Janosch: Til Panama, til Panama!
Til Panama, til Panama!
Janosch
Omsett av Hanna Midtbø (Samlaget 1979)
Originaltittel: Oh, wie schön ist Panama (1978)
Alf Kjetil Walgermo, forfattar og kritikar
DRAUMEN OM PANAMA Barnebokminne av Alf Kjetil Walgermo, forfattar og kritikar Minner om bøker er
DRAUMEN OM PANAMA
Barnebokminne av Alf Kjetil Walgermo, forfattar og kritikar
Minner om bøker er ikkje alltid til å stole på. Det vil seie, minna er kanskje til å stole på, men som vegvisar funkar dei i varierande grad. Eg minnest til dømes at eg på eit gitt tidspunkt hadde Hardyguttene og rømlingen som forsvant som favorittbok. Før denne var det 1. Mosebok. Og før den igjen var det ei Disney-bok om Raptus von Rupp, som eg kravde å få lese om att og om att som fireåring.
Eg har lurt på kva for eit minne, og kva for ei bok, eg skulle trekkje fram i denne spalta. Det første eg tenkte på var Hector Malots Frendeløs, ei av mange bøker som mamma las for meg på sengekanten. Forteljinga om hittebarnet Remi gjorde ekstra djupt inntrykk på meg. Eg drøymde nok om sjølv å farte rundt med Vitalis og truppen hans (ein apekatt og nokre hundar), samtidig som eg var sjeleglad for at eg kunne ligge trygt og varmt i ei god seng og berre høyre på.
Eg kunne like gjerne ha sagt Aimée Sommerfelts Veien til Agra, om Lalu og den vesle augesjuke søstera hans, Maya. Denne boka har eg ikkje lese om att sidan eg var barn, men eg minnest at ho var ei av dei sterkaste leseopplevingane mine.
Eg kan heller ikkje komme utanom Astrid Lindgrens bøker, der særleg Brødrene Løvehjerte – med sitt alvor og sine store spørsmål – og Emil fra Lønneberget– med sin fabelaktige humor – har vore viktige. Både for meg som lesar, og seinare for meg som forfattar. Eg har blant anna med ein liten «hommage» til eitt av Emils stunt i den første barneboka mi, Keegan og sjiraffen. Og Lindgren viste at det går an å skrive meiningsfullt om død for barn, slik eg har prøvd å gjere det i Mor og far i himmelen.
Barndommen er i det heile full av gode minne om fine, fantastiske, vakre, skumle og morosame bøker. Boka som eg til slutt valde å skrive om, kan eg ikkje hugse når eg las første gongen. Det er like fullt eit sterkt barnebokminne. Dei konkrete minna frå barndommen er også sterke, som Barne-TV. På eit tidspunkt i livet då eg var i ferd med å forlate desse fjernsynssendingane for barn, kom den vesle bjørnen og den vesle tigeren og redda meg inn i barndommen att.
Oh, wie schön ist Panama heiter boka originalt, og kom året etter (1979) ut på Samlaget med tittelen Til Panama, til Panama! Den norske utgåva, ved Hanna Midtbø, er så god at boka reint ut styrkjer identiteten min som nynorskbrukar. (Apropos: Halldis Moren Vesaas og Ragnar Hovland er også mellom omsetjarane som har gitt oss bøker av Janosch på norsk.)
Språket er altså det første eg vil løfte fram i Til Panama, til Panama! Janosch – eller Horst Eckert, som forfattaren eigentleg heiter – skriv enkelt, men med stor poetisk kraft. Denne poesien siv nydeleg fram i nynorskversjonen. Ikkje minst kjem uttrykket «då treng vi ikkje vere redde for nokon ting» att i utallige variantar.
Også forteljarteknisk er boka framifrå, både i forholdet mellom tekst og bilete, og gjennom ulike brot i teksten. Den autorale forteljarstemma kan brått vende seg direkte til hovudpersonane sine og seie: «Hei, vesle bjørn og vesle tiger! Ser de ikkje flaskeposten i elva? På den lappen kunne det stå ei hemmeleg melding … For seint. Der flaut han forbi.» Men den vesle bjørnen og den vesle tigeren lét seg verken skræme eller affisere av slikt. Som kjent: Dei er jo ikkje redde for nokon ting …
Tematisk er Til Panama, til Panama! suveren, slik boka skildrar ubryteleg venskap og draumen om det gode liv. Ikkje minst seier ho at det ein allereie har, kanskje likevel er det beste, framfor å tru at graset alltid er grønare på andre sida av gjerdet. Men Janosch moraliserer ikkje over dette. Den vesle bjørnen og den vesle tigeren oppdagar aldri at det lova landet, Panama, er nøyaktige den same staden som dei nyleg forlét.
Sirkelkomposisjonen er perfekt. Våre vener har brote opp, vore ute i «verda» og vendt attende. Kanskje ikkje med overvettes ny innsikt, men iallfall nokre livserfaringar rikare. Slik sett er Til Panama, til Panama! både ein klassisk danningsroman, og ein humoristisk parodi.
Oppfølgjarbøkene om den vesle bjørnen og den vesle tigeren held dessverre ikkje same nivå. Men Til Panama, til Panama! er eit høgdepunkt i den europeiske barnelitteraturen.
Vi takker Norsk barnebokinstitutt for avbildingen av omslaget. Boka fins i deres samling.