Er Barnebokkritikk si lesing av ADHD-boka mi presis nok?

Er Barnebokkritikk si lesing av ADHD-boka mi presis nok?

Etter Guri Fjeldberg si lesing av boka mi «ADHD: Hva er det, og hva gjør du med det?» skreiv eg denne facebookposten. På oppfordring frå Barnebokkritikk-redaktøren deler eg den her også. Her er originalposten, og eit nyskrive og kjempelangt etterord.

Opprinneleg facebookpost:

Striks, i grunn positiv, og SVÆRT lesverdig kritikk av ADHD-boka.

Og igjen veldig bra døme på verdien av å ha fagleg sterk kritikk av bøker og teikneseriar! «Årets litteraturkritiker»-vinnar 2015, Guri Fjeldberg, påpeiker først at forfattarintroduksjonen, med meg som bablar, er for tung å lese – det er nok eit poeng! Eg burde delt denne introen opp i ruter for å lette leseflyten endå meir. Så tre ting ho kritiserer som er definitivt bra å snakke om, men som eg må svare utfyllande på fordi … det er 2024 og det er ikkje flaut å kverulere tilbake med kritikarane lenger:

1.Ho synest boka er for lite klar på at ADHD er ein LIDELSE – og det er eit viktig poeng.

    Men eg prøvde det eg kunne å få det fram, utan å stakkarsliggjere. Dei fleste andre kritikkane har følt boka fikk til denne balansen – for boka skal lesast ikkje berre av barnet med ADHD sjølv, men også av barn RUNDT. Boka har rett og slett ei formidabelt stor gruppe potensielle lesarar, og «gjer ingen skade» vart eit viktig prinsipp.

    Ho ønsker også eg skal fokusere på ADHD som problem, i kontrast til ADHDNorge sin anmeldelse, som påpeikte at eg brukte ordet «problem» der DEI ville sagt «utfordringer». Her ser ein det eg ante heile vegen: ADHD er eit tema der det er umogleg å gjere alle til lags. Som er greitt: Det er ein livsvarig tilstand. Vi går ikkje tom for ADHD, det kjem til å vere mange muligheter til å prøve og feile.

    Eg er definitivt redd for å bedrive det Fjeldberg kallar «misforstått omsorg» og dermed ikkje ta hardt nok tak i ting – men i så fall får foreldre tenke at MI bok er for alle barna i klassen, også dei uten ADHD. Så får dei finne skarpare lut i til dømes bøkene til Russell Barkley, som eg viser til i boka mi.

    2. I same kontekst er ho skeptisk til at eg gjengir bærplukkings-eksperimentet som indikasjon på at ADHD kan ha gitt evolusjonære fordeler. Såpass skeptisk at ho kallar det «et tvilsomt eksperiment». Det ER tilfelle at dette blei begjærlig gripi tak i av alle aviser (the Guardian, New Scientist, Washington post) som ville lage optimistiske saker om ADHD … men kvar tek ho det frå at det er «tvilsomt»? Her er originalen, peik gjerne ut det tvilsomme.

    3. Ho nevner også den sjølvbiografiske boka til Herman Flesvig (med Erlend Loe) som ei betre kilde til «førstepersonsperspektiv». Einig og ueinig: Boka er fantastisk, men det er fordi den er djupt individuell. Dermed viser den berre fram EIN type ADHD, den «klassiske» hyperaktive guten. Og: Den endar som ei suksesshistorie, der vi veit hovudpersonen blir superkjendis og får hoppe fallskjerm med Aksel Hennie. ADHD-barn som blir voksne og oppdagar at dei ikkje får hoppe fallskjerm med Aksel Hennie, kjem til å gå på ein smell.

    Fjeldberg nevner heller ikkje at Herman-boka framstår som skeptisk til medisin, noko som strir imot forskinga. «Han innser at han ikke ønsker å bli som andre, for da mister han jo seg selv» spelar veldig på frykta mange foreldre har for å «miste» barnet sitt når det får medisin, og kan trigge skadeleg pilleskepsis og pilleskam. Flesvig går i dag på medisin, noko han ikkje nevner i boka! Og dei fleste vil tenke at Flesvig også i dag er ganske mykje seg sjølv.

