Frå ketsjup til Kafka

Frå ketsjup til Kafka

Eit forsøk på å forstå kvalitet i barne- og ungdomslitteratur.

Det bles godt i litteraturmiljøet om dagen, noko som er godt nytt for dei av oss som synest det kan bli litt vel mykje politikk og for lite poetikk i media. Særleg konflikten mellom Den norske Forfatterforening og Forfatterforbundet har fått mykje merksemd. Det er ikkje kvardagskost med open konflikt mellom forfattarar i NRKs Debatten, og sjølv om det spetakkelet kanskje ikkje var eit retorisk høgdepunkt, seier det likevel noko om at litteratur framleis kan setje dagsorden, om enn ikkje slik poetokratiet på slutten av 1800-talet gjorde det. Skjer ein det ned til beinet handlar debatten om det vanskelege omgrepet kvalitet, særleg i fiksjonen, sjølv om akkurat kva det vil seie meir har blitt mumla enn spikra opp på kyrkjeveggen. Det heng kanskje saman med frykta for å bli stempla som elitist, eller som Anne Holt sa i Debatten, ein snobb; noko av det verste som kan skje med ein nordmann.

Draumen me ber på

Denne berøringsangsten er ikkje mindre når me ser på barne- og ungdomslitteraturen. Så lenge barn og ungdom les, skal me prise oss lukkelege! Barn treng litteratur for å utvikle språk, fantasi og empati, og dei treng mengdetrening for å bli gode lesarar. Då er det kanskje ikkje så farleg om det dei les kan bli oppfatta som kvalitativt dårleg. Barnet må få velje bøker ut frå interesse, om det er fotballbiografiar, bøker basert på TV-seriar eller andre ting, utan at dei vaksne set grenser for dei.

Maleri av Shakespeare.
Hugs: FØRST «Sagaen om isfolket», SÅ Shakespeare. Måleri: William John Taylor 1611. National Portrait Gallery, UK. Kjelde: Wikimedia Commons

Å ta frå barnet gleda over å velje bøker sjølv er snobberi og toskeskap, seier forfattaren Neil Gaiman. Ifølgje han finst det faktisk ikkje dårlege barne- og ungdomsbøker, fordi alle barn er ulike og har ulike interesser og behov. Gaiman tilhøyrer dimed leiren som deler ein idé om at lesaren utviklar seg frå Fantus til Flaubert, frå Sagaen om Isfolket til Shakespeare; som ser litteraturen som eit gateway drug. Dess meir ein les, dess meir litteratur vil ein ha, og til slutt finn ein kanskje vegen inn i den opphøgde Litteraturen. «Ingen begynner med å lese Jon Fosse», seier Anne Holt til Aftenposten. «Folk begynner med å lese Tassen, og så får vi håpe at det går videre derfra». Det er i alle fall den draumen.

Drep meg herre konge, men ikkje med graut

Men å lene seg på ein draum er kanskje ikkje heilt formålstenleg. Går vegen til foie gras gjennom mengder av ketsjupdynka Grandiosa? Barnebokforfattaren Clementine Beuvais hevdar at lesing av sofistikert, utfordrande barnelitteratur krev ei estetisk tilnærming som er diametralt motsett av det som blir kultivert av det ho kallar «trashy literature»». Motstandarar av gateway-teorien meiner altså at barn og unge som les friksjonslaus litteratur med flatt språk, svak karakterutvikling og generisk handling berre vil ha meir av det same når dei blir eldre. Det er ikkje den litterære kvaliteten som driv lesaren framover, men dopaminet som blir utløyst av det enkle, dramatiske og motstandslause. Ketsjup avlar meir ketsjup. Salslistene over skjønnlitteratur for vaksne kan delvis stadfeste dette. Det er fleire som vil ha Jojo Moyes og Valérie Perrin enn Jon Fosse, for å seie det sånn.

Kva er god barne- og ungdomslitteratur?

Det finst eigentleg ingen objektive kriterium for å slå fast om kunst er av høg eller lav kvalitet, men dei fleste har ei formeining om kva det inneber likevel. Det må vere noko med språket, stilen og innhaldet som rører ved lesaren, som vippar henne av pinnen. Noko ho opplever som skilsetjande, kanskje?

For C. S. Lewis var det tre måtar å skrive for barn på. Ein kan skrive bøker ein trur barn vil ha, proppa fulle av sjørøvarar, einhyrningar og regnbogar. Eit slikt algoritmisk, marknadsstyrt utgangspunkt vil ikkje gagne litteraturen eller barnet; forfattaren kan lesse på med så mykje prompe- og bæsjehumor ho vil, men den unge lesaren gjennomskodar henne.

