Bjørn Arlid Ersland (tekst)
Lilian Brøgger (illustrasjon)
Emilie selger en gutt
32 sider
ISBN: 9788202343002
Cappelen Damm 2011

Bjørn Arlid Ersland (tekst)
Lilian Brøgger (illustrasjon)
Emilie lager en katt
32 sider
ISBN: 9788202343675
Cappelen Damm 2012

Meldt av Øystein Espe Bae

Emilie selger en gutt og Emilie lager en katt

OVERRASKANDE LITE FARLIG

På barnebokkonferansen i Stavanger i fjor etterlyste Bjørn Arild Ersland farlegare barnebøker: ”Det skal være farlig å stikke neven ned i en kasse med bildebøker”, sa han då. Dei to Emilie-bildebøkene frå 2011/12 viser at det stundom kan vere langt mellom liv og lære.

Tidlegare har Ersland skrive meir eller mindre provoserande barnebøker ispedd homofili (Bildebyggeren), jentelik (Glassklokken), dusjerotikk (Pølseidioten) og katastrofale månereiser (Det første barnet på månen). Vi snakkar om forfattaren som i si tid provoserte Inge Håvard Aarskog i styringsgruppa for barne- og ungdomslitteraturfestivalen «Maktens pluttifikasjon» i Stavanger til å kome med sitt velkjente og normative søppel-utspel om makabre tendensar i den nye barnelitteraturen.

I begge Emilie-bøkene har Ersland igjen samarbeida med Lilian Brøgger, ein produktiv og privinnande, dansk illustratør som i fleire tiår har hatt ei uttalt målsetjing om at ”ethvert billede er en opfindelse”. Det er ein lovnad som ho i stor grad maktar å leve opp til i desse to bøkene.

Forklaringsproblem
I Emilie selger en gutt (2011) finns eit ibuande potensial for provokasjon; ein sel jo ikkje veslebror sin for femti kroner og eit glas saft, vel? Det er Emilie og veslebror Max som lagar butikk og sel saft og leiker til ei dame i nabolaget. Med eitt spør dama om også vesle Max er til sals. Berre for ”Ti millioner tusen”, svarer Emilie fornuftig nok, før ho ut av det blå likevel går med på å selje veslebroren for berre ein femtilapp. Etter salet græt Emilie, og Brøggers illustrasjonar understrekar kjensla ved at blomane visnar i bakgrunnen.

Ved dette punktet i historia blir grunnen til kvifor Emilie endar opp med å selje Max på billegsal uklar. Det er ikkje tale om ei aggresiv overtaling frå kjøparen si side, og lesaren får heller ikkje innblikk i den psykologiske prosessen som ligg til grunn hos seljaren. Hendinga får difor eit meiningsunderskot som lesaren potensielt kan fylle ut, men til sjuande og sist sit ein igjen med eit psykologisk og moralsk forklaringsproblem på kvifor Emilie handlar (ev. sel) som ho gjer.

Innsidehandel
Samspelet mellom illustrasjon og verbaltekst skaper ein dobbel kommunikasjon som vender seg til lesaren over hovudet på Emilie og Max. Verbalteksten slår fast at far blir trøytt og kviler seg, men venstresida på det følgjande oppslaget viser at han i staden går i det rosa skapet, kler seg i ein blomstra kjole og tek på høghæla sko og leppestift. Den skrattande, unge lesaren veit difor at Emilies påfølgande prinsessetårer er for ingenting, og at det i røynda er far som kjøper sonen. Her er det innskrive eit morosamt besserwisser-potensial. For den unge lesaren spør seg: Ser verkeleg ikkje Emilie og Max at kunden egentlig er deira eigen far? Dette innskrivne dobbeltnivået er eit effektivt grep som skaper leseglede. Men samtidig framstår menneskehandelen uventa risikofri sett frå lesaren sitt perspektiv, som heile tida veit at det er tale om eit får i ulvekle.

