Frå Tinder-deit til traume

Boktittel: Sytten, snart atten
Forfatter: Andrea Rudland Haave
Forlag: Samlaget
Årstall: 2025
Antall sider: 163
Sjanger: Ungdomsroman
Å hamne i ein destruktiv relasjon er ikkje så uvanleg som ein skulle tru. Andrea Rudland Haave gjer ein solid debut med ein ungdomsroman om eit vanskeleg, men viktig, tema.
Unge som er ute på sjekkemarknaden no om dagen, er godt kjente med omgrepet red flags – det vil seie eigenskapar eller sider ved den ein deitar som ein skal sjå opp for. I ein del tilfelle er det litt tullete ting som at personen brukar stygge sko, likar dårleg musikk eller kjem frå feil kant av byen. Andre raude flagg er langt viktigare å notere seg. For kva om den du deitar plutseleg forsvinn og så kjem attende utan noka forklåring? Eller krev å få sjå innhaldet på telefonen din, og kanskje ber om passordet ditt? Eller kva om kjærasten din byrjar å snakke nedsetjande om deg? Ja, då har du hamna i en alvorleg situasjon som det er best å kome seg ut av så raskt som råd er. Andrea Rudland Haave debuterer med ungdomsromanen om Mia på sytten (snart atten) år, som hamnar i ein slik destruktiv relasjon. Det er ein solid debut.
Snill, morosam og veldig kjekk
Det tek likevel ei stund før romanen verkeleg byrjar å fungere. I den fyrste delen av boka les vi om korleis Mia treffer ein eldre, ikkje namngjeven mann, via Tinder. Ho beskriv han som «annleis», «snill, morosam og veldig kjekk», og Mia sin fascinasjon for og forelsking i denne mannen vert skildra på klisjéfylt vis. Men forelskingar er vel helst fulle av klisjéar? Mia vert òg framstilt som ei ung jente i ein sårbar situasjon. Faren hennar har forlate ho og mora, og mora slit med psykiske problem av ein uklår art. Romanen legg opp til at Mia er ein allereie skadeskoten karakter som kan vere eit lett bytte for ein mann med dårlege hensikter. Det vert litt for enkelt og føreseieleg, men det gir i det minste eit hint om at folk som vil utnytte andre, ofte speler på svakheitene deira.
Det er fyrst når relasjonen mellom Mia og den eldre mannen utviklar seg og vert meir komplisert at romanen får ein interessant dynamikk. Dei to har ikkje kjent kvarandre lenge før han vil at Mia skal flytte inn til han. Som den forelska tenåringen ho er, tenkjer Mia at det er ein fin og vaksen ting å gjere. Så når han like etterpå ikkje vil feire jul eller nyttår med ho, men heller seier at han skal lage jul for folk som slit, har Mia framleis ikkje byrja trekkje forklåringane hans i tvil. Men etter kvart endrar han seg, og det gjer òg Mia si oppfatning av den ein gong så snille, morosame og kjekke mannen. Heldigvis er ikkje Mia heilt utan god støtte og gode evner: Venninna Karla skal vise seg å vere ein verkeleg god ven, sjølv om Mia sviktar ho for den eldre kjærasten. Mia skriv dessutan dikt, og det skal opne dører for ho på ein måte som ho knapt hadde våga tru på.
Eit dramatisk vendepunkt
Handlinga når eit verkeleg dramatisk høgdepunkt før Mia skjønar kva det er som går føre seg. Utan å røpe kva som skjer, opplevast dette vendepunktet meir som eit dramaturgisk grep for å stramme til konflikten, enn som ei heilt truverdig vending. Men forfattaren skal ha ros for å skildre den turbulente situasjonen Mia er i på ein ganske udramatisk og samansett måte. Haave har bakgrunn som skodespelar og lydbokinnlesar, og teksten er skriven på ein måte som er lett og til tider munnleg. Det gjer teksten «nedpå» i stilen. Derfor tar ikkje den dramatiske historia heilt av, og det gjer ho meir truverdig. Haave får òg fram den gradvise innsikta som Mia får om forholdet på ein medrivande måte, og utfallet av situasjonen ho har hamna i, kjennest aldri føreseieleg. Mia er eg-forteljar i boka, og lesaren kjem så tett på det som skjer i Mia sitt hovud at det er som om ein opplever og utviklar seg saman med ho.
Sytten, snart atten er ei viktig bok. Det er nok fleire enn ein skulle tru som har vore i forhold som på eit eller anna vis har vore destruktive. Dei fleste som vil ha ein kjærast, vil òg ha eit forhold som kjennest trygt og fint, men det er ikkje alltid at ting vert slik ein hadde tenkt og håpa. Å vere obs på teikna, jamvel dei små, på at noko ikkje er som det skal, er ein god ting. Og Sytten, snart atten kan gi ei nyttig innsikt i kva ein skal vere merksam på, og gir ei von om at det er mogleg å kome seg ut av ein vond og vanskeleg relasjon.