    Eg er dog veldig einig i dette: «Der Rundes fagbok kan forklare noe av hva som skjer inni hodet, viser biografien fra Hermans barndom hvilke utslag det kan gi blant annet i klasserommet. Begge disse bøkene blir bedre av å leses sammen.» Med unntak av det visuelle ved forfattarintroen (som eg ikkje har tenkt på, og som eitrandes nok er heilt rett) er kritikken stort sett mot ting eg HAR tenkt på. Sånn som å sette litt heftige ting i lita skrift, nettopp for å virke «avdramatiserande».

    Uansett fryder det meg å bli lest av nokon som er så observant. Fjeldberg avsluttar heldigvis eintydig positivt: «Best er det nok om voksne og barn leser Øystein Rundes ADHD sammen. Nøkkelen til størst leseutbytte ligger i et lesefelleskap med rom for å knytte egne erfaringer til alt denne boka har å by på av viktige innsikter.»

    Etter-kritikk-kritikken-ord:

    Litt glad

    Å få kritikk i det heile tatt er sjeldan kost i dagens litteraturmarknad, og å få kritikk av ein så merittert skribent som Guri Fjeldberg er endå meir stas. Likevel måtte eg svelge litt då eg såg overskrifta, som altså var «Litt for diplomatisk om ADHD».

    Eg ante poenget som ville kome. Boka mi er forsiktig. Som Fjeldberg påpeiker i innleiinga si: «Etter at folk som selv bærer diagnosen har begynt å kreve definisjonsmakt, er det blitt vanskelig å forklare ADHD uten å fornærme noen. Likevel forsøker Øystein Runde å gjøre alle til lags. Faktisk har han så mange hensyn å ta i denne ADHD-tegneserien at det blir urettferdig å sammenligne med hans to tidligere suksesser Stamceller (Gyldendal, 2017) og Antibiotika (Humanist, 2022) – selv om de alle er skrevet over samme lesten.»

    Det er heilt rett – ho forstår problemet mitt, men ho ønskjer at eg hadde løyst det på ein annan måte. Eg føler at ho saknar at eg skriv med litt meir krutt i nevane. Bøker er ofte artigast å lese når dei tek litt i (dette er truleg forklaringa på suksessen til dei forskingsmessig elendige «omgitt av psykopater»-bøkene).

    Samstundes stussar eg over formuleringa «kreve definisjonsmakt» og «fornærme noen». Saknar Fjeldberg tida då vi fekk trampe meir rundt i salaten utan at nokon sa frå? Er dei berre «fornærma», altså emosjonelle, dei som har diagnosen og seier frå? Er det vi andre som har objektivt rett, men må jenke oss fordi dei diagnostiserte syter og klagar utan at det har hold i forsking? Det er litt sånn formuleringa kjennast.

    Forskaren eg brukar mest, Russell Barkley, er forskaren flest folk med ADHD har anbefalt meg å bruke. Barkley er pensjonert, men tvillingbror hans hadde truleg udiagnostisert ADHD og køyrde inn i ein fjellvegg. Barkley har altså både genetikk, empati og eit personleg hevnmotiv på plass i sin kamp mot ADHD. Det vart litt mykje Barkley og eg kunne godt brukt fleire norske forskarar i boka, men eg var også redd det skulle verte veldig mange namn og nyansar for dei potensielt ti år gamle lesarane, og vrient å vite kven av folka eg nevnte dei burde oppsøke.

    Mine motiv for å vere forsiktig er uansett ikkje at eg er redd for bråk. Bråk er bra (og selger bøker). Mi forsiktigheit har stamma frå at lesarane mine er barn.

