter: Terje Torkildsen

Forlag: Kolofon

Årstall: 2024

Antall sider: 81

Sjanger: Historisk roman

Terje Torkildsen skriv leikande lett om ei fjern fortid – i eit språk som både kler den historiske romanen og er tilgjengeleg for målgruppa.

Handlinga i Jernvilje er lagt til det eg antar må vere anten folkevandringstida eller merovingertida i Noreg, før vikingtida tok til. Femten år gamle Vilje har vakse opp på heiane i Rogaland, på grensa mot notidas Agder, i ei fjellhole saman med mor si. Boka startar med at Vilje oppdagar at mora ligg daud i ullfellane ved sida av han – frå no av må han klare seg sjølv.

Herleg historisk

Mor til Vilje har halde sonen borte frå storfolket på Hove heile livet, men no oppsøker han garden med ein nyskoten ulv over aksla. Han blir uventa omfamna av husfrua sjølv og tatt for å vere hovdingsonen Jarl som har kome tilbake frå Valhall. Kva har skjedd med denne dobbeltgjengaren, Jarl? Og korleis skal Vilje vri seg ut av situasjonen med livet i behald? Desse to spørsmåla er det som driv handlinga vidare. Berre trælejenta Evelyn forstår at Vilje må vere ein annan, og ho blir med når Vilje etter kvart dreg over heiane for å konfrontere banemannen til Jarl, egden Ormvakr Digre.

Terje Torkildsen bryr seg ikkje med å forklare at ein egde er folk frå Agder, på same måte som han berre indirekte plasserer forteljinga i tid og rom. Forfattaren har tillit til at lesarane anten lever seg inn i handlinga og ikkje treng vite slikt, eller at dei interesserte sjølv kan undersøke kva som er historisk korrekt og kva som berre er dikta. Her finst ikkje noko etterord med fakta eller eit kart som viser kor vi er. Sjølv om ein stor del av dei unge lesarane er opptatte av kva som er sant og kva som er påhitt når dei les bøker frå den såkalla røynda, er det herleg å oppleve ein historisk roman utan den pedagogiske ramma vi er vane med.

Uansett har forfattaren gjort mykje research før han skreiv denne tynne vesle boka, og det er ingen grunn til å tru at ikkje det meste stemmer, for han skriv om jernalderen som om han skulle ha vore der sjølv. Lesaren får vite mykje om det sosiale hierarkiet, konfliktane og kvardagslivet – fint pakka inn i forteljinga om Vilje og møtet hans med verda nedafor fjellheimen. Nokre fridomar tar forfattaren seg, særleg når det gjeld samspelet mellom personane, for kven veit no eigentleg korleis desse tidlege nordmennene tenkte, snakka og følte? At Vilje dermed liknar ein notidig tenåring gjer at dei unge lesarane har noko å kjenne att i ei elles framandarta verd.

Sterkt språk i svak innpakning

I tidlegare ungdomsbøker har Torkildsen skrive om samtida eller ei dystopisk framtid, og han har ført eit munnleg ungdomsspråk som lesarane kunne kjenne seg heime i. I Jernvilje er nynorsken langt meir arkaisk. Her er ord og uttrykk som gir kjensle av gamle dagar, som når Vilje snakkar om at han har fått eit «hugskot», eller når det blir slått fast at «det spinn enno liv» i ein medvitslaus kropp. Teksten brukar også språklege bilete henta frå det landskapet hovudpersonane omgir seg med, som når Vilje «smyg seg som ein mår» eller har «hjarterytme som ein hare». Desse språklege markørane er spreidde utover og får meining frå konteksten rundt, slik at dei aldri står i vegen for lesbarheita. Teksten er framleis munnleg og lett å følgje. Særleg dei mange, gode dialogane bidrar til dette:

– No fekk eg eit hugskot, seier han nesten uhøyrleg.

– Kva?

Han byrjar å le. Evelyn skjøner ikkje kva som er så morosamt.

– Kva? Kva er det du ler av? Fortel meg. Fekk du ein idé?

Vilje smiler.

– Ja, men det er for vilt. Det kjem aldri til å gå. Det er galskap. Sjølvmord.

Evelyn slår ut med armane.

– Ja, vel, men me har vel ikkje akkurat så mykje å tapa. Fortel meg om hugskotet ditt.

Kvar kapitteloverskrift er skrive med runer. Slik er den grafiske utforminga med på å plassere teksten i fortida. Dette er også gjort utan at det står forklart nokon stad, slik at dei lesarane som gidd, vil få ein inngang til å lære seg runealfabetet, mens dei som ikkje er interesserte, kan velje å oppleve teikna som ein illustrasjon. Designet er elles det svakaste ved heile utgivinga. Boka er gitt ut på sjølvpubliseringsforlaget Kolofon, og det er tydeleg at dei ikkje har profesjonelle bokdesignarar på laget. Spaltene er for breie, fonten for liten og omslagsillustrasjonen signaliserer barnebok. Det er synd at innpakninga er såpass dårleg, for boka fortener å bli kjøpt og lest.

Konflikt og mysterium

Terje Torkildsen skriv fram ein hovudperson det er lett å bli glad i. Vilje er varm og open mot andre menneske, og i møte med utfordringar er han oppfinnsam og uredd. Han har vakse opp med få ressursar og har vorte god til å overleve. I samspelet med Evelyn er han akkurat passeleg dum, slik at ho også får skine. Ho kjem frå eit kristent samfunn i vest, kan lese og skrive, og ho veit korleis ein lagar jern. Samtalane dei imellom blir interessante, fordi dei har ulike perspektiv.

Samstundes underspeler Torkildsen relasjonen mellom dei to personane sine. Det kan sjå ut som han har vore mest interessert i å skrive ei spennande forteljing frå fortida og at romantikk kan bli forstyrrande. I alle fall blir det både barn og giftarmål utan at dei to så mykje som kyssar kvarandre. Teksten fokuserer på konflikten mellom egden Ormvakr Digre og rygefolket i Hove, og på mysteriet med kvifor Jarl og Vilje er så like av utsjånad. På vegen lærer vi eit og anna om korleis ein kan lage jern, om sult, om runer og om norrøn mytologi.

Eg trur nok nokre lesarar vil kjenne seg litt snytt fordi dei ikkje får vite korleis Evelyn blir gravid, men på den andre sida er det nok av ungdomsbøker som leverer eksplisitte sexscener denne hausten. Kanskje er det fint at dei lesarane som berre vil ha fart og spenning også får noko?

Petra J. Helgesen

Født 1978. Master i litteraturvitenskap og ansatt som prosjektleder i Foreningen !les. Jobbet med barne- og ungdomslitteratur som redaktør, kritiker, konsulent, forsker og formidler siden 2001. Foto: Chad Stokes