Hei Fara!

Hei Fara!

Falturiltu 4.–10. november 2023: Om nynorsk og bokmål, om barn og vaksne. Og om den sympatiske festivalen.

I det 16. året for Falturiltu-festivalen på Stord fekk vi som vanleg med oss mykje. Det er berre å gi seg over av alt Falturiltu får til-tu. Men så handlar det òg om sosiale møte og rammene for opphaldet. Ja, og hei fara, for ein dugnadsånd. Ein skokk med friviljuge står parat for å hente og bringe folk hit og dit, og både logistikken og humøret er upåklageleg. Utan denne ryddige administrasjonen og all idealismen ville ikkje «Verdas største nynorske barnebokfestival» blitt så breitt forlokkande og omtykt som han er blitt, og med omtykt siktar eg sjølvsagt til programmet, men òg til kjensla av at alt går på skjener, alle er avslappa og ustressa inntil det absurde. Det er så ein kan tru at det står «Verdas største nordnorske barnebokfestival». Men Stord har lang tradisjon for å forvalte eit kulturliv, særleg innan litteratur og musikk, dei veit kva dei gjer. Det kjem oss til gode.

Bilde av båten "Sunnhordland". Foto: Birgitte Eek
Foto: Birgitte Eek

Til vanns og til lands

Til rammene for opphaldet høyrer òg busituasjonen. Etter at gamle Grand Hotel i Vikjo blei folkehøgskule, er hotellkapasiteten redusert. Då tenker festivalen nytt. I år blei mange av oss innlosjert på veteranbåten Sunnhordland. Der kunne vi lære av mannskapet at båten tidlegare hadde vore ubåtjagar under krigen, og gått i trafikk mellom Sunnhordland og Bergen i fredstid. Det var eit spennande hotell, med knøttsmå lugarar. Dusjen var så liten at han fekk ikkje plass i kameraet. Men dei av reisefølget mitt som kom frå Oslo slo hendene saman i begeistring og sa: «Så eksotisk!» og kunne ikkje fått det betre.

Dagen etter tok vi inn på Gamle Fengselet Kulturhotell, som òg har ei historie vel verdt å setje seg inn i. Her er du ikkje lenger innsett, men innbooka, og under frukosten kan du reflektere over nett dette: Greitt nok for oss, som kan gå ut herifrå, vi kan sitje der over salamien og sjå på murveggane og kommentere kor flotte dei er; dei var nok ikkje like flotte for dei som sat fast her. Og så seier eigarane/personalet «Takk for sist» til deg, som om det ikkje var gått eit år sidan sist du var her og dei sjølvsagt ser nye fjes heile tida.

Ansvaret for nynorsken

Barnebokkritikk har dei siste åra samarbeidd med Falturiltu om ein debatt under fagseminardagen på Høgskulen. I år inviterte vi kulturredaktør i BT Jens Kihl, redaktør i Vigmostad & Bjørke Johanne Hille-Walle, dagleg leiar i Andersens Forlag Kasia Katarzyna Tykocka og kritikar i Barnebokkritikk Egon Låstad, til samtale med moderator og redaktør i Barnebokritikk Ingvild Bræin, som skriv dette. Vi diskuterte om kor vidt alle oss, som sat der, hadde eit medvite forhold til nynorsken, som redaktørar, som skribentar, og i kva grad vi sørger for å bidra til at nynorsken får sin rettmessige plass side om side med bokmålet.

Bilde frå Barnebokkritikks debatt om nynorsk. Alle i panelet er på scena. Foto: Sigrun Feiring.
F.v.: Egon Låstad følgjer med, Kasia Katarzyna Tykocka tenker seg om, Johanne Hille-Walle er merksam, Jens Kihl er suveren, Ingvild Bræin skammar seg over å ikkje skrive nynorsk heile tida. Foto: Sigrun Feiring.

