Høgt spel over ein låg sko

Høgt spel over ein låg sko

Boktittel: Aldri fred å få

Forfatter: Ingunn Røyset

Forlag: Samlaget

Årstall: 2015

Antall sider: 246

Aldri fred å få er ein frittståande oppfølgjar til fjorårets Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen. Oppskrifta er omtrent den same: Ei jente, ein krig i fortida og eit fredelegare liv i notida.

Ein kvar som er oppvaksen på Sunnmøre vil kjenne seg heime i den dialektnære nynorsken til Ingunn Røyset. Men vil unge lesarar forstå dei gamle orda og uttrykka som florerer i språket hennar? Spørsmålet er eit skinnspørsmål, for det er openbert frå tittelen av at Røyset nettopp prøver å formidle slike gamle ord og vendingar. Difor blir dei oftast forklarte, eller det går fram av situasjonen kva som ligg i dei. Såframt barn og unge – og vaksne som ikkje har tilknyting til Sunnmøre – er opne for denne formidlinga, er dette ein del av romanen som skapar språkleg medvit og utforskingstrong både hos born og vaksne. Ord som «greinaløyse», «oppstanasige» og «pjaskja» har dessutan ikkje berre funksjon som tidsmarkørar i fortida, men også som bindeledd til notida, der den eldre generasjonen brukar slike ord som om det framleis var 1945.

Levande skildringar

Men det er altså 2015, eller noko der omkring. I notida opplever hovudpersonen Dagny noko som er velkjent frå barnebøker: Ho blir storesyster. Ikkje til ei søt lita veslesyster, men til ein bråkete veslebror: «Mamma har ein kul på magen. No hyler han. […] Mamma begynner å løyse på det store sjalet ho har tvinna mange gongar rundt seg. Kjartan er inni der. Han stoppar ikkje å brøle». Er det aldri fred å få?

Jo, det er det. Freden er å finne i fortida, Dagny må berre gjennom krigen først. Der treff ho att Belinda og Kalla, som også var med i Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen. Dei som har lese den boka, hugsar at Kalla er bestefaren til Dagny, og får her sjå korleis han prøver å motarbeide tyskarane (eller «tyskertane», som dei seier i gamle dagar) med ein kanskje vel heltemodig sabotasjeaksjon.

Eg synest det er verknadsfullt at Røyset skildrar det same landskapet, dei same omgivnadane, endåtil dei same menneska i fortid og notid. Ho vekkjer historia til live ved å veve den inn i Dagny sitt moderne liv. Røyset legg seg nær landskapet, og følgjer tett på situasjonane – både dramatiske og meir kvardagslege – som Dagny hamnar i. Det er ofte godt gjort – med levande og humoristiske replikkar og skildringar – sjølv om eg stundom saknar ein reflekterande avstand.

Handlingsdriven historieformidling

Nokre kommenterande forklaringar kunne festa scenene endå tydelegare i tematikken, og såleis gitt lesaren betre høve til å dvele lenger i tankane om korleis krigen påverka lokalsamfunnet og familien. Når det er sagt veks det likevel ofte ein slik refleksjon ut av situasjonane, og eg trur barn og unge vil få ei betre forståing av både krigen og gamle dagar ved å lese denne boka. Røyset klarer også å gjere det heile spennande, trass i at vi eigentleg veit at det vil gå bra. Det er vel eit lite kunststykke i seg sjølv.

Ho blandar også inn det mest notidige i notida på ein god måte. Det smått absurde i måten vi brukar moderne apparat, som TV, telefonar og nettbrett, er stilt til skode, utan at det opplevast som fordømmande. Eit oppdrettsanlegg er også del av historia, men denne tematikken verkar i denne samanhengen som noko søkt og uforløyst. Ein kan sjølvsagt rose forfattaren for å ta opp slike viktige spørsmål, men i mi lesing spelar dei ikkje ordentleg på lag med forteljinga, og blir såleis ståande som underkommuniserte og mindre vesentlege sidesprang i romanen.

Aldri fred å få er i det heile ein handlingsdriven og dramatisk roman, og i eit etterord viser Røyset også at mange av dei dramatiske hendingane er henta og utvikla frå verkelege hendingar. Høgt spel i Oksavika heiter ei av bøkene ho har tatt utgangspunkt i – for å skrive ein roman der det er høgt spel over ein låg sko. Denne spenninga gir barn og unge eit godt høve til å involvere seg i og oppleve noko av dramatikken som har prega forhistoria deira. «Det er slutt no, på gamle dagar», står det mot slutten av boka. Men gamle dagar har spelt ei uvurderleg rolle for dei som skal leve nye dagar – heilt direkte for Dagny og meir implisitt for alle andre.

 

Artikkelen er laget med midler fra prosjektet Periskop, som handler om å utvikle og styrke kritikk av kunst for barn og unge. Scenekunst, Kunstkritikk, Barnebokkritikk og Ballade er eiere av prosjektet og nettsiden Periskop.no, som har finansiering fra Norsk kulturråd.

Eivind Myklebust