Empowerment i Nangijala

Empowerment i Nangijala

Boktittel: Fritt fall

Forfatter: Emily Sørensen

Illustratør: Emily Sørensen

Forlag: Egmont

Årstall: 2024

Antall sider: 211

Sjanger: Teikneserie

Emily Sørensens «Fritt fall» oppmodar lesaren på ein enkel og underhaldande måte til å ta eit oppgjer med destruktive relasjonar.

Livet er tungt og vondt, så døyr du og kjem til himmelen der du får ein psykotisk sjelemake som er ein personifisert måne. I all æve.

Hatar når det skjer. 

Emily Sørensens Fritt fall er ein fabel retta mot ni- til tolvåringar, som vil noko meir enn å underhalde. Den underliggjande bodskapen om empowerment løftar den litt enkle forteljinga og gjer henne meir relevant.

Handlinga går føre seg i Overlandet, ein skakk versjon av himmelen der alt tilsynelatande er perfekt. Her møter me den ulykkelege engelen Lavendel som lever i eit giftig forhold med herskaren i Overlandet, Datura, ein klassisk gaslighter. Han manipulerer Lavendel og får henne til å tvile på seg sjølv og evnene hennar. Ikkje rart at ho lengtar etter noko meir: «Er dette alt? Er det sånn det skal være til evig tid? Jeg skulle ønske jeg kunne starte på nytt», jamrar ho. No har det seg slik at ei av englane sine oppgåver er å oppfylle ønskja til menneska, men kva skjer når ein engel ønskjer seg noko? Snart dukkar det opp – eller rettare sagt, ramlar det ned – ein falsk engel. Hen og Lavendel rømmer frå paradiset for å finne sola, som alltid har hatt ei dragning på Lavendel. På vegen møter dei farar og lærer noko om seg sjølve, særleg Lavendel, som finn krafta i å stå opp for seg sjølv og bryte ned murane Datura og dei andre englane har sett opp rundt sjølvtilliten hennar.

Illustrasjon av Lavendel mot en skinnende solnedgang.

Lyset frå Nangilima

Teikneserien var eigentleg meint å vere ein del av Sørensens førre samling, Under regnbuen (2022), men vaks seg ut i eit større format. Framleis er det plott-trådar som sprikar, til dømes korleis Daturas forhold til Lavendel heng saman med planane hans om å ta over Overlandet, men det har uansett vore klokt å gi forteljinga meir pusterom. Eit fluktmotiv, som er den dominerande narrative strukturen i Fritt fall, fordrar at lesaren skjønar kva hovudpersonen flyktar frå og til, og Sørensen balanserer dette akkurat passe mellom det enkle og komplekse. Lavendel jaktar på fridom både frå seg sjølv og dei undertrykkjande strukturane i (etter)livet hennar.

Det er elles umogeleg å lese boka utan å tenke på Astrid Lindgrens Brødrene Løvehjerte. Overlandet er som Nangijala ein stad (eller ein tilstand?) der innbyggjarane har feil og manglar. Byråkrati og konfliktar høyrer ikkje heime i eit paradis, kanskje heller ikkje røykande englar og hedonisme. Når Lavendel og Aster i avsluttinga flyktar inn i sola, er det som om lesaren høyrer Å, Nangilima! i bakgrunnen.

Illustrasjon av Datura som slår i bordet og ber Lavendel slutte med pikedrømmene sine.

Nyansar av blått

Fritt fall er ein del av Egmonts Nordic Manga-satsing, noko som kjem godt fram i korleis boka er utforma. Teikningane er enkle, søte og luftige, slik at boka står fram som open. Teikneserien er sett saman av mange store panel og heilsider som gjer ho lettlesen. Sørensen fokuserer også mest på karakterane, og desse er teikna uttrykksfullt og karikert nok til at lesaren skjønar kven som er slemme og kven som er snille. I tillegg er mange av dei gitt namn etter blomar (pedagogisk forklart bakarst i boka) tilpassa personlegdomen deira. Den florale symbolikken kjem tydeleg til uttrykk i den sterke og klare fargepaletten. Både Datura og Lavendel er til dømes farga blålilla, men fargane uttrykkjer ulike sider ved dei. Lavendels lyselilla, flekkete framtoning uttrykkjer godt korleis ho slit med sjølvsikkerheit og depresjon, medan Datura, som i tillegg har eit andlet som er splitta mellom månefasar, er mørkare lilla og meir truande, særleg fordi splittinga gjer han uberekneleg.

Illustrasjon av Engelen som sier til Lavendel at hun bare trenger litt mer selvtillit.

Sjølve Overlandet er ein noko vag bakgrunn som lesaren kanskje ikkje bør henge seg for mykje opp i. Det er strengt tatt ikkje verdsbygginga som er styrande for forteljinga, men dei mange rosa og kvite skyene og fjella (i himmelen?) gjer at Overlandet blir eit litt preglaust og lite interessant univers.

Ein viktig bodskap

Forteljingar om å tru på seg sjølv går det tretten av på dusinet, men unge lesarar kan ikkje bli fortalt mange nok gonger at dei må kjempe for seg sjølve. Det er ein universell og viktig bodskap. Tilleggsdimensjonen knytt til det å lausrive seg frå destruktive relasjonar, gjer at Fritt fall skil seg ut frå andre teikneseriar for barn. At boka har eit formspråk som gjer dette komplekse problemet tydeleg og forståeleg, viser at Emily Sørensen skjønar korleis ho skal kommunisere med barn.

Asle Sætre

Fødd 1978. 15 års erfaring som norsklærar på vidaregåande trinn. Jobbar på Fyllingsdalen videregående skole og er teikneseriemeldar for webtidsskriftet Serienett. BA i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen og held på med ein mastergrad om sjølvbiografiske teikneseriar.