Gneistrande om Astrid og pappa

Coverbilde "Sjå, der går ein barndom"

Maria Parr er ein like god essayist som barnebokforfattar.

Det er tre hovudpersonar i Maria Parr si nye essaysamling: det lesande barnet, faren Vidar Parr – læraren og avisredaktøren som døydde i 2024 – og sjølvaste Astrid Lindgren: barnebokforfattaren som både Parr og mange av oss andre set høgt. Ja, og så er forfattaren sjølv til stades på dei fleste boksidene.

Heime og ute

Boka er på eitt nivå artiklar om forfattarrolla, om barnelitteratur og fleire andre emne. Samstundes er dette eit strålande døme på kva litterære essays er og korleis den drivne essayisten skiftevis kjem til syne og freistar å gjere seg usynleg gjennom teksta. Lest som essaysamling gjer denne boka det tydeleg at Maria Parr er like god som essayist som ho er som barnebokforfattar: Ho er reflektert, velformulert, situasjons-kompetent, det er lett å vere samd i mest alt ho skriv, og ho krydrar klokskapen med avvæpnande sjølvironi og humor.

Boka inneheld 10 essays av ulik lengde. Eitt av dei er rett nok kalla «Forord», men er like fullt eit essay i seg sjølv, om skrivekunst. Forordet opnar med orda «’Heimlandet barndom’, sa pappa. For ein tittel!». Så drøftar ho korleis ho sjølv vart ein lesar og skrivar, og finn svaret i eit Ulf Stark-sitat: «Jag skriver för pappa». Det siste av dei ti stykka handlar om forteljekunst, med Astrid Lindgrens Krøsa-Maja frå Lønneberget som den raude tråden. Også her går det ein tråd til faren, i at dette var den siste teksten ho delte med faren før han gjekk bort. Slik blir heile boka pakka inn i dedikasjonen «Til minne om pappa»: Barndomsminne og kjærleikserklæringar til foreldre og besteforeldre går som ein raud tråd gjennom fleire av tekstane.

Parr er ikkje berre personleg og intuitiv, ho er også fagleg velorientert. Fleire stader siterer ho norsk og utanlandsk faglitteratur som kastar lys over hennar eigne røynsler. Dette er ei styrke ved tekstane og boka, og faglitteraturen som ho trekk fram er både original og relevant. Bokas eine, vesle veikskap er at dette faglege aspektet ved tekstane har forleda forfattaren og redaktøren til å tru at boka treng sluttnotar med litteraturtilvisingar. Andre løysingar ville ha vore smidigare for lystlesaren av tekstene.

Forfattar og bygdejente

Med unntak av føreordet er alle tekstane skrive på oppdrag, i åra frå 2013 til 2024. Med gode, personlege introduksjonar til tekstane, er Parr med på å gjere boka til noko i grenselandet mellom ei essaysamling om barnelitteratur og ei sjølvbiografisk minnebok.

«No er eg ein talar, tenkte eg skrekkslagen», skriv ho i innleiinga til ein tale ho heldt under Dei Nynorske Festspela i 2019. Neste innleiing handlar om ein ny tale, frå Hareid-stemnet i 2022. Ho var spurt om å tale, og «Sidan eg no hadde blitt ein talar, var det berre å takke ja.»

Det er omtrent når eg har kome så langt i lesinga at eg kjem på noko forfattaren Jostein Gaarder sa etter at suksessen med Sofies verden var eit faktum: «eg trudde eg skulle lande mellom alle stolane, og så landa eg oppå dei.» Parr landar elegant anten ho er personleg, fagleg, vittig eller litteraturpolitisk. 

Ho er ein av våre mest kjende og mest omsette barnebokforfattarar. Men det er lite primadonnanykker å spore hos Parr. Når ein les denne boka sit ein att med eit inntrykk av at ho vart forfattar fordi ho fekk bli med pappa på jobb, og fekk prøve seg å skrive små petitar i avisa hans.

Maria Parr er mest av alt bygdejente, sjølv om ho har mastergrad frå Universitetet i Bergen. Sjølv når ho er visjonær på barnelitteraturen sine vegne, balanserer ho det med ei klok, blyg og elegant iscenesetting av seg sjølv som den jamne nabodama. «Slik det heller ikkje finst nokon saftige historier i mitt liv i Vanylven» skriv ho ein stad. «Alle i Vanylven har distriktsnorske fødslar. Alle lurer på om dei rekk ferja» skriv ho ein annan stad.

Eigenskap og slektskap

Det er mange som har peika på slektskapen mellom Maria Parr og Astrid Lindgren. Eg vil runde av her med å trekke fram eit par tilfelle av at eg også sjølv har gjort det.

Då eg meldte Tonje Glimmerdal i Adresseavisen i 2009, avrunda eg med: «Parr er en klok og myndig forfatter: det er ikke alle som lykkes med å gi sin hovedperson så mange gode egenskaper, så mye drama og så mye hell, og en slik sentral rolle i alles liv, og enda få det til å fungere litterært. Astrid Lindgren greide det – og den sammenligningen er ikke tilfeldig. Du kan like gjerne merke deg navnet Maria Parr med én gang!»

Det var store ord, som Maria Parr heldigvis har levd opp til. Eg toppa det likevel då eg nemnde Lindgren og Parr i ei melding av Guus Kuijers bok Sammen for alltid i 2013: «Boken viser samtidig hva som skiller den gode forfatteren fra den dårlige. Det er ikke nødvendigvis språket, typene eller handlingen. Dypest sett handler det om at forfatteren tør å stole på historien sin, lar den leve, og gjør den slitesterk, slik Lindgren og Maria Parr også gjør. Med Bibelens ord: ‘Han lærte dem med myndighet, og ikke som de skriftlærde’.» Såpass.

Bilde av Morten Olsen Haugen.

Morten Olsen Haugen

Født 1966. Har vært biblioteksjef i Ørland, og har siden 2012 jobbet i kulturavdelinga i Trøndelag fylkeskommune, blant annet med utgivelse av sørsamiske barnebøker. Han har vært barnebokanmelder i Adresseavisen 2003–2010 og Aftenposten 2010–2021, og er fagansvarlig for barnebøker i Store norske leksikon. Foto: Aftenposten