    Kunsten å ta hardt i

    CV-en min er full av andre bøker som ikkje held igjen, så eg trur ikkje nokon mistenker meg for å vere pysete på eigne vegne. Men eg var ekstra varsam med ADHD-boka. Boka skal formidle både at ADHD-diagnosen er alvorleg, men også at alle som har ADHD har grunn til optimisme om framtida.

    Denne typen både-og butta eg borti i heile prosessen. Det er ei bok om ein alvorleg tilstand, retta mot sårbare barn som har tilstanden, men som også skal formidle korrekt informasjon til andre som les boka. Eg vil langt heller bli kritisert for å vere for forsiktig i ein sånn situasjon, enn alternativet.

    Det å aldri klemme til skikkeleg kan opplevast frustrerande for ein estetikar (både ein estetikar som skriv, og ein estetikar som les). Men det måtte til, i dette tilfellet. Også fordi virkeligheta ikkje er så bombastisk når det gjeld denne diagnosen. For nokre er ADHD bokstaveleg tala ein dødsdom (sterk ADHD kan i snitt forkorte livet ditt med 15 år, jfr Barkley). For andre er det ein litt brysom ting som er ein integrert del av kven dei er, og som dei aldri ville vore forutan. Begge delar er sant, begge delar er ADHD.

    Men til eit barn med ADHD – ein diagnose som gjer deg dårlegare i stand til å balansere input – kan eg ikkje seie dette heller. Ikkje så konkret. Fordi det alltid er ei fare for at barnet hugsar berre det negative, og fortrenger det positive.

    Ammunisjon for mobbarar

    Både tekst og teikning måtte innehalde korrekt informasjon, men også ikkje gi mobbarar noko å henge seg opp i. Når eg ikkje alltid kunne spisse formuleringane, måtte teikningane gjere jobben med å gjere ting minneverdige.

    Teikninga av steinaldermennesket som flyktar frå ein sabeltiger, er teiknemessig lagt mykje flid i, fordi den skildrar noko positivt ved ADHD og eg difor håper den skal lagre seg ekstra sterkt i lesaren sin hjerne. Men eg jobba også omvendt.

    Eg tok bort kule teikninger frå «negative» seksjoner av boka, fordi dei gjorde for sterkt inntrykk og kom til å bli for minneverdige. Eg fargela voksen-seksjonen i kun lyse blåtonar, eit gørrkjedeleg val, fordi eg ikkje ville gjere den for sterk i barne-lesarane sitt sinn (men eg ville at informasjonen skulle vere med i boka).

    Eg forventar ikkje at kritikarar skal tru på meg når eg seier at eg tidvis har valgt ukulhet som ein strategi for å gjere visse bitar informasjon mindre kraftfull, men … eg har det. Og eg meiner det er rett å gjere. Serien min om antibiotikaresistente bakteriar har blitt lesen av seksåringar, noko som er ein slags magisk triumf for teikneseriemediet sin del, men det gjer meg også veldig glad for at boka ikkje konkret viser korleis det ser ut når eit menneske døyr av resistent lungebetennelse.

    Fem år tapt

    ADHD-boka skal kunne lesast av alle, utan å traumatisere dei (mine meir traumatiserande teikneseriar, Margarin, Soga om Olav Sleggja og Berserk finst på ditt lokale bibliotek.) Hovudmålgruppa er likevel eit barn på ti år med ADHD. Boka skal vere nyttig, og eg er veldig klar for feedback så eg kan oppdatere nye opplag og gjere den maksimalt nyttig.

    Men til det bruk må eg ha fagleg sterk kritikk! Kva er kilda til at bærplukkings-eksperimentet i boka mi er tvilsomt? (Fjeldberg kan seie eg har handplukka det, fordi vi veit om veldig mange eksperiment som viser at ADHD er negativt, men det er ikkje det same. Eg føler boka mi ikkje skjuler at dette berre er eitt eksperiment, men Fjeldberg kan argumentere for at ein tiåring ikkje vil kunne skjelne denne nyansen.)

