Fri flyt i løypa

Fri flyt i løypa

Boktittel: Den finaste historia

Forfatter: Brynjulf Jung Tjønn

Forlag: Cappelen Damm

Årstall: 2016

Antall sider: 48

Den finaste historia er ei draumebok der den verkelege og vanskelege omverda lurer seg inn mellom linjene.

Ein må vel kunne seie – i alle fall med eit skeivt smil – at ein legg lista høgt når ein kallar boka si for Den finaste historia. Det er godt dei er to om saka, tenkjer eg, når eg plukkar opp denne boka, som tidlegare Brageprisvinnar Brynjulf Jung Tjønn har skrive og Øyvind Torseter har illustrert. Og her er det litterære motet og den faglege tryggleiken lett å merke frå starten av: Historia tek til utan ord, ei jente klyv ut av eit vindauge og traskar gjennom snøen med attlatne auge før tempoet tek til og ho spring ut eller inn i natta, med strekar til hår, som strekk seg lenger og lenger ut for kvar side – ja, faktisk sluttar håret tilsynelatande aldri å vekse. «Kven er det som er ute og spring midt på natta?», spør teksten, og svarar med det same: «Jo, det er Vera.»

Friluft og fantasi

Rørslene i det flytande håret til Vera smittar over på den nattlege omverda. Bakken buktar seg frå side til side, ifølgje med den sovande, drøymande småjenta som vandrar vidare inn i skogen. Lesaren kan skimte skapningar under bakken, og eventyrlege skikkelsar og trolske fantasifigurar finn seg til rette i dette biletuniverset med største sjølvfølgje. I teksten er dei knapt nemnde med eit ord. Så brukar heller ikkje Jung Tjønn veldig mange ord, men han treff relativt godt med dei han brukar, sjølv om enkelte formuleringar kunne ha tent på tydelegare og sterkare litterær ladning. Nokre setningar verkar til dømes først poetiske, men mister raskt litt kraft når eg tenkjer meir på dei: «Salander kan puste så kinna er raude som lyngen i skogen».

 

DenFinasteHistoria_oppslag13

 

Ikkje for det, teksten er absolutt lada med meiningsrikdom. Den finaste historia er av slik karakter at når eg prøver å karakterisere den, blir det helst med ord som kan vere vanskeleg å skrive utan ein viss ironisk avstand: Poetisk og draumaktig, susande, svevande, vakker og var. Fantasien er i fri flyt, men til liks med håret til Vera går det ein tydeleg narrativ tråd gjennom forteljinga. Forfattar og illustratør har såleis ein viss kustus på lesaren, og dei mange tankespranga som han eller ho blir frista til å gjere. Den fundamentale barnelitterære strukturen, som går frå heimen, ut i verda og heim att, hjelper sjølvsagt også til å leie lesaren på veg. Dette minner meg om at også alpinistar i fri flyt har køyrt opp ei løype når dei køyrer i mål.

Draumebok

Vera er på veg til dammen ved åskammen, der ein nøkken-liknande skapning med namnet Syl lever. Det er Syl som fortel Verda den finaste historia, og når ho byrjar å fortelje, får lesaren ta meir og meir del i ei dramatisk hending som utvilsamt pregar Vera i dagleglivet utanfor draumevandringa. «Den finaste historia», blir det avslørt, er ei historie «der det skjer så mykje vondt, men går bra til slutt.» Til no har det vonde berre vore ymta om, og stemninga nærmar seg først det verkeleg vonde når fortida blir del av forteljinga og omverda pressar seg trugande inn: Syl fortel om ein gut i lyngen og at «Blålyset var som blinkande blåbær i måneskinet.»

 

DenFinasteHistoria_oppslag19

 

Det er Salander, broren til Vera, som ligg i lyngen, og Syl fortel om korleis han pusta liv i han. «Fort deg, […] bli ferdig med alt det vonde», tenkjer Vera. Redningshistoria blir verande temmeleg kryptisk, men eg trur likevel den er vond nok til å engasjere den unge lesaren. Dette er ei form for opnande, ekspanderande historieforteljing, og historia er vanskeleg å redusere. Lesaren byrjar i staden å stille spørsmål, lure på kva som har hendt – kva som er verkeleg og kva som er draum – og usikkerheita dette påfører lesaren er like verknadsfull som vanskeleg. Eit liknande grep finn eg i illustrasjonane, til dømes i måten årstidene er framstilt på. Dei flyt saman, og synest ofte å vere til stades alle saman samstundes. Heller ikkje vekslinga mellom lys og mørke synest å følgje vanleg logikk, og resultatet av alt dette er ei draumebok som balanserer fint mellom det urovekkjande og det trygge.

Denne boka er rett nok ikkje for alle. Det som for meg er lett svimlande, poetisk og augeopnande, kan truleg vere lettare ugjennomtrengjeleg for dei mest utolmodige barnelesarane. Likevel trur eg denne boka kan treffe dei fleste, og då kjem det sjølvsagt også an på den vaksne si evne til å formidle boka. Ein nærliggjande og enkel måte å ta fatt på den utfordringa på, er å ta tittelen på ordet og føreslå: Skal vi lese den finaste historia saman?

Kven kan seie nei til det?

 

DenFinasteHistoria_oppslag20

Eivind Myklebust