Happy

Happy

Boktittel: Happy

Forfatter: Linn T. Sunne

Forlag: Samlaget

Årstall: 2007

Antall sider: 83

Gåtefull sorg Linn T. Sunne byr på drama av det alvorleg realistiske slaget. Debuten Stjernestøv

Gåtefull sorg

Linn T. Sunne byr på drama av det alvorleg realistiske slaget. Debuten Stjernestøv (2000) handla om ei jente som korkje blir sett av foreldra eller han ho er forelska i. I Under morelltreet (2001) misser Nora bestevenninna i kreft. I Luna (2003) blir mor råka av alvorleg fødselsdepresjon. Happy tek opp noko enda meir tragisk. Å røpe det her, vil vere å øydeleggje spenningsmomentet. Alt eg kan seie er at litteraturfomidlaren på Dokka har velt eit medieaktuelt problem.

Kva har skjedd?

Likskapen er stor mellom hovudpersonane i bøkene hennar. Desse jentene har mykje å uroe seg for, uro dei ikkje klarer å snakke om. I friminutta lukkar dei seg inne på jentedoen når verda blir for vanskeleg. Blir dei først sinte, tek eit irrasjonelt raseri heilt overhand. Slik er det også med Mo. Allereie på første side vurderer ho læraren i den nye klassen og konstaterer: ”Eg kjem ikkje til å gjere det lettare for henne.” Mo er full av løyndomar, der ho kjem flyttande til bygda med far sin. Dei første kapitla gir spennande hint om fortida. Snart nemner ho at det er lenge sidan ho har bestemt noko sjølv, seinare at ho ikkje har hatt lyst på mat på månadsvis. Kleda ho pakkar ut, kan ho ikkje hugse, som om dei er frå eit anna liv. Sunne har lenge kunna dette med å vise heller enn å forklare sorg. Dette er første gong ho utnyttar det til å byggje opp spenninga.

Som ei gåte

Det er synd at forlaget kjem nokre av gåtene i forkjøpet i ein forklarande baksidetekst. Heiter ho verkeleg Mo? Er det sant at mora er motefotograf i New York? Baksida presenterer henne som løgnar: ”Ei bok om å vere ny i klassen, lyge og ha pokerfjes som sprekk.” Mo er ikkje anten løgnar eller sannferdig, ho viser seg å vere begge delar. Det er denne blandinga der heller ikkje lesaren alltid veit om ho er til å stole på, som gjer henne interessant. Som eg-forteljar får ho vist styrke sjølv om ein mental verk ligg tett bakom mykje av det ho tenkjer, seier og gjer. Mo dvel ikkje ved kjensler, ho handlar. Dei sosiale konsekvensane av å leve med løyndomar kjem godt fram. Etter at klassen har avslørt henne i løgn, kjem ho på kant med dei fleste. Livet i 7. klasse kan vere nådelaust, og intrigane blant jentene er lette å kjenne seg att i. Den råaste scena demonstrerer mobilmobbing: Nokre elevar i klassen tvingar av Mo kleda på overkroppen og tek bilde som snart alle går rundt med på mobilen. Likevel går livet vidare, Mo bryt aldri saman.

Lettlest

Både tema og oppbygging gir assosiasjonar til ungdomsromanen Danser Elias? Nei! (2006) av Katarina Kieri. Men lite tyder på at Sunne har lese Kieri, ho held på sin eigen stil. Språkleg er ikkje skilnaden stor frå dei tre bøkene eg nemnde innleiingsvis, som alle kom ut i den lettleste Sirius-serien. Når Happy er plassert utafor, kjem det truleg av at hovudpersonen er tenåring og at her er meir å lese mellom linjene. Men framleis held Sunne seg til lettleste setningar, gode replikkar og korte kapittel. I ungdomsbøkene er fråveret av vaksne påfallande for tida, men i denne boka må det ein vaksen til for å hjelpe Mo over kneika. Alt i alt meiner eg derfor boka passar aller best for barn i storskolen. Bokklubben Blåmann tilbyr ho for aldersgruppa 6-12, medan Samlaget skriv ”ungdomsbok” i pressemeldinga. (Bokklubben hevdar Mo er 12 år, medan pressemeldinga påstår at ho går i 8. klasse. Kor tek dei det frå?)

Kortslutning

Med denne snedige forteljarmåten, skuffar det stort at spenninga kortsluttar i ei altfor kjapp løysing. Plutseleg fortel Mo alt til heile klassen likevel. Er det slik at problem som har bygd seg opp lenge nok, ikkje er så vanskelege å løyse likevel? Grunnane til at Mo ikkje har kunna fortelje før manglar. Kor er smerta og skamma? Her luktar meir av optimistisk tilrettelegging for unge lesarar. Betre blir det ikkje av Mo sitt forsøk på å gjere opp status etterpå, som for å kompensere den lettvinne løysinga: ”Det gjekk betre, men ikkje berre. Eg vart ikkje perlevenn med alle, eg vart ikkje gullungen til Vibeke, heller. Eg hadde høyrt at nokon på ungdomsskolen hadde fått biletet.” At ei slik forklarande oppsummering verkar påfallande, seier kanskje mest om kor tillitsfullt teksten fram til dette punktet har overlate slike tankar til lesaren.

Guri Fjeldberg

Født 1969. Frilanser. Utdanna journalist, norsklærer og vaktmester. Anmelder også fast for Aftenposten, tidligere 20 år for Bergens Tidende. Har skrevet anbefalingsguiden «101. De beste barnebøkene 2005-2015». Kåret til Årets litteraturkritiker i 2015.