Holt, Kåre: Hest for alle pengene

Holt, Kåre: Hest for alle pengene

Hest for alle pengene

Kåre Holt

Fabritius Forlag 1980 (Gyldendal 1973)

Laura Djupvik,
journalist og forfatter

Var eg den einaste? Barnebokminne av Laura Djupvik, journalist og forfatter Det er så mange

Var eg den einaste?

Barnebokminne av Laura Djupvik, journalist og forfatter

Det er så mange bøker ein ikkje hugsar noko av. Dei forsvinn berre. Andre hugsar ein berre så vidt. Litt av tittelen, kanskje. Eller til dømes at det handla om ein katt. Det betyr ikkje at boka var dårleg. Heller ikkje at ho ikkje har betydd noko. Om ei bok hugsar eg berre at det var eit blått hus på framsida. Og at eg likte den. Og om lag kvar boka var å finne på biblioteket. Ei bok eg hugsar godt er ”Hest for alle pengene” av Kåre Holt. Eg las den om att fleire gonger.

Eg var aldri noko typisk hestejente. Men også eg fekk hestefeber og drømte om å få min eigen hest.

    – Men kvar skal vi ha han? spurte mor mi. – Vi kan ha han på vaskerommet, sa eg. – Tøys, sa mor mi.

Det er så typisk foreldre. Kven har sagt at ein ikkje kan ha ein hest på vaskerommet? Eg fekk aldri hest.

Men mor mi kom heim med posar fulle av bøker. Det hadde vore boksal i byen. Kanskje heitte det mammut den gongen også. Det var berre å velje.
I ein av posane låg ”Hest for alle pengene”. Boka står i hylla mi, ei av få bøker som har følgt meg heilt hit.

Vi møter fire barn i det vesle bygdetunet Gløtten: Pia, Klaus og tvillingane Simon og Siri. Det heile tar til i det far til Pia vinn i tipping. Han har sagt at dersom han vinn i tipping (noko som er lite truleg i og med at han er fullstendig uvitande om fotball), skal han spandere tur til København på alle foreldra i Gløtten. Dei vaksne fortvilar og barna jublar. Far til Pia må halde ord, og tre engstelege foreldrepar reiser frå Gløtten til København.

Barna får uventa besøk av sirkusartisten Ola med ullhåret og hesten hans. Dei to er på veg til slaktaren, men eit forferdeleg uver tvingar dei til ein stans i Gløtten. Halvt ihelfrosen og pengelens fortel Ola om sirkuset som har gått konk og hesten som har ein vond fot.

Hesten må reddast. Barna må kjøpe hesten frå Ola! Og foreldra må overtalast per telefon. Det kjem til å bli vanskeleg, for vaksne plar motsette seg slike ”redd eit dyr og ta det med heim”-planar.

Merkeleg nok seier far til Pia ja til å kjøpe hest, ja til å ha han på kammerset, ja til at dei kan ta ut alle pengane frå banken, samt selje ting heimafrå for å få råd til hesten.
Det er ein merkeleg telefonsamtale. (Særleg fordi far heile tida trur det er snakk om ein gyngehest.)

For ei herleg mistyding. Og så herleg å sitte åleine og lese og le!

Eg sat i senga mi, likar eg å tru no, medan senga enno stod inntil vindauge på rommet mitt i andre etasje. Det var laurdag, det regna ute, og nede heldt dei andre på med andre ting, kanskje dei bakte bollar, medan eg sat der på rommet mitt og lo. Men alt dette hugsar eg eigentleg ikkje. Berre at eg lo. Samtalen mellom Pia og faren las eg mange gonger.

Merkeleg nok har eg til gode å møte nokon som har lese ”Hest for alle pengene”. No kan eg strengt tatt ikkje vite det sikkert. Men av alle eg har spurt, og det er mange, er det ingen som har lest ho. Og ingen ser ut til å ville lese ho heller.
Er det det at dei ikkje trur meg når eg seier boka er morosam? Eller forstår dei ikkje kor bra det er med slik morosame lesegleder?
No må eg også spørje: Var eg den einaste som sat med ”Hest for alle pengene” på fanget tidleg på 1980-talet og las og lo?
Eg berre lurer.

Vi takker Norsk barnebokinstitutt for avbildingen av forsiden. Boka fins i deres samling.

Laura Djupvik