Romanar om spesifikke problem som ungdom har i livet – med skule, vener og familie – har vorte ein gjengangar i ungdomslitteraturen på 2020-talet. Økonomi, fysisk og psykisk helse, utanforskap, den vanskelege kjærleiken, farane ved livet på Internett, rusmiddel, fleirkulturell og skeiv identitet, fråverande foreldre, mobbing – you name it. Det er snart ikkje ein einaste vanskeleg krok att å utforske. Veldig ofte slit ungdommane i desse bøkene med å fortelje om problema sine til nokon. Dei ber på ein frykt for kva som skjer dersom alt kjem for ein dag. Slik er det òg i den nye ungdomsromanen til Tone E. Solheim, Promille.
Alkohol på godt og vondt
I Promille treffer vi Markus Bolstad, femten år, ein både kunnskapsrik og ansvarleg gut. Han er òg en ganske sint gut, for heime er ikkje ting som dei skal vere. Vi skjønar fort at mor til Markus har eit alkoholproblem, men i familien er det ingen som snakkar om det. Far til Markus jobbar i Nordsjøen og er ikkje så ofte heime, og Markus går åleine med uroa for at mora skal drikke seg full. Venene til Markus veit ikkje så mykje om situasjonen – dei er meir opptekne av å feste. Markus vil ikkje drikke, men når og korleis skal han forklåre venene sine kvifor?
Romanen får fram fleire aspekt både ved det å vere alkoholikar og å vere ungdom som vil feste og teste grenser. Men det er òg ei bok som har noko litt kvardagsleg over seg. Energien i boka er jamn, nesten flat, og sjølv om slutten er litt dramatisk, er ikkje dette ei bok for den som vil ha mykje action. Vi får hint om at noko dramatisk har skjedd med mora eit år i forvegen, og dette og alt det usagte mellom Markus og foreldra ligg som ei uførløyst spenning gjennom forteljinga. Ein kjenner på ein trong til å få ei oppklaring. Det får ein òg, men forfattaren halar det ut i så lange drag at det verkar usannsynleg at det ikkje sprekk for Markus tidlegare.
Litt som ein TV-serie
Romanen er ein sjølvstendig oppfølgjar til boka Eg er V-Vida, som kom i 2024. Vida, som var hovudpersonen i den førre boka, er denne gongen ein biperson. Markus og Vida trefte kvarandre i den fyste boka, og i Promille flørtar dei på telefonen. Dei kallar kvarandre Muskat og Valmuefrø, og saman med venene Tim (Timian) og Siri (Stjerneanis) er dei Kryddergjengen. Handlinga føregår i Bergen og omegn, og konseptet i Solheim sine bøker minner om det i Neda Alaeis bokserie om ein gjeng ungdommar i Oslo. I dei ulike bøkene er det ulike personar i gjengen som er hovudpersonar, medan dei andre er med som bipersonar. Kvar bok har dessutan ulike tema. Denne måten å skape ein bokserie på gjer at lesaren heile tida får nye perspektiv på dei ulike karakterane, litt som når ein ser fleire episodar av ein TV-serie.
Språk utan særpreg
Språket i Promille har ikkje så mykje særpreg, og det forsterkar den flate energien i boka. Det dukkar heldigvis opp tekstpassasjar hist og her med meir liv. Her er ei fin, poetisk skildring av Markus sine kjensler når han ikkje vil gå på skulen og legg seg sjuk heime:
Eg treng at nokon tappar meg for alt det mørke, vaskar av meg all skiten, henger meg opp på klessnora. Eg treng å lufttørke i sola, bli varm og god og rein og ny.
Skildringa vert følgd opp av denne humoristiske betraktninga:
Eg står opp frå dei daude tredje dagen. Men i staden for å fare opp til himmelen og sitte ved høgre handa til Gud (som sikkert ikkje finst uansett) går eg inn på kjøkenet og set meg ved kjøkenbordet, klar til å dømme levande og daude.
Forfattaren prøver seg òg på eit grep som eg ikkje heilt skjønar kva ho vil med. Innimellom let ho Markus snakke direkte til lesaren. Det er som om han veit at han er ein karakter i ei bok, og det er eit verkemiddel som kan skape ein ekstra snert i litteraturen. Men her vert det liksom ikkje til noko. Kanskje skal det skape nærleik mellom Markus og lesaren, men sidan han er eg-forteljar i boka, er lesaren allereie tett på han.
Styrken til boka er at ho viser fram eit samansett bilete av korleis både ungdom og vaksne forheld seg til alkohol i vår tid. Det er ikkje lett å vere den einaste som ikkje drikk. Ein alkoholikar kan fint vere ein oppegåande, ressurssterk person. Og det er ei kjent sak at barn av alkoholikarar tek på seg for mykje ansvar heime, nett slik Markus gjer. Boka kan vere ein fin døropnar til å snakke om vanskelege ting. Og for den som allereie har lese Eg er V-Vida og likte ho, er eg sikker på at Promille byr på eit kjært gjensyn med dei sympatiske karakterane i Kryddergjengen.