Vigmostad & Bjørke står kanskje ikkje på barrikadane for nynorsken, men Johanne Hille-Walle kunne fortelje at dei sjølvsagt ønsker nynorske forfattarar velkomne, og dei har redaktørar og språkvaskarar som kan ta imot og ivareta desse. Ho har skrive nynorsk til meg sidan festivalen, på e-post. Polske Kasia Katarzyna Tykocka i Andersens forlag er svært glad i nynorsk, og går for målforma når det verkar riktig i omsette titlar, men opererer for det meste med omsetjingar på bokmål. Kanskje bokmålet er naudsynt for å nå fram, for eit lite forlag? Eller er det berre eit spørsmål om tid før det endrar seg? Egon Låstad er tvunge av sin redaktør (meg) til å skrive nynorsk i Barnebokkritikk, når det høver seg slik, men han er jo sjølv frå Osterøy, har hatt nynorsk på skulen i heile sitt liv, så det burde ikkje vere så vanskeleg for han som etter kvart har valt bokmål. Det var det ikkje heller. Jens Kihl er som meg frå Oslo, og han skriv konsekvent nynorsk. Som kulturredaktør i Bergens Tidende gir han ved dette eit tydeleg signal om kvar han står i måldiskusjonen, og blir på mange måtar eit vandrande eksempel til etterfølging. I alle fall kan eg, som vekslar mellom to målformer, få dårleg samvit berre eg ser Jens på gata. Då eg spurte Egon Låstad under debatten om han ikkje òg kunne skrive nynorsk sjølv om han hadde ein bokmålstekst framføre seg, fekk eg peppar frå min BT-redaktør, som meinte at det kunne vel eg òg gjere. Eg blei svar skuldig. Neste gong eg ser han på gata må eg unngå han.

Barnebokkritikk ønsker å styrke si nynorsksatsing. Dette gjer vi ved å oppfordre fleire kritikarar og kommentatorar til å skrive på nynorsk, og ved at redaktøren held fram med ikkje berre å nytte nynorsk i Falturiltu-samanhengar eller i intervju med nynorskforfattarar, men i fleire. Eg har ikkje tru på at Barnebokkritikk skal bli eit reint nynorsk-tidsskrift, sjølv om eg høyrer stemma til Jens Kihl: «Kvifor ikkje?». Men eg har tru på at eit tradisjonelt bokmålstidsskrift, som likevel aldri har unnlate å trykke nynorsktekstar, tvert imot, kan gjere nokre grep for å betre balansen ytterlegare.

«Vi kan ikke se den grense under vann»

Eit anna poeng: Kvelden før denne debatten sat vi ein gjeng, dels styret i Barnebokkritikk, dels deltakarar for morgondagens debatt, kring eit bord på høgskulen og skulle sjå musikar, komponist og forfattar Heidi Marie Vestrheim, og journalist, filmkritikar og musikar Brit Aksnes si framsyning. Dei er frå nabobygdene Øystese og Norheimsund, og har vore vener, trass i den obligatoriske konkurransen mellom to nære bygder, sidan vidaregåande. Dei har spela og skravla seg gjennom ungdomstida, og heldt fram no. Dei var ikkje heilt sikre på om framsyninga var for vaksne eller barn, det var ikkje vi sikre på heller, undervegs eller etterpå. Det var hummar og kanari. Vestrheim las opp frå barneboka si Jenny Fender (Gyldendal 2023), og så kunne vi segle vidare til ein Cranberries-parodi av Vestrheim som var heilt på kornet, og songteknisk briljant, men som gjer at eg aldri kan høyre «Zombie» meir i mitt liv utan å le. Det var kanskje ikkje tilsikta. Paret på scena kunne også fortelje at då Vestrheim på ei barnehageframsyning under Falturiltu hadde lese strekket frå Jenny Fender der omgrepet «Fuck Face» inngår, hadde ein femåring snudd seg til far sin og spurt: «Kva tyder det?»

Bilde av Heidi Marie Vestrheim og Brit Aksnes, frå framsyninga.
Heidi Marie Vestrheim og Brit Aksnes skravlar som om dei var heime i Øystese og Norheimsund, og er ikkje sikre på om dei snakkar for barn eller vaksne. Foto: Birgitte Eek.

Då lo vi vaksne, sjølvsagt, for det var berre vaksne i salen, seint på kveld. Men som ein som sjølv er vaksen opp med to foreldre som jobba på Nationaltheatret, og som ikkje hadde barnevakt, slik at eg såg alle prøver og alle framsyningar av det som stod på plakaten, blei eg vand med å vere i dei såkalla vaksne si kulturverd. Eg tenkte aldri på om eg såg ei barne- eller vaksenframsyning, sjølv om eg jo merka meg forskjellen. Nokon gongar måtte også eg kviskre ned til far min i orkestergrava, der eg sat på plysjkanten rundt grava og dingla med beina under ei prøve: «Kva tyder det?»

