Mitt barnebokminne - av Helge Torvund,
psykolog, lyriker og forfatter
Gutten med støvlene
Kathryn og Byron Jackson (tekst)

J. P. Miller (ill.)
Oversatt av Alf Prøysen
Tiden 1953

Jackson. Kathryn og Byron: Gutten med støvlene

KVALITET? NEI. FANTASTISK? JA

Barnebokminne av Helge Torvund, psykolog, lyriker og forfatter

Skulebiblioteket var eit lite smalt rom med bokhyller på eine langveggen og vindauge på kortveggen. Eit slikt rom som oftast vert nytta til lager av skrivebøker og anna materiell på skulane. Det påfallande med bøkene var at dei alle var innbundne i same type innbinding. Mørkeraude, brune eller grøne stod dei bortover mellom bokstøtter av metall. Med blanke og litt ruglete permar. Alle hadde eit slags Ekslibris som fortalde at dei var innkjøpte av Kulturrådet, om eg hugsar rett. Dei gav frå seg ei spesiell lukt, desse bøkene. Me fekk gå inn to og to for å låna. Og når ein først var hekta på Hjortefotbøkene eller hadde vorte oppslukt av Den siste mohikanar, var det med ei sitrande forventning ein kom inn der for å ta med seg nye spennande forteljingar heim.

Men i min barndom var dei kulturelle opplevingane eg minnest i stor grad prega av eigen aktivitet og kreativitet. Me teikna lange remser med will west-historier på remser av matpapir som me viste fram for oss sjølve på ein ”filmframvisar” me hadde laga av ei øskje. Me stakk eit firkanta hol i eine enden, sette inn ein ståltrådsveivar på kvar side av opninga. Med lyset avskrudd og gardina føretrekte, rulla me papirremsa forbi firkanten. Inni øskja lyste ei lommelykt opp teikningane våre. Me såg eigenprodusert ”teiknefilm”!

Nede i eit rom i kjellaren hadde me dokketeater. Me hadde laga ulike fingerdokker. Eg kan hugse ein smed og ei smie. Og så hugsar eg at alle ungane kom og såg på. Sidan bror min byrja på skulen tre år før meg, byrja han å læra ting eg ikkje kunne. Men dette ordna me slik at han hadde skule for meg nede i kjellaren. Kvar veke fekk eg læra det han hadde gått gjennom på skulen. Slik lærte eg tidleg å lesa. Og det gjekk ikkje lenge etter at eg hadde lært å skriva før eg tok til å skriva eigne historier. Eg skreiv på ark som eg limte inn i ei tjukk rekneskapsbok eg hadde fått av mor. Me hadde ein del bøker heime. Eg hugsar ei veldig fin utgåve av ”Tusen og ei natt” med detaljerte og forunderlege penneteikningar som må ha vore av Edmund Dulac. Men her vil eg ta fram eit av dei aller første bokminnene eg har. Kanskje ikkje nett slikt ein tenkjer på som kvalitetslitteratur, men det er jo eit poeng at slike bøker kan verta prenta djupt inn i eit barnesinn. Det var ei bok i Tidens gullserie med tittelen ”Gutten med støvlene”. Ho må ikkje forvekslast med eventyret om katten med støvlane. Denne enkle historia var skriven av Kathryn og Byron Jackson, og handla om ein gut som var ven med alle dyra på bondegården. Han hadde alltid på seg dei same kleda og dei same støvlane, og då han gjekk sin faste runde frå dyr til dyr om morgonen, kjente dyra han igjen på lang avstand og helsa han med sine ulike glade dyrelåtar og rørsler.

Så skjer det ei dramatisk vending! Guten får nye, fine støvlar. Dei var gule, meinar eg, medan dei gamle var raude. Han blir så glad og gleder seg til å prøva dei ute. Men då han kjem ut til dyra dagen etter, kjenner dei han ikkje igjen! Dei er sure og avvisande. Guten vert lei seg og fortvila, og eg identifiserte meg sterkt med han. Eg gjekk gjennom denne forferdelege avvisinga og djupe einsemda kvar gong boka vart lesen. Og det vart ikkje noka løysing på denne konflikten, før han tok på seg dei gamle støvlane igjen. Eg tviler på om moralen kan ha vore at ein helst ikkje skulle få nye klede eller sko? Boka var illustrert med tidstypiske teikningar av J. P. Miller og ho er opphavleg frå ”A Little Golden Book” serien som vart publisert av Random House. Den norske teksten var ved Alf Prøysen. Det skulle ein kanskje tru var eit kvalitetsstempel, men når ein ser på nokre av dei norske versjonane han laga av engelske barnerim, så ser ein at det har vore gjort ein del venstrehandsarbeid innimellom.

Eg har sjølvsagt ingen kvalitetsvurdering av verken tekst, teikningar eller omsetjing av ”Gutten med støvlene”. Ho var bare heilt fantastisk på alle vis. Med gullrygg og det heile.

Vi takker Norsk barnebokinstitutt for bildet av bokas forside. Boka fins i deres samling.



Skrevet av:
Kommentarer