Globaliseringsboka

Boktittel: Globaliseringsboka
Forfatter: Teresa Grøtan
Forlag: Samlaget
Årstall: 2009
Antall sider: 170
OVERAMBISIØST OM GLOBALISERING Meldt av Guri Fjeldberg Samlaget har kasta seg på globaliseringsbølgen, men sjølv
OVERAMBISIØST OM GLOBALISERING
Meldt av Guri Fjeldberg
Samlaget har kasta seg på globaliseringsbølgen, men sjølv om Teresa Grøtan har levert aldri så grundig arbeid, kunne gjerne boka engasjert meir.
Etter å ha lese Teresa Grøtan si engasjerande biografi om Nelson Mandela, kan eg godt forstå at ho fekk tilbod frå Samlaget om å skrive ungdomsbok om globalisering. Dessverre lèt eg meg ikkje engasjere av resultatet – trass i at dette på mange måtar er eit imponerande stykke arbeid. Å fortelje globaliseringas historie er langt frå like enkelt som å fortelje livshistoria til ein person. Lista over kjelder bak i boka tel 17 bøker, 63 artiklar, 20 nettstader og 13 rapportar. Grøtan freistar å gi ei brei framstilling av teknologiske, økonomiske og kommunikative aspekt. Ho lukkast i alle fall delvis i å vise sambandet mellom dagleglivet vårt og dei store prosessane i verda. At ei billeg skjorte er billeg fordi han er sydd av underbetalte arbeidarar i Asia, og at liberalisert handel, fraktvilkår og internett gjer slik produksjon mogleg. Ho har til og med vore i Bangladesh og India på reportasjereise for å gi døme på korleis outsourcing verkar.
Det generelle framfor det spesifikke
Dersom denne reisa hadde vore drivkrafta i boka og ikkje berre rammeforteljinga, ville eg ha late meg rive med. Men då hadde dette blitt ei reportasjebok heller enn ei innføringsbok i globalisering. Teksten ville opna for langt større innleving, på den andre sida måtte Grøtan ofra store delar av basiskunnskapen (t.d. eit historisk blikk på trekanthandelen). Eit anna alternativ hadde vore å begynne med slutten, der Grøtan oppmodar til ansvar: ”Meir enn nokon gong treng vi ein robust verdsorden for å møte dei største utfordringane i vår tid: å stoppe klimakrisa, å regulere dei multinasjonale selskapa, å kontrollere finanshandelen, å avvikle skatteparadisa, å stanse menneskehandelen og å bli kvitt fattigdommen.” Då kunne dette blitt ei debattbok. Eg trur at ein så samfunnsengasjert journalist som Grøtan hadde kome meir til si rett i eit argumenterande konsept. I staden har dette blitt ei bok mest for dei skoleflinke. Skal ei fagbok for ungdom som ikkje står på noka pensumliste bli lese av meir enn eit fåtal spesielt interesserte, er ho heilt avhengig av å rive lesarane med seg.
Dryge påstandar
Nokon vil nok meine at eg no gjer boka urett. Å påstå at Globaliseringsboka ikkje har kraft nok til å engasjere lesarane er ein påstand eg ikkje har dekning for. Grøtan nyttar òg slike generaliseringar: ”Amerikanarane er lite opptatt av verda rundt seg” og ”No har dei unge [i India] sex før ekteskapet”. Som prov brukar ho eksempel. For å nytte same taktikk: Globaliseringsboka er periodevis keisam. Prov: ”Eg synest det er vanskeleg å sjå for meg eit liv utan mobiltelefon. Og det er vanskeleg, for ikkje å seie umuleg, å sjå for seg eit liv utan datamaskin. Korleis skulle eg ha skrive denne boka, for eksempel?” Det let seg sjølvsagt gjere å finne døme på det motsette. Eit høgdepunkt er der journalisten har oppsøkt Qazi K. Ahmad, forskaren som har prova at Nobelprisvinnar Muhammad Yunus med mikorkreditt har skapt fleire gjeldsslavar enn han har hjulpe fattigfolk til betre kår. Dette er ikkje allment kjent i Noreg.
Folk som Kristin Clemet, Jonas Gahr Støre og Thomas Hylland Eriksen har dessutan auka statusen til prosjektet ved å bidra med eit par sider kvar om kva globalisering tyder på deira spesialfelt. Slik kjem det særs klart fram korleis globalisering vedkjem alle. Når Hylland Eriksen påpeikar at globaliseringa også har gjort nordmenn meir norske, er det eit poeng som kastar nytt lys over heilskapen.
Kritisk til Noreg
Truleg ville Globaliseringsboka blitt betre av å dvele meir ved dei beste eksempla. Mest saknar eg grundigare gjennomgang av kor avhengige vi er av kvarandre på tvers av landegrenser i ei globalisert verd. Barnearbeidarane i Bangladesh får det ikkje betre om vi sluttar å kjøpe billige klede. Kva skal ein gjere med denne kjensla av maktesløyse? Grøtan skuldar ingen å skape håp, derimot tilbyr ho innsikt og eit kritisk blikk velsigna fritt for nasjonal patriotisme. Norsk næringsliv og politikk blir behandla like kritisk som utanlandsk, og slik lev ho opp til eit av sine viktigaste poeng, nemleg at nasjonale omsyn bør vike for internasjonale.