Mitt barnebokminne - av Øystein Runde,
tegneserieskaper og skribent
Den uendelige historie
Michael Ende

Illustrert av Roswitha Quadflieg
Oversatt av Erik Krogstad
435 sider
Sommer & Sørensen 1983

Ende, Michael: Den uendelige historie

Barnebokminne

Av tegneserieskaper og skribent Øystein Runde

Mitt første minne om Michael Ende var frå ein familieferie i bil nedover Noreg: Kvar dag ga bilradioen oss Lars Andreas Larsen som eigenmunnleg spelte alle rollene i «Jim Knapp og Lukas Lokomotivfører». Det universet som oppsto ved hjelp av ord og stemmer, gleda over å høyre pappa imitere Fru Fortaann, den voldsomme kontrasten mellom tryggleiken på den vesle øya som Lukas og Jim budde på og det vanvittige dragelandet som Fru Fortaann budde i, alt dette gjorde voldsomt inntrykk.

Etterkvart fann eg Momo og kampen om tiden på biblioteket – og vart frelst. Så, når gleda ingen ende ville ta og Tove Jansson måtte finne seg i å dele plass med ein skjeggete tyskar i forfattarpantheonet mitt, fann eg sjølvaste jackpoten: Ei smellfeit bok med kapittel i grøne og raude bokstavar, og to slangar som åt kvarandre på omslaget. Den uendelige historie.

Den uendelige historie er ei bok som hovudpersonen, Bastian Baltasar Bux, finn i eit antikvariat. Og akkurat som boka eg sjølv las, hadde boka grøne kapittel og raude kapittel. Og akkurat som meg, var ikkje Bastian spesielt kul eller hipp på skulen, sidan han elska å lese og dikte opp historier meir enn noko anna. Og akkurat som meg, vart han fullstendig oppslukt av boka med dei grøne og raude kapitla. Atreju, boka sin tilsynelatande helt, må ut og redde kongeriket frå ein horribel trussel. På vegen møter han eit breitt spekter ulike skapningar. Og sjølv om fantasiane til Ende rann ut i ei overflod av former, var det som om alt hang ihop til slutt, sjølv når boka snudde opp-ned på helte- og skurkerollene og ga oss som lesarar eit moralsk dilemma.

Men det var ein ting i Den uendelige historie som skurra. Dei raude kapitla i mi bok handla om Bastian sjølv, som låg og las ei bok på eit loft, medan dei grøne handla om Atreju, som bur i boka sitt fantasirike (og openbart er vakker og atletisk, i motsetnad til Bastian). Sidan eg las sekvensane om Bastian i mine raude kapittel, og Bastian ikkje las om seg sjølv, lurte eg på kva som stod i Bastian sine raude kapittel. Men eg godtok det. Eg låg der på senga mi, på ei lita, trygg øy på Vestlandet, mamma og pappa retta stilar og bakte julekaker, og eg ville ingenting meir enn at boka eg las skulle vere akkurat slik som boka Bastian las.

At Michael Ende og Tove Jansson døydde, at dei i det heile KUNNE døy, var ei voldsom overrasking for meg. Det seier kanskje ein del om kor mykje eg trudde at bøker hadde magisk kraft. I ettertid, som vaksen, tenkjer eg at det tilsynelatande mysteriet med Bastian sine raude kapittel gir rom for ei ekstra, uendeleg historie. Kan det vere at Bastian las om meg? Eller om deg, då, så klart.

Vi takker Norsk barnebokinstitutt for avbildingen av forsiden. Boken fins i deres samling.



Skrevet av:
Kommentarer