Tittel: Livredd i syden
Tekst: Mari Kanstad Johnsen
Forfatter: Mari Kanstad Johnsen
Illustratør: Mari Kanstad Johnsen
Forlag: Gyldendal
Årstall: 2013
Antall sider: 32

Hjelp, vi er på sydenferie!

Mari Kanstad Johnsen debuterer som tekstforfattar med ei bok om ein hyperaktiv far og ei pysete småjente i Syden. Eller handlar den like mykje om ulike interesser, og å lytte til kvarandre?

Faren i boka er slitsamt gira, medan dottera Maja verkar passiv og skeptisk til heile ferieturen. Eller vil ho berre ta det litt meir med ro? I boka spring dei to frå ein aktivitet til den neste før dei plutseleg kjem vekk frå kvarandre. I Syden!

Forfattardebuten

Kanstad Johnsen debuterte som barnebokillustratør i 2011 med Barbie-Nils og pistolproblemet av Kari Tinnen (Gyldendal) og den kritikarroste Vivaldi av Helge Torvund (Magikon). Seinare kom Ballongjegeren av Anniken Bjørnes (Magikon 2012). Livredd i Syden er hennar første bok som tekstforfattar og illustratør.

Med ansvar for både det tekstlege og visuelle kjem større kontroll over sluttproduktet, og i Livredd i Syden forsterkar og utfyller dei to gjerne kvarandre. Slik vert boka meir heilskapleg, men står òg i fare for å bli repeterande. Teksten i boka fungerer fint, men det er likevel i det visuelle lesaren møter dei største krumspringa.

Hyperpappa og pyse-Maja

Forlaget og forfattaren presenterer boka som ei forteljing om ein tøff far og ei litt pysete jente – som tek mot til seg når dei kjem vekk frå kvarandre og ho må klare seg sjølv. Men den kan òg lesast som ei historie om ein overaktiv åleinefar som ikkje eigentleg lyttar til kva dottera ynskjer. Slik sett minner historia litt om Barbie-Nils og pistolproblemet (2011), der ein insisterande far pressar på barnet sine eigne ynskje, men til slutt må godta at sonen vil ha Barbie i staden for pistol i leikebutikken.

Teksten fortel gjennomgåande historia frå Maja sitt perspektiv. Faren kjem berre fram gjennom si entusiastiske, men noko brautande framtoning. Det er ingen tvil om kven som dominerer ferien. Dette poenget vert understreka både indirekte og direkte i bilete og tekst, tydelegast på det femte oppslaget: «Dagene i Syden er tettpakket av pappas påfunn. De kjører racerbåt og motorsykkel og ser putrende vulkaner på nært hold. Så vil pappa i dyrehagen.»

Ferieforventningar

Grenselaust stor pappa.

Faren er skildra som ein forvaksen unge som anten tenkjer mest på seg sjølv – eller handlar ut frå ei misforstått oppfatning av det han trur dottera vil. Maja vil helst lese ved bassengkanten eller vasse og leite etter skjell, medan faren vil slåss med bølgjene, fyke som ein villmann i skliene, stupe trippel salto og sjå på skumle dyr i dyrehagen. Han spring rundt og «tar bilder av alt og forteller og fniser», og er stadig avbilda med eine foten sprettande opp bak han, som om han hoppar rundt på ein litt barnleg, fjasete måte.

Kjære, eg krympa pappa

Han tek rett og slett litt mykje plass, både i handlinga og visuelt. Men alt dette endrar seg når han mistar Maja av syne. Når faren er så oppteken av dyra i dyrehagen at han tek ein rømt apekatt i handa i staden for dottera, får Maja først panikk, men så roar ho seg og tek mot til å gjere det ho sjølv vil.

Krympa: Pappa blir ikkje like stor som før, men det synest Maja er heilt greitt.

Storleik har ei vesentleg symbolsk tyding i boka. Medan faren plutseleg krympar tre størrelsar før han blir funnen att som ein utsliten liten klump i fjøresteinane, veks Maja på erfaringane ho gjer seg på eiga hand. Når dei et middag saman etter at dei har funne kvarandre att er ho òg mykje større enn han, sjølv om vi blir fortalt at han er på veg til å bli «passe stor». Maja derimot, verkar godt fornøyd med ein litt mindre versjon av pappa. Underteikna les det difor slik at størrelsesforholdet mellom dei to handlar meir om sjølvkjensle og å tore å lage rom for seg sjølv enn om ansvarsforholdet mellom far og dotter – der faren jo bør vere litt «større».

Karakteristisk stil

Mari Kanstad Johnsen har ein karakteristisk stil som verkar veldig notidig: ein ledig, barnleg strek, styggpene fargekombinasjonar og ei blanding av digitale og analoge teknikkar. Laus konturstrek i blyant eller måling omkransar digitale fargeflater. Det upolerte uttrykket blir understreka ytterlegare gjennom synleg papirstruktur og utgnidde blyantstrekar som «skitnar til» fargane.

Perspektivet er anten veldig nært, med hovudkarakterar som knapt får plass på sida, eller barnlege myldrebilete der alt sjåast ovanfrå og frå sida. Dette forsterkar inntrykket av at alt er litt klamt og trongt. Andre stadar blandast ulike perspektiv i same biletet, slik dei gjerne gjer i barneteikningar.

Kanstad Johnsen låner òg frå teikneseriane, og tek i bruk ruter eller store oversiktsbilete som viser større tidsrom – der same karakteren virrar rundt ulike stadar i biletet. Resultatet er leikent framfor alt, men stilblandinga, fargane og det flate preget av konturteikningane balanserer tidvis på grensa til det kaotiske, til å verte litt mykje. Men i denne boka har dette òg eit narrativt poeng, då det er med på å forsterke inntrykket av Syden-miljøet som trangt, klamt og grelt.

Syden i lakserosa

Syden er skildra i ei blanding av pastell og skrikande fargar – ein fargepalett som òg passar godt til Maja sitt noko tvitydige forhold til sydenlivet, med sine rosa hotell og fryktinngytande iskøar der «ekle, klamme barn roper om kapp mens de knuffer og biter».

Menneskevegg: Grelle fargar gjer Syden-iskøane ekstra skremmande.

Dei mange myldrebileta inviterer lesaren til å leite i detaljane og oppdage alle dei andre rare feriegjestane. Møt kunstnaren som målar eit vassmelonaktig ananas-stilleben på eit Mondrian-badeteppe, og paret med fire kjæledyr – og gullfisk – på stranda. Eller kva med restaurantgjestar som tygg på levande blekksprut ved sidan av fotflørtande elefantmenneske? Det er eit absurdrealistisk miljø, og ganske så morosamt. Sidehistoria med den forsvunne apekatten, som hovudsakleg blir fortalt i bileta, er òg fin.

Livredd, eg?

Livredd i Syden er ei underhaldande bok der det kanskje ikkje er like opplagt som ein først skulle tru kven som blir mest livredd i Syden. Ved sidan av å overvinne frykta for lange iskøer og sjå at pappa heller ikkje alltid er så tøff, er boka inne på mange emne rundt ferie og foreldrerolla.



Skrevet av:

,

Ingen kommentarer.

Legg igjen en kommentar

Legg inn din meaning her. Vær hyggelig. Din e-post vil holdt anonym.