I ly for dei vaksne

I ly for dei vaksne

Jakob To-To og Heslige Huggtann

Mordecai Richler

Kjersti Rorgemoen

«… du er anklaget for å ha fornærmet – ikke en annen liten banditt … jeg mener barn – men, ja – du store himmel, et voksent menneske

Eg hugsar Jakob To-To og Heslige Huggtann kanskje fyrst og fremst fordi det var ei av dei fyrste bøkene eg klarte å lese i sin heilskap, heilt aleine. Utan nokon vaksen som las høgt for meg, utan at det var ein teikneserie. Det var ei ordentleg bok på over hundre sider, nesten utan bilete, det var ein triumf.

Jakob To-To kan ikkje slå eit telefonnummer, fange ein ball i lufta eller skjere ei brødskive utan at den blir tynn som papir i den eine enden og tjukk som ein murstein i den andre. Han gjentar alltid det han sjølv seier, noko kjøpmannen gjer narr av ved å spele støytt. Saman med dei vaksne i butikken latar han som om Jakob To-To skal arresterast, og helten vår flyktar i redsel inn i den skumle parken, der han gøymer seg og fell i søvn. Draumen fører han til domstolen, der han står tiltala for å ha fornærma eit vakse menneske. Mens den mislukka advokaten hans sit under eit bord og gret, blir han dømt til soning i det mørkaste fangeholet i barnefengselet. Der styrer Heslige Huggtann, ein fribrytar kjend frå TV. Boka sparar ikkje på noko. Det kalde fengselet ligg i evig tåke, er omkransa av brennesler, kvikksand, krokodiller og giftig eføy, og ved ankomst ligg den illeluktande og ubarberte Heslige Huggtann på golvet og kvesser tennene sine med eit kjøtbein. Heslige Huggtann vil helst bli hata og oppfatta som ekkel og grusom, ein som avskyr og pinar ungar, men Jakob To-To ser forbi den skrekkelege fasaden og tek opp maktkampen med fengselssjefen.

Eg kjende meg svært lojal til barndommen då eg var barn. Då ein medelev på barneskulen i eit friminutt sa at ho gledde seg til å bli vaksen, dømte eg henne i mitt mørkaste indre som skikkeleg teit. Kanskje var det denne fiendtlege distansen til vaksenverda som gjorde at eg let meg fenge av ei bok som Jakob To-To og Heslige Huggtann. Konflikten mellom det urettferdig behandla barnet og dei latterlege, kalde vaksne, finst langt meir nyansert, hårreisande og fantastisk skildra i bøkene til Roald Dahl, som eg gjenlånte dusinvis av gonger på bokbussen. Men sjølv om boka om Heslige Huggtann ikkje toler ettertidas lys like godt som klassikarane til Roald Dahl, var ho ei av dei som for meg opna vegen mot ei sjølvstendig lesing, suverent i ly for dei vaksne.

 

Kjersti Rorgemoen. Foto: Helge Hansen
Kjersti Rorgemoen. Foto: Helge Hansen

Kjersti Rorgemoen (f. 1982) bur på Tvigyva i Tokke, og har ein mastergrad i nordisk litteratur. Ho debuterte i 2009 med Purkene snudde seg og i fjor haust kom boka Håpet og festen.

Kjersti sender stafettpinnen vidare og vil utfordre Guri Sørumgård Botheim til å dele sitt barnebokminne neste gong.

Boka kan lesast elektronisk hos Nasjonalbiblioteket på bokhylla.no.

Ingvild Bræin

Født 1971. Redaktør i Barnebokkritikk. Bokanmelder i Dag og Tid, teateranmelder i Bergens Tidende og Shakespearetidsskriftet. Forlagskonsulent og forfatter. Mastergrad i nordisk språk og litteratur fra UiB.