Golvet er lava

Golvet er lava

Boktittel: Lava

Forfatter: Annika Linn Verdal Homme

Illustratør: Annika Linn Verdal Homme

Forlag: Aschehoug

Årstall: 2025

Antall sider: 250

Sjanger: Humor/drama

Annika Linn Verdal Hommes «Lava» er ei tragikomisk (med trykk på komisk) og kompromisslaus skilsmisseforteljing for ungdom.

Når golvet blir lava må ein skunde seg å hoppe opp på eit tilgjengeleg møbel, men kva om det ikkje finst noko å redde seg opp på? Utgangspunktet for at alt ramlar saman for Evi, hovudpersonen i Annika Linn Verdal Hommes  teikneseriebok, Lava, er at foreldra heilt ut av det blå går frå kvarandre. Og det to veker før den planlagte reisa til Tenerife! Beskjeden får ho frå den konstant glisande faren samtidig som han innsmigrande gir henne ein hund: «Vi… eeer… ehm. Separert. Men vi skal skilles på ekte!».

Boom.

Trass i at foreldra er eit par sjølvopptatte dustar av eit nesten Roald Dahlsk format, fører den varsla skilsmissa til at botnen under Evi ramlar ut og sender henne lukt ned i jordskorpa. Den første halvdelen av boka skildrar korleis livet hennar gradvis smuldrar opp, før ho tar grep og viser foreldra og heile f#*@ings systemet (for å parafrasere Evi) ein dirrande langfinger. I staden for å reise til mora i Tromsø, tar ho med seg hunden og drar på den avlyste tenerifeferien. Åleine. Ho er ein tenåring som allereie er svikta og overlaten til seg sjølv, så kvifor ikkje? Men korleis skal ho takle livet heilt åleine, med ansvar for ein liten kvalp?

Illustrasjon av Evi som fell gjennom huset og ned i jordskorpa.

Eit friskt pust

Homme har tidlegare vist at ho kan formidle både varme og kompromisslaus punk for barn og unge, høvesvis i bildeboka Gigabror (Aschehoug, 2024) og teikneserien Bilde av en brennende Tesla (Aschehoug, 2023). Ho har raskt markert seg som ein teikneserieskapar ein kan rekne med, både visuelt og forteljarteknisk. I Lava lukkast ho å handsame ein alvorstung tematikk på ein befriande skrudd og fandenivoldsk måte, samanlikna med andre skilsmisseteikneseriar, som Anja Dahle Øverbyes Tarjei, 13 år (Samlaget, 2023) og Dorte Walstads Jeg vil ikke være her (Aschehoug, 2025). Det gjer boka til eit friskt pust. Boka har ein imponerande energi og eit forteljaroverskot som maktar å formidle Evis frie fall på ein måte som vekslar mellom å vere sympatisk, absurd, tragisk og komisk på ein gong. Såleis speglar også Lava det kaotiske følelseslivet til ein ungdom i krise på ein presis måte.

Humoren appellerer til unge så vel som vaksne. Scena der den vesle familien må i meklingsmøte er til dømes både absurd og satirisk treffsikker på ein gong. Mora, som har flytta til Tromsø, må delta på videolink og er klistra på veggen som eit gigantisk hovud ved sida av den ynkelege faren. Terapeutane er på si side servile byråkratar med påklistra smil som manglar evne til å forstå barnet si rolle i konflikten.

Illustrasjon av Evi som stadig fell, saman med hunden.

Enkel autensitet

Evis misère blir skildra visuelt gjennom ei rekkje kreative grep. Tida er til dømes effektivt illustrert ved hjelp av Evis vekeplan som gradvis blir kryssa ut og fylt med katastrofen livet hennar har utvikla seg til. Skulekvardagen hennar framstår som ekstra monoton i dei gjentatte heilsidene som viser korleis tida går medan Evi stirer tomt framfor seg. For kvar nye og dramatiske utvikling i livet hennar, er Evi framstilt som synkande ned i lavaen medan ho til dømes blir stempla som skilsmissebarn av eit diger stempel, eller er ein karakter i eit dataspel der ho kjempar mot foreldra sine. Grensene mellom det indre og det ytre blir viska ut, slik at det blir vanskeleg å skilje det verkelege frå det imaginære.

Teiknestilen til Homme er naivistisk og enkel, men samtidig svært uttrykksfull. Det ufiltrerte ved teikningane forsterkar både Evis indre kaos og gjer forteljinga meir autentisk. Rutene fokuserer meir på karakterar enn bakgrunn og detaljar som kan kome i vegen for forteljinga. Resultatet er ein teikneserie som, trass i at han er prega av humor og overdrivne sjablongaktige bikarakterar, verkar som eit ekte uttrykk for kva det vil seie å få livet sitt kapra og rive ned av krefter ein ikkje kan kontrollere.

Illustrasjon av Evi som tar seg opp til ein vulkan.

Ein harmdirrande langfinger

Ungdatarapporten som blei publisert i august i år seier at 92 prosent av unge likar å vere med foreldra sine. Det blir ikkje mykje opprør av slike tal. Lava presenterer eit potensiale for opprør og rettvis harme, både for dei åtte prosentane som ikkje likar å henge med foreldra sine og for dei som enno ikkje har gjennomskoda kort teite foreldra er. Ho viser eit potensiale for å vise fingeren, eige historia si og å hemne seg. Evi er eit førebilete, som trass i stormande følelsar tar kontroll over sitt eige liv og set foreldra sine på plass. Det handfaste ho grip tak i når golvet blir lava, er seg sjølv.

Asle Sætre

Fødd 1978. Om lag 20 års erfaring som norsklærar på vidaregåande. Jobbar på Fyllingsdalen videregående skole og er teikneseriemeldar for Barnebokkritikk og Serienett. Master i nordisk/litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen med fokus på sjølvbiografiske teikneseriar.