Ein har lov til å vere ung og uprøvd, og spørje. Så lærer ein. Fekk guten i barnehagen eit traume av å høyre «Fuck Face»? Eg håpar ikkje det. I «krenkingssamfunnet» vi lever i i dag, kan vi kanskje heller forklare desse uttrykka for barna våre, som i: Det er slikt vaksne seier når dei er sinte, gløymer morsmålet sitt eller skriv ei barnebok.

Saumlause overgangar

Sjølv tenkte vi kring bordet: Slik er det jo med oss òg: Barnebokkritikk skriv for vaksne, om barne- og ungdomslitteratur. Oppdraget er klart, men aldersgruppa vi snakkar (sekundært) til er mangfaldig, og dessutan ei vi ikkje sjølve lenger høyrer til. Det er nøydd til å bli ei salig blanding, på eit plan. Kvifor då ikkje lage ei salig blanding på scena, som Vestrheim og Aksnes gjorde? Kvifor ikkje tenke på mangelen på vasstette skott som ein styrke? Barnebokkritikk har som oppdrag å melde barne- og ungdomsbøker, men det tyder ikkje at vi ikkje sjølve kan tøye, eller reflektere over, grensene for kva som kan passe for barn og ungdom.

Etter konserten/opplesinga kom Heidi Marie Vestrheim til bordet vårt og spurte om vi ikkje alle skulle gå til «baoten». Jo, sjølvsagt skulle vi møtast på baoten. Og kva gjorde vi der? Snakka om barnelitteratur. Og vaksenting. Med saumlause overgangar.

Det gjorde vi på tvers av alle målformer, sjølvsagt, det vil seie: nynorsk og bokmål finst berre i skrift, når det er munnleg heiter det dialektar. Sjølv har eg budd på Vestlandet sidan 1989, eg har stansa som syttenåring ved butikkskilt der det står «lauk på tilbod». Eg tenkte: Skriv dei faktisk «lauk» og «tilbod», finst dei orda utanom nynorsken i skulen? Dette var i Nordfjordeid. Då eg flytta til Voss, stod det ein gong på eit skilt utanfor den lokale butikken Geitle: «Vi har langope». Eg syntest det høyrdest flott ut, som ein slags antilope, eg tolka ordet med trykk på o-en og med uttalt g, og gjekk til ferskvaredisken og bad om to hekto langope. Dei såg rart på meg, og så skjønte eg plutseleg at dei hadde meint: «Lang-åpent». Vel, slik er det for ein austlending å kome til vestlandet. Hadde eg ikkje flytta vestover, hadde eg framleis vore måldust, tusen takk for utdanninga. Dei gløymde å fortelje oss at nynorsk var ei levande målform, at det ikkje berre var «noko vi dessverre måtte gjennom», som vi blei fortalde.

Det skjer ikkje av seg sjølv

Jens Kihl kan seie så mykje han vil at eg burde gjere som han; skrive konsekvent nynorsk. Det ligg nok ikkje for meg. Men det ligg for meg å veksle, det ligg for meg å oppfordre kritikarane våre til å skrive på nynorsk, det ligg for meg å sitje i eit lokallagsstyre i Mållaget, og det ligg for meg å skrive denne kommentaren. Eg ønsker at vi kan vere både på båten og baoten (vel, det er outrert dialekt, men de skjønar), men at baoten skal vere likestilt, ikkje berre i teorien eller i lovgivinga. Det krev noko av kvar og ein av oss. Særleg av bokmålsfolk, då. Vi kan alle gjere noko i det små eller i det store for å rette på ein ganske uhøyrd ubalanse i det som blir kalla eit likestilt, politisk bestemt mållandskap.

Og mens vi grunnar over i kva grad vi kan vere både nynorsk- og bokmålsbrukarar, i praksis, kan vi òg tenke over i kva grad kunstuttrykk vender seg til barn eller vaksne, eller begge, og korleis vi skal handsame det. Vi som ikkje er Innkjøpsordninga, dei som ser ut til å vere nøydd til å tenke i boksar og skott både når det kjem til alder og sjangrar, har ein sjanse til å gjere det.

Bilde av Sunnhordland, båten. Tatt frå bussen.
Baoten sett frå bussen. Foto: Ingvild Bræin

Foto bannerbilde: Kari M. Svanberg/Falturiltu

Ingvild Bræin

Født 1971. Redaktør i Barnebokkritikk. Bokanmelder i Dag og Tid, teateranmelder i Bergens Tidende og Shakespearetidsskriftet. Forlagskonsulent og forfatter. Mastergrad i nordisk språk og litteratur fra UiB.