Godnattboka. Nynorske forteljingar
Boktittel: Godnattboka. Nynorske forteljingar
Forfatter: Erna Osland, Ragnar Hovland og Einar Økland m.fl.
Illustratør: Gunvor Rasmussen
Forlag: Skald
Årstall: 2007
Antall sider: 224
22 ”god natt” å velje mellom Det var nok å lansere boka som nynorske godnattforteljingar,
22 ”god natt” å velje mellom
Det var nok å lansere boka som nynorske godnattforteljingar, så var salgssuksessen sikra på Vestlandet. Men vesle Skald forlag har klart noko meir enn å gi ut ei bok som dekkjer eit stort behov. Ikkje berre har dei fått med seg dei store nynorske barnebokforfattarane som Erna Osland, Ragnar Hovland og Einar Økland. Dei har òg klart å lokke ei rekkje interessante ”nynorskingar” til å debutere litterært for barn. Det er både fantasifullt og dristig å invitere folk som Tove Bakke i kulturrådet, leiar i språkrådet Sylfest Lomheim og rockemusikar Heidi Marie Vestrheim. Halvparten av dei 22 bidragsytarane skriv her for barn for første gong. Nokre av dei kjem svært godt ifrå det.
Klassisk ramme
Forteljingane har passeleg lengde for ei leggjestund. Truleg har det vore eit krav frå forlaget at dei må vere knytt til å skulle leggje seg eller til å drøyme. Derfor startar mange av historiene ved sengekanten, anten som start på sjølve forteljinga eller som ramma omkring ho. Slike realistiske rammehistorier gir samlinga preg av heilskap og er med på å setje godnatt-stemninga. Dei minner om kor verdifulle forteljingar kan vere. Så får ein heller tole at denne ramma i blant kan verke påklistra. Prinsippet om å knyte forteljingane til draum eller sengekanten, blir først direkte hemmande i nokre av forteljingane som ikkje tek omvegen om leggjestunda.
Å vakne av ein draum
Utvalet gir nemleg fin variasjon mellom det realistiske og det fantastiske, og i blant er det godt å bli lokka direkte inn i fantasien. Som der Tove Bakke lar ein australsk kenguru med kjærleikssorg få sommarjobb som postbod i Oslo. Men – så vaknar ho brått av ein draum heime i stova si i Australia. Det same gjer Vesle-Nils til Odd Njøs etter at han har fått ei skjor til å klekkje ut eit hønseegg til han. ”Då han vesle Nils fekk seg høna” sluttar slik: ”Meir sa han ikkje, for nett då vakna han.” Er det så lenge sidan slike sluttar blei bannlyst, at dei ikkje lenger er for klisjear å rekne? Hos meg hindrar dei fri flyt i fantasien. Men slike klisjefylde overraskingar er altså unntaket, truleg seier dei mest om eit litt stivbeint redaktørarbeid bak boka.
Med og utan undertekst
Dei fleste forteljingane ser verda frå perspektivet til barn. Barnet i meg kjende seg til dømes godt att i historia til Brit Bildøen, der Hilde ikkje kan sove før kosedyret hennar er komme til rette. Visst har eg høyrt før om kosedyr som hamnar i vaskemaskina ved eit uhell, men intensisteten her er i særklasse.
Nokre forfattarar vel heller å følgje den vaksne tettast. Sylfest Lomheim har løyst oppgåva med å fortelje om ei kvardagsleg leggjestund med samtale mellom barnet og bestefar. Når bestefar blir lokka til å fortelje, minnes han barndomen. Samstundes gir han kunnskap om korleis isbreane plasserte ut stein i landskapet. Lomheim skriv bodskapen beint ut om gamle Pilastein som no kan hende må sprengjast bort for å gjere plass til ny stove: ”Men heilt borte blir han ikkje, for no har du høyrt historia om Pilastein.” Einar Økland gjer sjølvsagt ei slik leggjesamtale langt meir underfundig. Guten som legg seg har noko ugreie med eine foten, og far hans veit ikkje alt godt han kan gjere for å hjelpe. Her er det far ein kjenner sympati for der han strevar med å gjere alt ein god far skal gjere for å roe barnet som skal sove. Dagen etter er det ikkje godt å seie om det er faren eller guten som har drøymt det heile. Då skulle det meste vere sagt om spennet i samlinga.
Tomme auge
Illustrasjonane til Gunvor Rasmussen er med på å halde mangfaldet saman. Den erfarne kunsthøgskulestudenten verkar inspirert av britisk tradisjon. Figurane kan minne litt om tøydokker, men er karakteristisk utstyrt med store, tomme auge. Det forunderlege er at dei likevel kan vere ganske søte. Teikningane varierer i kvaliteten. På sitt beste gjer dei forteljingane rikare. Der vi får høyre om ”Ulven under senga” av Ragnar Hovland, har Rasmussen til dømes dikta inn nokre sjarmerande støvdottar. Sidene er dessverre litt for ofte pynta med små illustrasjonar som verkar tilfeldig motivert. Når dei likevel gjer eit godt inntrykk, er det takka vere dei friske akvarellfargane.
Det aller viktigaste med både tekst og bilete i ei slik bok, er at dei skal tole å bli lese mange gonger. Eg trur dei fleste vil kunne finne seg ein favoritt her som toler nettopp dét.