Englefjes

Englefjes

Boktittel: Englefjes

Forfatter: Ingelin Røssland

Forlag: Det Norske Samlaget

Årstall: 2008

Antall sider: 168

Ei skikkeleg heltinne – Bond, my name is Bond, seier eg og hostar. I Englefjes

Ei skikkeleg heltinne

Bond, my name is Bond, seier eg og hostar.

I Englefjes møter vi Engel. Ein rappkjefta 17-åring som ikkje tar eit nei for eit nei, som dumdristig kastar seg inn i kampen mot storkapitalistar og korrupte politikarar, og som ikkje gir seg til tross for at dei trugar ho på livet. For som det står på t-skjorta hennar: ”My name is Queen of Fucking Everything”.

Røssland har skrive om sterke og tøffe jenter før, men ingen av desse oppfyller krava til ei skikkelig heltinne slik journalistspira Engel gjer det. Dei tidlegare eg-personane til Røssland har hatt sine eigne private identifikasjonsprosjekt å bale med, medan Engel stikk nasen sin i andres problem. Med kameraet høgt heva utførar ho heltedådar frå mopedryggen.

 

Pelle og Proffen med ein vri

Den paranoide kødden av ein redaktør har sjølvsagt passord på dritmaskina si.

Englefjes er starten på ein serie bøker, og etter første boka å døme kan Engel bli den vestlandske arvtakaren til Pelle og Proffen. Ho kjem frå Tysnes, ho fortel på nynorsk og ho er ei jente som helst køyrer solo. Slik skil ho seg frå radarparet til Ambjørnsen. Men den harde språkbruken, den intense nysgjerrigheita og den samfunnskritiske tendensen har dei felles.

Tematikken i denne første boka er knytt til politisk korrupsjon i små lokalsamfunn, miljøvern, og etterkvart også til pornoringar og menneskehandel. Engel vil konfrontere stadens riking med dei ulovlege nausta hans, og det blir snart klart at både riking, redaktør og Frp-ordførar skjuler både det eine og det andre.

Som Pelle har Engel rotete heimeforhald og stort handlingsrom. Den homofile faren er tilsett ved ambassaden i Tokyo og er berre tilgjengeleg via Skype, medan mora hennar nett har døydd av kreft. Ho bur hos ei mormor med hasj i vindaugskarmen, ein litauisk kunstnar til elskar, og tarotkort som næraste rådgivar. Er det rart politiet sukkar når dei skal ringe heim og fortelje om Engel sine siste påfunn?

 

Engel

– Kva mjuke sider? Skal eg klabba til deg, eller?

Det er ikkje berre den framtredande samfunnskritikken som gjer at Engel skil seg frå andre norske jentedetektivar. Ho er langt tøffare i munnbruk og handling enn det Erna Oslands Daniella D., Pia Ibsens Mina og Ellinor Rafalesens Kajsa kunne drømme om, og ho treng ikkje at andre kjem dragande med trøbbelet. Engel er trøbbel nok sjølv.

Namnet hennar er ei ironisk tydeleggjering av korleis ho skil seg frå dei tradisjonelle jentekarakterane. Godheit og hjartevarme er ikkje blant Engels primære karaktertrekk. Ho spør frekt om politibetjenten blir kåt av å rote rundt i undertøysskuffen hennar, og ho bryr seg fint lite om ryktet sitt. Rett nok er politimannen ein potensiell kjærleikshistorie, men Engel blir aldri lita og svak slik Nancy Drew blir når Ned kjem ho til hjelp.

 

Svak krim

– Ja, legg deg på rygg, di hore, så skal eg knulla livet or deg som dei andre luddera, seier han.

Intriga i Englefjes er ikkje det beste handverket eg har sett. Kven som er skurkane peiker seg ut allereie frå starten, og dei er måla med brei språkleg pensel. Det er overraskande i og med at Røssland tidlegare har vist, både i Handgranateple og Monstertanta, at ho kan teikne nyanserte portrett av dei som lever på kant med samfunnsnorma.

Dei dramatiske situasjonane blir heller ikkje utnytta på ein god måte. Når Ambjørnsen puttar sin nye helt, Filip Moberg, i ein kinkig situasjon, står han gjerne fast gjennom fleire kapittel. Men vi rekk knapt konstatere at Engel er i trøbbel, før faren like plutseleg er over.

Englefjes er ei lysare og meir humoristisk bok enn Drapene i Barkvik, og derfor går Engel meir naturleg i fotspora til Pelle og Proffen enn det Filip Moberg gjer. Ambjørnsen har jo også skrive krim i fleire år, så det må vere lov å tru at Røssland får betre grep på sjangeren etterkvart. Eg vil satse på at plottkonstruksjonen sit like spikra som heltinneportrettet neste gong.

Petra J. Helgesen

Født 1978. Master i litteraturvitenskap og ansatt som prosjektleder i Foreningen !les. Jobbet med barne- og ungdomslitteratur som redaktør, kritiker, konsulent, forsker og formidler siden 2001. Foto: Chad Stokes