Ikkje lett å vere ku

Ikkje lett å vere ku

Da Per var ku

Thorbjørn Egner

Halvorsens bokhandel, 1946
(Senere utgaver ved Cappelen)
Illustrert av Thorbjørn Egner

Halvorsens bokhandel

1946

Da Per var ku kom fyrst ut i 1946, med enkle strek-illustrasjonar utan farge. 1976

Da Per var ku kom fyrst ut i 1946, med enkle strek-illustrasjonar utan farge. 1976 kom utgåva som vi kjenner best i dag, den er i typisk naivistisk strek og lette, friske fargar. Originalutgåva har nettopp kome ut på ny i ei samla jubileumsutgåve.

Historia er kort fortalt slik: Per har vore på landet heile sommarferien, på ein gard. Natta før han skal reise, drøymer han at han vert forvandla til ei ku. Han jagast ut av huset og inn i fjøset. Dagen etter, då Per nektar å gå på beite, blir han piska av den slemme, lange Theodor.

Per stangar Theodor, og dreg ned til togstasjonen. Det er jo i dag han skal reise heim til byen!
«Det blir godt å komme heim til Mor og Far», tenkjer Per. Men Per får ikkje reise i vanleg togvogn. Han må reise i ku-vogn, det ristar og Per kan knapt stå på beina. Heldigvis er det håp, snart er han heime og trygg, tenkjer han. Men når han kjem til byen blir det ikkje så lett. Han blir nekta ombord på trikken, konduktøren dreg han i halen for å stoppe han! Og ingen forstår kva han seier. Ku Per må i staden traske heile vegen heim, gate opp og gate ned. Han ser kameratane leike. «Mø» seier Per («så hyggelig han kunne»), men kameratane og katten spring og gøymer seg, dei har vel aldri sett ei ku før. Når han endeleg er heime der han bur, bankar Ku Per på døra med dei klossete hovane sine, og mor opnar.  Dette er omslag-illustrasjonen, og klimaks i boka. Mor ser på kua med forskrekka O-munn.  Den smilande Ku Per, ser lukkeleg opp på mor, klar til å legge «begge forlabbene om halsen på henne». Det er rett og slett hjarteskjerande.

Ku Per tek til tårene, då ikkje ein gong foreldra kjenner han att, og vil jage han bort. Men heldigvis forbarmar foreldra seg over den stakkars kua, dei slepp ho inn og gir ho mat. Og ho får til og med sove i Per si seng, han er jo på landet med onkel og tante.

Det ender heldigvis godt, Per vaknar opp som Per igjen, i senga til onkel og tante, og det var berre ein draum.

Da Per var ku av Thorbjørn Egner og Til Eventyrland av Elsa Bescow er to bøker eg elska då eg var born. Ikkje to bøker som ein treng å samanlikne, men Da Per var ku har òg element av eventyret i seg; det å bli forvandla til ei anna form.

Ein viktig del av formskifte i eventyr, er om det er frivillig eller ikkje. Om metamorfosen er noko som blir tvinga på ein, som til dømes å bli forvandla til ein stein, kan det føre til at ein blir innesperra, tilbakehalden. Medan andre forvandlingar kan løyse problem, ein finn rømingsvegar og ein kan handle på ein måte som før ikkje var mogleg.

Det at Per blir ku, er vanskelig å døme som noko positivt eller negativt. Det var rett nok berre ein draum, men historia er dramatisk nok. (Eg kan ikkje hugse om eg som born fann trøyst i at det berre var ein draum, eller om eg i det heile tatt brydde meg. Historia leste eg igjen og igjen, uansett.) Om Per frivillig blir ku eller om dette er noko som blir tvinga på han, er usikkert.  Per synest sant nok at det er sørgjeleg at sommarferien er over, og han må tilbake til byen. Det kan ligge underlagt i handlinga at Per koser seg slik på landet at han på ein måte ynskjer at han kan bli ku, for kyrne bur på garden året rundt. Så konklusjonen må vere at det å bli forvandla til ku var litt hell i uhell for Per. Han var i sitt unge, naive sinn ikkje klar over kor vanskeleg det var å vere ei ku!

Sjølv om Per blir ku, fungerer hjernen til Per framleis som hos ein vanleg gut. Han har ikkje fått forstanden til ei ku, og bra er vel det. Då hadde historia blitt noko annleis. Men å kommunisere med ord, klarar han ikkje:

“Isj! Hva skal den ekle kuen her”, sa en dame som stod der og som var så veldig fin.
“Mø!” sa Per og mere sa han ikke.”

Når det er sagt: Å seie «Mø!» til svar er ikkje alltid så dumt. Eit dumt spørsmål står seg tent til eit dumt svar, var det nokon som sa, eg hugsar ikkje kven, men sant er det.

Kvifor eg likte Da Per var ku så godt som born, har eg ikkje reflekter over, før no. At kyr var så kjent og nært for meg, kan ha noko med saken å gjere. I familien min er ku- relaterte ordspel ein del av daglegtalen. Om nokon er veldig påståeleg og seier «at eg trur ditt og eg trur datt», kan ein svare tørt til motspel: «Jaja, kyra mæ trudde».

Spør kva klokka er, då kan svaret likegodt vere «ti over ei ku-rau» som ti over tre. Og på 17-mai kan vi rope «17 mai, Petter og Lai, gjekk med ku-skit næri lommine». Kanskje kjem det av at kyr beita rett utfor husdørene på øya Giske då eg vaks opp.

Om våren stinkar heile øya ku-skit, då er det tid for den årlege gjødsel-sprøytinga. Lukta av kuskit er eit sikkert vårteikn på Giske. Ein må og passe seg for å ikkje trakke ei ku-rue når ein går tur på markane. Kyr er derfor til stades i undermedvitet sjølv når ein ikkje ser dei. Eg har vekse opp med besteforeldre med gard og fjøsdrift, å stå i silo var vanleg sommarjobb. Kyr har vore ein del av det daglege, samstundes som det er noko bondsk og pinleg over dette med ku og ku-skitlukt.

Eg trur eg likte det absurde i det at ein gut som heiter Per kan bli ei ku. Eg har alltid elska dei enkle, herlege naivistiske karakterane og smilande dyra til Egner. Eg synes boka var morosam, men også dramatisk. Det røyrde meg at Per ikkje kunne kommunisere anna enn eit «mø», sjølv om tankane var noko anna. Eg kjente medkjensle i det at han var så aleine om å vite at han var blitt forvandla til ku. At han var klosset og stor, og ikkje tilpass i byen. Det ligg vel eit underliggjande tema der. Det å kjenne seg heime i seg sjølv. Samt frykta ein kan ha for ikkje å passe inn, å ikkje bli forstått eller sett for den ein eigentleg er. Dette er vel noko alle menneske har kjent på, ku eller ikkje ku.

(Foto: Ingeborg Refsnes)

Elin Grimstad lager animasjonsfilm og står bak bildeboka Månen som ville lyse som ei sol. Hun sender stafetten videre til regissør og dramatiker Anne Mali Sæther.

Guri Fjeldberg

Født 1969. Frilanser. Utdanna journalist, norsklærer og vaktmester. Har anmeldt fast for Bergens Tidende og Aftenposten i over 20 år. Har skrevet anbefalingsguiden «101. De beste barnebøkene 2005-2015». Kåret til Årets litteraturkritiker i 2015. Foto: Solvor Nærland