Tittel: Ny melding
Tekst: Magnhild Bruheim
Forlag: Det Norske Samlaget
Årstall: 2003
Antall sider: 172

Frøken Detektiv på sms-eventyr

Magnhild Bruheim, skjåkvær busett på Lillehammer, frilansjournalist og kriminalforfattar, tek med seg røynslene sine frå vaksenkrimmen og byr på spenningslitteratur for ungdom i si nye bok,Ny melding. Tittelen på boka er vel ein av dei mest brukte frasane i livet til ein normal norsk skuleungdom, mobiltelefon-brukarane framfor nokon i dette landet. No er ikkje Magnhild Bruheim den første forfattaren som skjønt samanhangen mellom ungdom og sms, men ho er så vidt eg veit den første som lét mobiltelefonen spele hovudrolla i ei ungdomsbok.

Eg siterer frå baksideteksten: ”Kari-Marie, Kami blant venner, er forsvunnen. Venninna Bente er den siste som har høyrt frå henne. Ein sein kveld ringer Kami på veg heim frå bussen. Der er det også ein ukjend gut med. Snart begynner Bente å få tekstmeldingar. Er det Kami sjølv som sender dei, eller er det andre som bruker telefonen? Har ho rømt frivillig, eller blir ho halden som fange? I meldingane blir Bente bedt om å ikkje seia noko til andre. Ho vel å halde opplysningane for seg sjølv inntil vidare. Kort tid etter får ho sjansen til å finne ut av det på eiga hand. Det fører henne til Oslo og mange farlege situasjonar.”

Det er fjortisane si mini-verd Magnhild Bruheim tek seg inn i, ope og ærleg, men med den vaksne tilskodaren sitt blikk. Det er jentene som er opptekne av gutane og omvendt, det er keisam skulegang, det er kino, helgefest og kampen mot ”vrange” foreldre og urimelege klokkeslett for når ein må vere heime om kvelden. Det er grenseprøving mot det forbodne og det er alle dei vanskelege teikna som må tydast. Og bakom syng vaksenlivet, og når dei vaksne heller ikkje alltid ter seg som gode rollemodellar, då blir det lett konfliktar.

Dette har mange skrive om både godt og meiningsfylt tidlegare. Magnhild Bruheim går ikkje nye vegar i si bok, men satsar på ein formel som er velbrukt og som fungerer: Spenningsromanen eller detektivhistoria. Her møter vi enno ein gong den unge jenta som vel å ta saka i eigne hender. Ikkje fordi ho er tøff (jo, det er ho også), men fordi ho er redd for at det skal hende noko med venninna om ho går til politiet med det ho veit. Magnhild Bruheim etablerer i løpet av dei første kapitla alle stereotypane som må til: Eit offer (den forsvunne Kami), ein helt/heltinne (Bente), ein skurk (den mystiske guten på bussen), ein medhjelpar (venninna Martine), nokre hindringar (foreldra, politiet) og reisa mot det ukjende (turen til Oslo), med alt det inneber av overraskingar, spenning og nifse opplevingar i mørkret før harmoni blir oppretta igjen.

Slik sett fungerer historia godt på sine premissar, og eg vil tru mang ein 13-14-åring vil finne boka både truverdig og sann. Det er jo slike konfliktsituasjonar dei opplever sjølve, og då snakkar eg ikkje om jakt på skurkar, men om episodar der grensesettinga opplevast som problematisk. At nokon rømmer heimanfrå, er ein måte å takle det på, om ikkje alltid ein god løysing. Rein kvardagsrealisme, med andre ord. At boka også seier noko om konsekvensane av å tru blindt og ukritisk på dei som tilbyr alternativ til den keisame kvardagen, det vere seg tvilsamme politiske organisasjonar og mannlege portrettfotografar som i dette tilfellet, finn eg ikkje korkje moraliserande eller pedantisk, berre som ei vennleg åtvaring.

Men så var det dette med mobilen, då. Alle ungdommar sin venn. Men ein upåliteleg venn, som vi veit. Når du treng han som mest, så går batteriet tomt. Og når du får ei melding, kan du då vere sikker på at det er den du trur som sender den?



Skrevet av:
Kommentarer