    Og kvifor nemner ikkje Fjeldberg med eit ord at Flesvig si bok forsterkar stereotypien om kreative, støyande gutar som fasiten for korleis ADHD ser ut? Nettopp denne stereotypen går eg i strupen på heilt frå starten av boka mi, fordi det er livsviktig å bli kvitt den. Jenter med ADHD får diagnosen sin i snitt fem år seinare enn gutar, fordi symptoma visast annleis. Det er fem år med utdanning og sosialisering!

    Elefanten i hjernen: Medisinering

    Så er det poenget med at eg har skrivi med små bokstavar at forskinga tyder på at ein bør starte med medisin så tidleg som mogleg. Den stikk litt, fordi … det er noko i Fjeldberg sin frustrasjon her. Eg visste kva forskinga sa: Starte med medisin tidleg gir i gjennomsnitt best sluttresultat. Dette sjokkerte meg då eg lærte det, fordi eg ikkje intuitivt går rundt og tenker at amfetaminpreparat og barn er ein topp kombinasjon.

    Men eg lærte etter kvart også om alle nyansane. Barn som ikkje reagerer bra på medisinen. Barn som aldri burde fått diagnose og medisin. (Levande døme på dette er min teiknekollega Martin Mentzoni, som ser ut som inkarnasjonen av ADHD bortsett frå at han ikkje har det.)

    Eg kunne ikkje bruke fire sider på nyansering av dette punktet i boka. Eg såg ikkje heilt for meg at tiåringen som les boka var så interessert i alle nyansene heller. Eg ville seie at tidleg medisinering er positivt i gjennomsnitt, men ikkje seie det for bombastisk, for lesarane mine er individuelle og har individuelle liv (og individuelle fysiske responsar på medisin). Løysinga vart å seie det med litt sånne feige små bokstavar, på ein måte som var litt demonstrativ «ikkje sjå på meg». Det funka mot sin hensikt, kanskje, i og med at vi no snakkar om det … eller kanskje det er akkurat den typen lav stemme som folk legg merke til?

    (Forsking viser også at å systematisk prøve to ulike medisinar gir 30 % betre slutt-utfall, noko eg også leitte lenge etter å få med i boka, men aldri fekk til å smette inn. No ser du det her.)

    Trass alt knotet mitt, og faren for heilt ekte kritikk frå folk som hadde sett barnet sitt bli forandra av medisin, ville eg at dette med barn og medisin skulle stå i boka. For ein så uintuitiv påstand må med. Spesielt når ei lita gruppe (fem) norske legar no stadig vekk går ut i Klassekampen og Aftenposten og sprer pilleskam ved å samanlikne ADHD-medisinar med å bruke anabole steroider (!!!).

    Eg forstår intensjonen deira – medisin må kome saman med terapi som bygger gode stiar i hjernen, ikkje aleine som ein «quick fix». Men eg, og mange forskarar eg har prata med, meiner at motstanden deira mot piller kjem ut i ei form som er for bombastisk og difor skadeleg.

    Vi menneske er mykje betre til å hugse ting når frykt-systemet er aktivert enn elles. Det er difor medisinerings-skepsisen i Flesvig si bok blir meir potensielt skadeleg enn ein skulle tru. Prinsippet i legekunsten er «do no harm» og det er lett å tenke at «ikkje gi medisin» difor er eit betre utgangspunkt enn «gi medisin».

    Dei om det, men vi som lagar bøker om diagnoser må også følge prinsippet «do no harm». For forfattarar er det tryggast å skremme og mykje farlegare å anbefale … men det betyr ikkje at dette er rett. Skremming kan føre til meir skade. For meg som forfattar vart paradokset at «do no harm» forplikta meg til å vere ei motvekt til all skremselspropagandaen.

    Øystein Runde

    f. 1979. Teikneserieskapar, forfattar og podkastmakar. Dei siste åra har han drive med faktaformidling i form av bøker, om temaa stamceller, antibiotika og ADHD. I fire år var han leiar for Grafill Tegneserie, og han er framleis tilhengar av fagorganisering og betre vilkår for teikneserieskaparar.