Norsk film vert liksom aldri ferdig med å gje oss spennande forteljingar frå andre verdskrigen. Norske ungdomsromanar derimot, har ikkje helt den same agendaen. Tor Arve Røssland sin krigsroman Alt er lov er difor ei litt annleis bok mellom alle ungdomsbøkene som fortel om det å vere ung i dag. Alt er lov er ei forteljing som baserer seg på verkelege hendingar på Vestlandet i 1944. Karakterane og handlingane deira er oppdikta, og dei verkelege hendingane som skapar ramma rundt forteljinga, er skildra på ein forståeleg måte i eit godt etterord. Vi lever i ei tid der om lag halvparten av alle unge er urolege for krig. At vi framleis skapar filmar og bøker som framstiller andre verdskrigen som ei beint fram spennande tid, er problematisk. Men sett frå ein annan vinkel: Kanskje kan ei bok som Alt er lov lage eit slags pustehòl for ungdommen som kjenner seg litt urolege? Det var jo trass alt ikkje nazistane som vann verdskrigen til slutt.
Farar og flukt
Dei verkelege hendingane boka baserer seg på, er mellom anna ei naudlanding med seks kanadiske flygarar på Haugland i Bjørnafjorden i 1944. Same hausten bomba dei allierte ein tysk ubåtbunker i Laksevåg, og det gjekk hardt utover lokalbefolkninga. Desse to hendingane vert på ulike vis fletta saman i boka. Forfattaren har støtta seg både på historiebøker om krigen og på forteljingar frå folk som budde i dei aktuelle områda på Vestlandet under flystyrten og bombinga.
I boka treffer vi ulike eg-forteljarar, og kvart kapittel er utstyrt med ei overskrift som syner både stad, tidspunkt og namnet på den som fortel. Dei to viktigaste forteljarane er Arne og Astrid, som i starten av forteljinga berre så vidt kjenner til kvarandre, men som etter kvart endar opp saman på ein båt til Shetland. Astrid arbeider i løynd for motstandsorganisasjonen Milorg, og hentar informasjon om tyskarane under dekke av å vere kjærasten til ein tysk soldat. Arne og dei andre på Haugland er vitne til at det kanadiske flyet styrtar, og Arne og faren hjelper flygarane i sikkerheit. Både Arne og Astrid har hamna i situasjonar som set dei i fare. For kva om tyskarane oppdagar kva dei driv med? Etter kvart som ein kjem lenger ut i boka, stig spenninga, og når dei til slutt må flykte frå Noreg til Shetland, er det like tett mellom spenningsmomenta som i ein thriller. Dei aller siste sidene i boka kan gje lesaren eit gys.
Fint forteljargrep
Utan at eg har kjennskap til korleis unge var, tenkte og snakka under krigen, kjenner eg at Røssland har skapt to truverdige karakterar i Arne og Astrid. Han har òg gjeve dei eit samansett og truverdig miljø som syner kor vanskeleg til dømes familielivet kunne vere i denne tida. Astrid sine foreldre og den eldre broren Jørgen sympatiserer med nazistane, og den yngre broren Geir vert mobba på skulen som følgje av dette. Astrid er på si side ei innbiten motstandsjente. Sidan boka stadig skiftar eg-forteljar, kan vi lese om dei same hendingane og livssituasjonane frå ulike perspektiv. Det er eit fint forteljarteknisk grep som gjev forteljinga meir kompleksitet og ei betre forståing av kva desse ungdommane står i.
Kjensler av ulike slag
Som den spenningsforteljinga dette er, vert det fokusert meir på dramatiske hendingar og handlingar enn på kjensler. Ein del hendingar påverkar likevel karakterane kjenslemessig. Om Astrid sin reaksjon etter bombinga av Laksevåg les vi: «Alt det grufulle fekk meg til å mista balansen» og «Alt inni meg var skrapa bort, eg var berre eit tomt skal». Men ho kjem seg fort på beina, klar til å rømme frå tyskarane. Alle kjenslene som må ha dukka opp i kjølvatnet av bombinga, kunne nok ha fylt ei heil bok i seg sjølv. Traume kan slå ut folk. Eit større rom for tragedien og dei sterke kjenslene hadde vore fint. Men dette er kanskje ikkje sjangeren for nett slike ting.
Tittelen Alt er lov speler på ordtaket «I krig og kjærleik er alt lov». Og visst er det kjærleik i denne boka òg. Eg vil ikkje røpe for mykje, men forfattaren fortel ei noko annleis kjærleikshistorie enn vi er vande med. Her er det rom for både litt forbodne kjensler og kjærleik som kanskje aldri får blomstre. Det skapar ei ekstra sensitivitet i forteljinga. For ein ung lesar gir Alt er lov innsyn i ei tid som kan kjennast framand, men her er òg ting ein kan kjenne seg att i. Boka kan opne for samtalar om det som skjer av krig og elende i verda nett no, og kanskje kan ho gje ei von om at det framleis er noko vi kan lære av historia.










