Eventyrboka

Boktittel: Eventyrboka. Nynorske forteljingar
Forfatter: 19 ulike forfattere
Illustratør: Erna Osland, Einar Økland, Stein Lund Eriksen, Ingelinn Røssland m. fl.
Oversetter: Gunvor Rasmussen
Forlag: Skald
Årstall: 2009
Antall sider: 224
KVAPSERUMPER, TRAMPTROLL OG FABBEPILTAR Gunvor Rasmussens nyskapande visuelle univers veg opp for svake sider i
KVAPSERUMPER, TRAMPTROLL OG FABBEPILTAR
Gunvor Rasmussens nyskapande visuelle univers veg opp for svake sider i samlinga av nynorske forteljingar eigna til å lese høgt.
”Ny tider treng nye eventyr,” sa Erna Osland under lanseringa, og det har ho rett i. I eit slikt perspektiv er det litt uheldig at 15 av dei 19 eventyra i denne samlinga like godt kunne vore skrive for minst femten år sidan. Sjølsagt er det slik at dei fleste eventyr har andre oppgåver enn å spegle tidsånda, men det er ikkje til å kome frå at rekvisittar som garasjeportopnarar og Playstation 3 bidreg med ein stor del av moroa i denne boka. Hovudmålet med samlinga ser ut til å vere å møte behovet for fleire nynorske forteljingar eigna til høgtlesing, på same måte som forløparen Godnattboka frå 2007. Då får ein kan hende sjå litt stort på at nokre av forteljingane ikkje heilt fyller definisjonen på eventyr og heller vere glad for at Skald forlag klarer å samle så mange av dei beste forfattarane for barn.
Stor ære til illustratøren
Illustratør Gunvor Rasmussen skal ha ein stor del av æra for underhaldningsverdien. Ein litt krøllete pennestrek og akvarellmåling gir eit gjennomført særpreg som det er vanskeleg å stille seg likegyldig til. Figurane til Rasmussen har tomme auge og får dermed ei rar form for sjarme. I Godnattboka introduserte ho desse dokke-aktige skapningane med blanda resultat. No har ho fått plass til å utfalde seg på kvart einaste oppslag og verkeleg sluppe seg laus. Der Terje Hellesen lar ei mor gløyme att dottera i Serengeti nasjonalpark, har Rasmussen supplert fjærprakta til flamingoen med perlekjede og høghelte sko. Der Erna Osland introduserer ein skulegut som ikkje kjenner seg stor meir verd enn boss, er alle skikkelsane skrudd saman av skrot. Og der Jon Hjørnevik freistar å få den dataglade helten til å målbinde prinsessa, er friarferda illustrert som eit dataspel. For ikkje å gløyme muggedásen, auromen og langbrautaren til Karl Seglem som jo stiller illustratøren heilt fritt. Det krev mot å tolke og dikte med, og iblant kan nok utslaga bli litt ekstreme, men denne kreativiteten er meir original enn det meste av tekstmaterialet.
”Set up og pay off”
Eg stussar litt over å møte så velformulerte tekstar og likevel sitje att med inntrykket av at mange av dei har fått for liten motstand. I ”Torneprinsen” introduserer Ingelin Røssland ei dronning og ein konge slik: ”Dei elska kvarandre så høgt at landet rista og isen knaka, men likevel kom det ingen barn.” Dronninga kan ikkje få barn fordi ho ikkje tillèt at nokon hoppar i senga, og ingen vil vel bli fødd på ein så trist stad. Her ligg det med andre ord an til at dronninga må kvitte seg med ank og uro. Kvifor handlar resten av eventyret då om den svakelege guten som blir fødd og ikkje om dronninga?
Likeins sørgjer Stein Erik Lunde for at yngstebror Sigbjørn vinn den likeglade prinsessa gjennom fløytespel som får henne til å le og målekunst som får henne til å gråte. Kvifor presiserer teksten at ingen veit kva ho tenkte på når ho lo og gret? Kvifor får vi heller ikkje vite kva for vers Sigbjørn skriv i handa hennar som får auga til å gneistre? Slike spørsmål stiller eg meg til svært mange av desse eventyra. Kan hende er dette eksempel på medvite brot med forventningane til eventyrforma, men mange av elementa i tekstane er dårleg utnytta til å gi maksimal utteljing hos lesaren.
Konservativ moral
Både tekstane som er inspirert av kjende eventyr og dei meir frittståande bidraga stadfestar at eventyr stort sett er ei konservativ kunstform som feirar den heteroseksuell kjærleiken og serverer ein moral som dei vaksne lett kan nikke samtykkande til. Karl Seglem minner om kor viktig det er å vere takksam. Katrine Sele fortel at sorg er ei gåve fordi den gjer oss i stand til å sjå andre som har det vondt. Bente Bing Kleiva er vel ikkje spesielt radikal når ho poengterer at sjølv ikkje kongar og dronningar skal velje partnarar for barna sine – ”det er berre i eventyra”. I vår prinsesse-inspirerte verd kan eg òg skjøne freistinga til å demonstrere at jåleri straffar seg. Både Ingunn E. Wiken og Marita Liabø har levert fine eventyr, men om ein ser dei samla og med sosiologiske heller enn litterære briller, då er det påfallande at det å vere jålete og pyntesjuk
blir framstilt som det motsette av sjølvstende og handlekraft.. Denne typen feminisme stammar frå 70-talet, lenge før Kari Trå stilte i bunad når ho hoppa i fallskjerm på 17. mai.
Lykkeleg slutt
No hjelper det både på det konservative preget og på poeng som ikkje er optimalt utnytta at nokre av påhitta er svært så oppfinnsame. Ein er nøydd til å bli glad når kvapsen og nokre fabbepiltar tek innesvingen på langbrautaren. Samlinga borgar for nokre gode lesetunder, alt etter kva ein likar best. Rett nok er ingen av forteljingane av ei slik klasse at dei hamnar blant favorittane eg trekkjer ut av hylla for å glede nokon ved høgtidelege høve, likevel er eg glad for Eventyrboka som for Godnattboka. Aller mest glad er eg for at Skald forlag med desse bøkene sørgjer for at forfattarar som Einar Økland framleis held seg produktive.