Ildens gåte
Oversatt av Kari Bolstad
183 sider
Gyldendal 2003

Første bok i serien:
Ildens hemmelighet 
2. utgåve
Oversatt av Kari Bolstad
139 sider
Gyldendal 2003

Ildens gåte

Eit viktig rop frå ei anna verd

Mankell si nye bok om Sofia i Mosambik, Ildens gåte, er ein verdig oppfølgjar til Ildens hemmelighet fra 1996, som Gyldendal nå gir ut i ny utgåve. Også denne gongen tek Mankell fatt i eit alvorleg problem og skriv om det på ein måte som vekkjer tillit.

For sju år sidan gav Gyldendal ut Henning Mankell si barnebok Ildens hemmelighet, som fortalde om 12-årige Sofia frå Mosambik, eit av dei mange landa i Afrika som har vore herja av borgarkrig. Sofia og systera hennar, Maria, spring ei natt gjennom skogen og trakkar på ein landmine. Maria vert drepen, og Sofia vert lemlesta og mister begge beina. Boka fortel vidare om korleis Sofia vert teken hand om på sjukehuset, får protesar, lærer seg å gå att og om den vanskelege tida når ho vender heim til landsbyen att. Boka er no gjeve ut på ny, i samband med at ei ny bok om Sofia ligg føre.

Ildens gåte heiter den. Det er gått fire år, og sjølv om Sofia er hovudpersonen også denne gong, krinsar mykje av handlinga om storesystera hennar, den vakre og livsglade Rosa. Dei to bur saman med mora Lydia og veslebrørne Alfredo og Faustino i ei lita hytte, med den tjukke fru Mukulela og korgmakaren herr Temba som næraste naboar. Om dagen arbeider Lydia på åkerlappen på andre sida av landsbyen, med Faustino i beresele på ryggen. Sofia går på skulen, medan Rosa steller heime og passar veslebror Alfredo på seks. Ei vanleg afrikansk familie, kor Rosa drøymer seg vekk – om gutar og det spennande livet som ligg bortanfor landsbyen, og kor Sofia mest av alt ønskjer seg ei utdanning, det er lege som er hennar draum, om ein kan bli lege når ein ikkje har sine eigne bein, då. Så skjer det som berre ikkje må skje. Rosa vert sjuk. Det går ikkje lang tid før Sofia forstår at det er denne alvorlege og dødelege sjukdomen som ingen vil snakke om. Ho får overtydd Rosa om å gå til legen, som berre kan stadfesta det dei var redde for. Ho har fått aids. Men mor Lydia vil ikkje høyre, ho tek alle sparepengane og sender jentene til curandeiro’en, medisinmannen herr Nombora. Han som har skilt med følgjande tekst: ”Doktor Nombora helbreder aids samtidig som hans bror reparerer Deres ødelagte sykkel” Men heller ikkje trolldomskunstane hans kan hjelpe. Rosa døyr.

No er dette ei alvorleg bok, med eit særs alvorleg tema. Men ho er ikkje berre trist og mørk. Det skjer positive ting også. Mellom anna vinn kvinnene i landsbyen ein siger i kampen mot den usle landoppkjøparen Bastardo (!), familien sit på første rad og ser korleis kjærleiken blømer mellom dei to naboane, og legen tenner eit håp for Sofia, for sjølvsagt kan ein bli doktor sjølv om ein manglar føter! Men best av alt, kan hende, Sofia treffer ein gut, Armando, som duftar så godt av kanel…

Henning Mankell har sjølv treft jentungen Sofia, først på sjukehuset då ho hadde mist begge beina, og sidan i landsbyen då han vart fortald at Rosa hadde bukka under for den nye store folkesjukdomen i Afrika, aids. Han brukar historia til denne familien til å fortelje oss her i nord om ein annan kvardag, om ei verd der skulegang og helsestell ikkje er sjølvsagt, og der moderne folkeopplysning må ta kampen opp mot urgamle mytar og religiøse førestellingar. Og om ei verd der det no står ein livsviktig kamp mot ein av dei største katastrofane i vår tid, kampen mot hiv og aids. Til no har tre fjerdedelar av dei 20 millionane som har døydd av denne sjukdomen funne sin gravplass i Afrika. Årleg vert om lag 300 000 mosambikarar smitta, og det i eit land med knappe 17 millionar innbyggjarar. Det skulle svare til 75 000 nordmenn, eller vel 200 nye hiv-tilfelle kvar dag her i landet. Det seier noko om dimensjonane. Ja, det er nærast ufatteleg, og difor er vel det lettaste ikkje å tenkje på det. For den som likevel vil vite meir om sjukdomen, og om arbeidet som gjerast i kampen mot den, vil eg tilrå å lese eit intervju med Mankell. >>> («Framtidens historiker ska ställa oss till svars» )

Henning Mankell legg ikkje skjul på at han skriv politisk. Men Ildens gåte er langt frå nokon agiterande bok. Den er, trass eit alvorleg tema, ei varm og lettlesen bok, og Mankell har ei eiga evne til å finne dei rette og kvardagslege orda. Han legg ikkje ut med detaljar og lange forklaringar, men klarar seg med lite. Eller for å seie det med ein svensk ungdom, då boka fekk den såkalla bokjuryen sin pris i 2001, han skriv slik at alle får si eiga film kor ein enn er, på toget, i parken eller i godstolen, og han skriv så ein kjenner den varme sanden under føtene og dufta av maisgraut. Det er kan hende ein klisjé, men eg trur at mang ein norsk ungdom vil ha godt av å lese desse bøkene. Om ei sekstenåring som tenkjer på liv, død, venskap, helse og utdanning når ho skriv ønskjelista si. Og først på tiande plass har eit materielt ønskje: ein kulepenn.

Tredje og siste boka om Sofia, Ildens vrede, kjem etter planen neste år.



Skrevet av:
Ingen kommentarer.

Legg igjen en kommentar

Legg inn din meaning her. Vær hyggelig. Din e-post vil holdt anonym.