Ufarleg oppfølgjar
Historia er enklare i oppfølgjaren Emilie lager en katt (2012), og er bygd over samme lest. Det vert innleia med dei same vendingane, men medan far (faktisk) kviler på senga gjennom heile historia, så fargelegg Emilie veslebroren heller enn å lage butikk. Her er fantasien og fargebruken ekspansiv i karakter. Max tek først form som ein grøn katt og ein slange, før Emilie kladdar på han litt raudmaling til han ser ut som ei ”afrikansk papegøye”. Etter kvart flyt fargane godt ut over dei klare linjene i tregolvet, som ofte strekk seg frå eine bildekanten til den andre.

Fantasiens metafiksjon
I begge bøkene står dyrking av fantasi og skaparkraft sentralt. Dette vert tidleg underbygd av overtydelege, metafiksjonelle element. På første oppslagsside i Emilie selger en gutt sit vesle Emile på det turkise golvbelegget med eit blankt ark med fargestiftar til – i same farge som Brøgger sjølv har brukt gjennom heile boka. Det samme er tilfelle i Emilie lager en katt, berre at då er det snakk om gammaldagse byggeklossar. Ingen iPad i denne familia, altså, der Emilie heller dekorerar både sin veslebror og stova sitt tregolv med alle fargane i regnboga.

Det einaste farlege med denne historia, ligg i diskrepansen mellom sosialiserte normer for oppførsel (ingen søling!) og rabulistiske handlingar. Men dette blir aldri eit eksplisitt tema i boka, ingenting står på spel, ingen nerve dirrar. Forteljinga i Emilie lager en katt utviklar seg sakte og føreseieleg, og er mindre spanande enn si søsterbok. Etter fullført fargelegging av menneske og tregolv kviler borna inntil sin snille far i senga som om ingen ting hadde hendt.

Fint å ha far
Mangelen av morsfigur vert implisitt understreka i begge bøkene (men ikkje problematisert – snarare tvert om): barna har samme oransje hår som faren, sonen har på pappasko i miniatyr og faren agerer som kvinne i leiken med borna. Når Emilie og veslebror Max får besøk av ei staseleg dame som vil handle hos dei, er det difor heilt på sin plass at dei ikkje gjennomskodar at far òg spelar rolla som kvinne på ein overbevisande måte. Morsrolla vert rett og slett gjort overflødig. Som eit ledd i dette har Brøggers illustrasjonar gradivs transformert den kantete farsfiguren og gitt han tynne lemmar, fyldig byste og androgyne ansiktstrekk med sminke. Den eksplisitte plasseringa av kvinnefiguren langt framme i bildekanten, inviterar den unge lesaren til å legge ekstra merke til farens fysiognomiske hamskifte, og er ei vellukka framandgjerande visualisering av eit kvardagsleg rollespel.

Brøggers illustrasjonar tek opp i seg dei leikande elementa frå verbalteksten. Ho kombinerar mange ulike teknikkar og varierar (spesielt i Emilie selger en gutt) med fargar, linjer, dimensjonar og perspektiv. I Emile selger en gutt blir feminiseringa av faren spelt ut mot ein gjennomgåande bakgrunn av blomar, ei noko overtydelig kobling til det kvinnelege, som forplantar seg til bokpermens utside og innside. Denne poetiseringa av blomane kjem om mogleg enda sterkare fram når desse visnar under påverknad av Emilies dårlege humør.

I Emilie lager en katt, utviklast illustrasjonane i ei litt anna retning. Her er det ornamentalt blomstrete bytta ut med ein tydelig konflikt mellom store, langsgåande (golv-)flater i duse fargar og dei kaotiske fargeklattane som til slutt skitnar til golv og veslebror som fruktvinsbatikk på penskjorte eller vannfargar på vått papir. Den samla ikonoteksten fungerar best i Emilie selger en gutt. Her lukkast Ersland og Brøgger med å spele på ulike nivå opp mot lesaren, og maskeraden skapar ein (humoristisk) spaning og dramaturgi som ikkje på nokon måte er til stades i den andre bildeboka.

Det er altså den første boka om Emilie, Emilie selger en gutt, som fungerar best. Men Ersland/Brøgger har ikkje skapt farlig gode bildebøker her. Ein stikk ikkje hol i ein ballong med ein metta fargepensel.



Skrevet av:
Kommentarer