Filosofiske flokk-forteljingar

Boktittel: Flokken
Forfatter: Kari Stai
Illustratør: Kari Stai
Forlag: Samlaget
Årstall: 2025
Antall sider: 131
Sjanger: Forteljingar
Å vere seg sjølv kan vere vanskeleg nok, og det er ikkje alltid lett å vere i lag med andre heller. Kari Stai si nye bok om tiåringen Juri utforskar på ein god måte grensene mellom individualitet og fellesskap.
Å ha ein flokk har vorte ei greie. Ei viktig greie, får ein inntrykk av. Ein høyrer og les stadig om folk som snakkar om flokken sin, og då meiner dei gjerne den næraste familien og nokre gode vener. Kanskje skapar alt dette pratet om flokken eit press, kan hende òg ei kjensle av utanforskap hos einskilde. Må ein verkeleg ha ein slik tett og nær flokk? Og korleis held ein seg til flokk-omgrepet når ein er eit barn? Akkurat det skriv Kari Stai om i den nyaste boka si som heiter – ja, Flokken. I boka treffer vi tiåringen Juri, som på ulike vis vert konfrontert med det å vere i flokk, vere lik nokon, og samstundes vere seg sjølv og litt annleis. Stai har skapt eit tekstunivers som får det til å kjennast trygt å vere med på Juri si utforsking av fellesskap og utanforskap. Nokre gongar kan det by på ubehagelege opplevingar, undring og uvisse for Juri, men han landar alltid på beina.

Ein fin høgtlesingsbok
Fyrste gongen vi les om Juri, er i boka Passe happy frå 2021. Sjølv om boka handlar om litt for mange ulike tema og ikkje behandlar nokon av dei særleg djupt, blir vi godt kjente med Juri. Historia er fortalt frå hans synsvinkel, og han er ein gut med mange tankar og kjensler. Juri prøver å finne ut kven han er, kva han vil, og om det andre fortel han om livet, faktisk stemmer. Når vi no treffer Juri på nytt, er det greitt å kjenne han litt frå før. For sjølv om Flokken er ein frittståande oppfølgjar, så kan Passe happy vere eit nyttig bakteppe når ein gyv laus på andre boka.
Sjølv om karakterar og miljø er dei same i begge bøkene, har Stai valt ei litt anna form på oppfølgjarboka. Passe happy er skriven som ein tradisjonell roman med ulike kapittel, der det heile heng saman i ei lang forteljing. Flokken er derimot komponert av ti ulike, avslutta forteljingar eller episodar frå Juri sitt kvardagsliv. Vi får til dømes følgje med Juri på venterommet hos tannlegen, han er med når mora besøker gamle tante Asta på gamleheimen, han lagar sprell i eit bryllaup, og han får ein ny ven i klassen. Dei fleste forteljingane har nokre lause trådar som ikkje vert følgde opp i dei andre forteljingane, og dette er nok eit medvite grep frå forfattaren si side. Då må lesaren tenkje sjølv og fylle ut historiene, og det er ikkje så dumt. Sidan den episodiske forma på boka gjer ho fin som høgtlesingsbok i klasserommet eller i sofakroken, kan ein jo òg snakke saman, born og vaksne, om kva ein trur vil hende der det ikkje vert fortalt noko.

Ting å undre seg over
Det er ikkje berre den overordna komposisjonen av boka som er ny i denne oppfølgjaren. Språket og tekstforma er òg annleis. Medan teksten i Passe happy flyt av garde, og følgjer den stadige tankestraumen til Juri, er setningane meir korthogde i Flokken. Det kler dei korte forteljingane, men skapar òg ein distanse til Juri og det som skjer. Teksten er på eit vis ikkje så mjuk, og det korthogde språket slepp ikkje lesaren heilt inn. Ein kjenner litt ekstra på det når ein har lese den fyrste boka.
Som heilskap er Flokken fin lesing, og boka opplevest, paradoksalt nok, som ganske heilskapleg, trass i den episodiske forma. Det er fordi forteljingane på ulike vis seier noko om det å vere ein, særleg det å være Juri, og det å vere fleire: Kven er flokken vår, og må flokken vere stor? Kva skjer om vi ikkje har ein flokk? Korleis kan vi hjelpe kvarandre til å kjenne oss mindre åleine? Juri er ein grei, filosofisk og kjenslevar gut som skjønar at det er viktig å vere inkluderande. I ei av historiene finn han ut at han skal smile til alle han møter, og i ei anna søker han kontakt med den nye guten i klassen fordi han er så stille og trekker seg attende. Men Juri er òg ein gut som skjønar at han kanskje er litt annleis, at han tenkjer, seier og gjer ting som ikkje dei andre borna gjer. Juri matar til dømes ein fugl med banan, og han dreg ut i skogen for finne ut kva som er i ein mystisk plastpose som heng i eit tre. Dersom ein sosial situasjon vert for krevjande, går han på do, enten for å kaste opp, eller berre for å vere der. For han tenkjer: «Ingenting kan gå gale når ein er på do». Men Juri er no eingong seg sjølv, og heile tida finn han ut meir om kven akkurat han er.

Illustrasjonar som utfordrar auget
Kari Stai er både forfattar og illustratør, og bøkene om Juri er illustrerte i svart-kvitt. I Stai sine velkjente bøker om Jakob og Neikob er det visuelle uttrykket grafisk og glatt, medan i bøkene om Juri er illustrasjonane uvørne i forma og meir avanserte i uttrykket. Stai utfordrar dei unge lesarauga med til dømes å teikne andlet med fleire andlet inni, eller fleire hovud oppå kvarandre. Det er ikkje så enkelt å sjå kva som er teikna i alle illustrasjonane heller, ved fyrste augnekastet. Både i Passe happy og Flokken har Stai handteikna illustrasjonane med svart filtpenn. I Flokken har ho i nokre av illustrasjonane lagt inn element frå grafiske flater som er lagt inn digitalt. Difor er dei visuelle uttrykka i dei to bøkene litt ulike, og dette understrekar at dei både høyrer saman og står stødig kvar for seg.