Frirom i bokform

Frirom i bokform

Boktittel: Tusen elgar i garasjen

Forfatter: Sigmund Løvåsen

Illustratør: Hilde Hodnefjeld

Forlag: Samlaget

Årstall: 2023

Antall sider: 45

Sjanger: Dikt

Sigmund Løvåsens diktunivers for barn er fritt fabulerande – og utan formaningar.

Tusen elgar i garasjen er ei diktsamling for barn, skriven av Sigmund Løvåsen og illustrert av Hilde Hodnefjeld. I boka peiker forfattaren på det store i det små, og freistar å kople saman jordnære kvardagsdetaljar til ein større heilskap. Resultatet er leikande lette dikt – som pratar saman.

Papirklipp av illustrasjon av juletre

Løvåsens dikt er opne og inviterande, og kva rekkjefølgje du les dikta i spelar heller inga rolle. Gjentakinga av nøkkelord som «pust», «elg» eller «juletre» gjer det enkelt å kople seg på kvar som helst.

Boka startar med ein slags brukarmanual, der forfattaren definerer boka som eit frirom – med «plass til deg». Kva har rugda felles med firfisla og sandkassa og dinosaurane, spør Løvåsen. «Jo, dei finst i denne boka». «Ei bok kan romme alt» hevdar han.

Den nemnde rugda får meir plass i boka, i diktet «Rugda» som alluderer til Tarjei Vesaas’ roman Fuglane. Også her handlar det om å lese teikn ut av fuglen. «Orrt-orrt-pst. Pst, sjå her seier ho».

Kartlegging av verda

Framsida av boka viser ein elg på vandring, med papirklipte teikningar av dyr, natur og gjenstandar svevande kring seg. Under han lyser ein globus på storleik med ei lita klinkekule; eit kosmisk landskap trer fram. Assosiasjonsrekkene i dikta spenner endå vidare enn illustrasjonane. Motivvalet er jordnært, som til dømes sommarfuglar og brødskiver med makrell, men ut i frå dette spring det kreative tankar kring (over)tru, trolldom, død og draumar.

Illustrasjon av troll og heks over barneseng

Nedst på framsida sym ein gut i småskulealder med eit glis om munnen. Slik sikrar illustratøren at barnelesaren får ein representativ figur å spegle seg i. Målgruppa for boka er 6–9 år.

Tittelen på boka – Tusen elgar i garasjen – viser til det sekstande diktet i boka som omhandlar forplantning. «Tenk kor mange elgar det ville bli om elgen var som ei løvetann» skriv forfattaren. «Oi, ville mamma og pappa seie».

Verselinjene har ei form og ein rytme som overraskar. Kva er til dømes koplinga mellom rabarbra og mareritt? Jo, den fonetiske nemninga. Ord og lydar avløyser kvarandre med uventa resultat. Endå meir avansert er som nemnd interaksjonen mellom dikta. Tematikken frå dei føregåande dikta forplantar seg stadig vidare til dei neste.

Illustrasjon av sommarfuglar

Tiss og krenking

«Om du må tisse, så er doen på innsida av bakre permen» står det innleiingsvis. Hodnefjeld bekrefter at dette stemmer ved å teikne inn ein do. Urin som verkemiddel har Løvåsen hatt med seg sidan debutromanen Nyryddinga (Samlaget, 2003). Verknaden er effektfull og sterk.

Forfattaren er ikkje spesielt ærbødig mot kristendommen når han spør om det «er tisset til Jesus du drikk?» I diktet «Hoggormen» tek forfattaren endatil for gitt at det finst fleire gudar enn den eine (treeinige guden) kristendommen tillèt. Hoggormen har gudane til Løvåsen skapt i foreinleg samarbeid, med svart tusj.

Løvåsen går også i rette med barnelitteraturen i diktet «Alle barn»: «Alle er forskjellige, men berre utanpå, heiter det i ein song». «Det er feil» skriv forfattaren. Løvåsen meiner det er anten «regnboge eller torevér der inne».

Illustrasjon av do med sommarfuglar

Ikkje høyr på dei vaksne

Diktet «Pust» formulerer ein kritikk av vaksenverdas forventningar til barnet. «Lær å skrive, lær å lese, lær å seie ja takk og nei takk og kondolerer, oppfør deg!» står det hermande i første verset. Pust, oppmodar forfattaren, og legg ei varsam hand over barnelesaren.

Diktet sluttar med ein refleksjon over kva ein risikerer å miste av opplevingar som vaksen. Årstidstemaet speglar livets siste fasar.

Ein vår gløymde eg å leite etter den første hestehoven.
Ein sommar gløymde eg å ete markjordbær.
Ein haust gløymde eg å bade i lauvet.
Ein vinter gløymde eg å byggje snømann.

Pusterom

Pust på ein sommarfugl, foreslår Løvåsen vidare i diktet «Sommarfuglen»: «Da tar han med seg alt det vonde og flyg sin veg». Her ser vi grunnen til at formgivaren Elisabeth Moseng har latt ei stipla linje lede an gjennom tekstane i boka. Strekane imiterer rørslene til sommarfuglane i boka. Hodnefjeld målar dei i all si prakt.

Egon Låstad

Født 1979. Kritiker, designer og kurator. BA i grafisk design fra UCA. Årsstudium i Arkivkunnskap fra UiO. Jurymedlem i Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok. Kritikerfadder for U-prisen. Prosjektleder for www.illustrertejulekort.no