Sjølv om eg år etter år fortel VG2-elevane mine at den norrøne litteraturen er verdslitteratur og noko me både bør kjenne til og vere litt stolte av, kan det vere ein kamp å få dei gjennom Sagaen om Gunnlaug Ormstunge. Det er så mange namn og reiser hit og dit, utan at ein heilt skjønar kvifor, og når det endeleg kjem litt action ender det ofte i underdrivne antiklimaks. Dette er viktig, insisterer eg, dette angår oss i dag også, kan de ikkje sjå det, seier eg til dei glasaktige blikka.
Det er så ein får trong til å smadre ein uskuldig paraply i frustrasjon.
Eg overdriv sjølvsagt, men berre litt. Og eg skjønar elevane. Kvifor skal dei streve seg gjennom tusen år gamle tekstar når det finst så mange nye og kule versjonar av dei? Makoto Yukimuras Vinland saga, til dømes?

Alt er fåfengt og jag etter vinland
Vinland saga er ein manga, eller ein japansk teikneserie om du vil, som tar utgangspunkt i dei norrøne tekstane Grønlendingenes saga og Eirik Raudes saga, særleg delane som handlar om Torfinn Karlsevne. Karlsevne er mest kjend for å ha leia ein ekspedisjon til Vinland, altså Nord-Amerika, rundt tusenårsskiftet. Torfinn Karlsevne er ein figur med historisk grunnlag, men dei skriftlege kjeldene gir ulike og til dels vage bilete av kven han var. Yukimura byggjer vidare på den historisk-litterære Torfinn, fyller inn hol og smører på ein del fantasi, sjølv om han tydeleg står i gjeld til kjeldene.

I den første boka er tittelens Vinland meir eit løfte om noko anna og betre: «Et sted… som ikke er her». For her, den norrøne verda, er hard og brutal. Me møter først Torfinn som ung vaksen. Han er driven av hemntørst og seglar difor saman med faren sin banemann, Askeladd (!), i håp om ein gong å få rettferd. Yukimura kastar lesaren rett inn i ei handling ein skjønar ligg over eit djupt og grumsete lag med forhistorie. Den siste halvdelen av boka byr på eit tilbakeblikk frå Torfinns barndom som svarer på nokre av spørsmåla lesaren sit med, men langt frå alt. Ein anar konturane av ei episk forteljing.
Så er også serien på 15 bøker, noko som eigentleg ikkje er så mykje samanlikna med andre populære mangaer, som til dømes Full Metal Alchemist (27) eller One Piece (over 100!). Den første boka, som no altså er ute på norsk, malar opp ei brei og episk forteljing som tar seg god tid. Ho er likevel spekka med drama og spaning, og det er nok handlingstrådar til at ein blir interessert i å følgje historia vidare.

Ikkje ein saga blott
Men altså, verdslitteratur. At islendingesagaene får nytt liv gjennom japansk manga er jo nettopp noko som understrekar kor store ringar desse tekstane har laga. Boka er både veldig typisk japansk og veldig nordisk på same tid. Det nordiske ligg både i omgjevnadene og den historiske bakgrunnen. Det japanske kjem til uttrykk hovudsakeleg gjennom det visuelle uttrykket. Karakterane har overdimensjonerte auger og ofte overdrivne andletsuttrykk som framhevar dei intense kjenslene karakterane går gjennom.

Som i mange mangaer, er forteljinga også driven meir av teikningane enn av teksten, men sidan Yukimura legg seg tettare opp mot eit kjeldemateriale, er det også ein del tekst. Aleksander Songe-Møller Soleims omsetjing fungerer fint. Han held seg til eit moderat bokmål som kan verke litt stivt nokre stader, men leikar seg også med sosiolekt. Det luggar likevel litt når replikkar som «Hva babler’u om, tjukken» og «For no’ dølt drit!» blir ytra av normannarar.
Sentrale trekk ved sagalitteraturen er ein nøktern og sakleg forteljarstil, nedtona følelsar og underdrivingar. Yukimuras «saga» snur opp ned på alt dette, men det er kanskje naudsynt for å fortelje om Karlsevne på ein måte som treff moderne lesarar. Det autentiske er mindre viktig enn det emosjonelle.
Eg kjem ikkje til å erstatte Gunnlaug Ormstunge med Torfinn Karlsevne i norsktimane mine, men ved å tipse dei om at dei kan lese om meir eller mindre det same universet gjennom manga kan dei kanskje bli interessert i å gå til kjeldene. At serien i tillegg har ei målgruppe på 16+, såkalla seinen, gjer at han fungerer som eit utmerkt supplement for trøytte vidaregåandeelevar.