Illustrasjon fra "Ole Brumm", hvor det står på et skilt at han har oppdaget Nordpolen.
Ole Brumm. Ein liten bjørn i skogen. Illustrasjon: Ernest Howard Shepard, 1926. Kjelde: Wikimedia Commons

Skriv ein derimot til eit barn, slik Lewis Carroll eller A. A. Milne gjorde med høvesvis Alice i eventyrland og Ole Brumm, er det noko anna. Då kjenner forfattaren barnet og veit kva slags forteljing barnet ønskjer seg. Av nyare bøker er Musse & Helium-bøkene eit døme på det første, og Harry Potter-bøkene (i alle fall dei tidlege) eit døme på det siste. Den tredje og beste, i følgje Lewis, måten å skrive for barn på, er å skrive ei barneforteljing fordi ei barneforteljing er den beste kunstforma for det du har å seie. Ei slik bok vil kunne bli lesen og gjenlesen uansett alder. Ei barnebok som berre blir sett pris på av eit barn, seier han, er ei dårleg barnebok, lik ein vals du berre likar medan du dansar valsen.

Ei slik vurdering av litteratur for barn og unge løyser spørsmålet om kvalitet på ein enkel måte, utan å ta omsyn til den språklege sida. For Lewis er motivasjonen bak forfattargjerninga det sentrale; den litterære kvaliteten følgjer av intensjonen. Såleis har han meir til felles med den romantiske tanken om kunstnargeniet enn dei som ser på skrivinga som eit handverk. Det som er bra er alltid bra. Trass i denne litt arkaiske tankegangen, er kriteria anvendelege i dag. Svogerforsking frå min eigen heim viser i alle fall at dei bøkene den vaksne og barnet set pris på saman, er dei bøkene som oftast blir gjenlesne, og at Camilla Brincks forsøk på å tekkast barnet med promping i Musse & Helium-serien oftast blir møtt med passivitet. Eit ekte ønskje om formidling frå forfattaren si side blir oftare god litteratur enn innbilt service og design, slik ein ofte finn i den kommersielle serielitteraturen for barn og unge.

Korrelasjon og kausalitet

Av dei ti mest lånte barnebøkene ved Deichman i 2023, var seks av dei Detektivbyrå nr. 2-bøker, tre i serien Håndbok for superhelter, og ei bok frå Bjørn F. Rørvik og Gry Moursunds Bukkene Bruse-serie. Utan å diskreditere desse forfattarane, er det tydeleg at det er seriar kidsa vil ha. Likevel kan ein ane ein korrelasjon mellom C.S. Lewis’ «dårlege litteratur» og utlånsstatistikken. Spørsmålet er om det er eit problem. Heldigvis har me litteraturkritikken og foreininga Norske Barne- og Ungdomsforfattere (NBU) til å hjelpe oss med dette.

På årsmøtet til Den Norske Forfatterforeningen i år stod Herbjørg Wassmo på talarstolen og sa at «… vi som forsvarer diktekunsten etter kvalitet, vi skal aldri skamme oss over det». Leve eliten! Men kva gjer no eigentleg ein forelder som ønskjer at barnet skal prøve seg på noko anna enn nok ei seriebok om ein skule for einhyrningfrelste jenter med prinsesseambisjonar? Me let henne lese, sjølvsagt; me skal ikkje drepe lesegleda heller. På same måte som me prøver å tilby noko anna enn ketsjup i kosthaldet har me likevel eit ansvar, nei, ei plikt til å hjelpe dei med å finne litteratur som kan gi meir næring. Så lenge dei les er alt greitt? Ja, så lenge dei les er dei framleis opne for å bli varsamt rettleia vidare av ein vaksen vind til dei ei morgonstund glid inn på ein våg dei ikkje har visst um.

Bannerbilde: Foto: Nils Hedenstierna. Kilde: Wikimedia Commons

Dei opphavlege illustrasjonane til saka er fjerna, etter KI-diskusjon.

Asle Sætre

Fødd 1978. 15 års erfaring som norsklærar på vidaregåande trinn. Jobbar på Fyllingsdalen videregående skole og er teikneseriemeldar for webtidsskriftet Serienett. BA i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen og held på med ein mastergrad om sjølvbiografiske teikneseriar.