Kan ein hugse ei bok – utan å vite det sjølv?

Kan ein hugse ei bok – utan å vite det sjølv?

Pingvinen som ikke likte kulde

Walt Disney

Skrevet i samarbeid med Barbara Brenner
Donald Ducks bokklubb
Hjemmets bokforlag, 1976

Anna R. Folkestad

Hjemmets bokforlag

1976

«Hugsar du denne?» Eg og familien min er på den vante søndagsmiddagen hos foreldra mine.

«Hugsar du denne?»
Eg og familien min er på den vante søndagsmiddagen hos foreldra mine. Nett no kjem mor mi hoiande og veiftande med ei bok i neven. (Greitt, muleg eg overdriver litt med hoiinga, men veiftinga, den er det ingen tvil om.)
«Om du ikkje hadde veifta så voldsomt, ville det vore mykje lettare,» seier eg.
Mor mi veiftar litt til, berre for å halde på hemmelegheita litt til.
Men ho veiftar for dårleg, eg har alt sett kva bok det er.
«Det er jo Pablo!» Plutseleg er det som om det fell nokre bitar på plass. Det er som om kroppen min seier sjølvsagt» utan at eg veit kvifor.
«Det er nok her pingvinane dine kjem frå,» seier ho. «Garantert. Me las jo denne boka heile tida, me har jo lese ho sund til og med.»

Eg tek boka. Ja, ho er sund, sider er rivna og den harde baksida manglar heilt. Det er slik ei bok skal verte til slutt, tenkjer eg. Slik ei bok vert når eit born vert glad i ho – eller ikkje likar ei bok i det heile og berre vil øydelegge ho.
Denne er øydelagt med kjærleik.

Eg har til og med skrive namnet mitt i ho då eg var rundt 7 år ser det ut som, berre for å forsikre meg om at det var eg som fekk ho då eg vart vaksen. (Det er eit lite sjørøvartriks som er lurt å ha i ermet. P.S. Funkar ikkje på bibliotekbøker.)

Eg ville sjå om boka var slik eg hugsar. Om illustrasjonane var der. Ja, sjølvsagt var dei der, men eg ville sjå om det som dukkar opp langt baki hovudet var rett. Om dei var like morosame som eg hugsar.

  • Pablo som ikkje likar kulde. Som går med vottar, skjerf og hue slik at han ikkje skal fryse. At han ikkje har noko fottøy stussa eg ikkje over då eg var lita, men no lurer eg jo litt. Det vert jo eit ekstremt varmetap når ein går utan sko.
  • Pablo med ein omn på ryggen, som sklir bakover og vert hengjande over ei kløft med skia.
  • Pablo som går med varmeflasker på beina, men som smeltar isen han går på slik at han søkk ned i det kalde vatnet og vert til ein isklump.
  • Pablo som sit i eit badekar som sprutar bortover i ein heidundrandes fart.
  • Pablo som har funne seg ein ny varm plass, og som har bygd seg ein strå-iglo.

Ja, dei er der alle saman, og ja, dei er jo morosame. Enkle og reine i streken. Nett som eg hugsar.
Eg skjønar godt at eg likte den.

Men skal eg verkeleg velje denne boka til barnebokminne? Denne som er frå Donald Duck Bokklubb? Eg vil jo aller helst velje ei ekstraordinær bok, ei bok som nesten ingen har høyrt om. Som er skikkeleg original og heilt fantastisk. Skal eg velje ei Walt Disney historie? Men det visste jo ikkje eg då eg var lita. Og denne boka har sett sine spor. Det er det ingen tvil om.

Så eg les boka ein gong til. Etter at den barnslege iveren har gitt seg.

Pablo er ein pingvin som ikkje likar å ha det kaldt. Han likar ikkje å vere ute og fange fisk i det kalde vatnet. Eller gjere noko av det dei andre pingvinane likar. Han passar ikkje inn. Men det verkar ikkje som om det gjer han noko. Han driv på med sitt og er nøgd med det. Ikkje verkar det som om dei andre pingvinane prøver å få han med på noko heller. (Truleg har dei prøvd i mange år og funne ut at det er klin umuleg å få Pablo med seg på noko som helst.) Eg synest likevel at det er litt trist.

Pablo verkar som ein fin pingvin som er litt smartare og som tenkjer på litt meir enn dei andre pingvinane. Dei andre står der med litt sløve auger og berre vinkar til han då han legg ut på ski mot varmare strøk med ein stor tung omn på ryggen. (For å halde på varmen.)
Ingen prøver å overtyde han om å bli, eller vert lei seg for at han drar.
Men då Pablo (som ikkje var så smart likevel) sklir bakover på skia og vert hengjande fast i ei stor iskløft, kjem dei i alle tilfelle å hjelper han heim att. Varmar han opp under ein varm dusj. Slik at Pablo vert klar til dyst igjen.

Neste gong han prøver, er med varmeflasker godt stappa innunder jakka og på beina. Noko som fører til at han smelter og søkk ned i det kalde vatnet. Dette resulterer i at Pablo vert ein isklump.
Pingvinvenene (som eg eigentleg ikkje trudde brydde seg så mykje) kjem og reddar han igjen.
Dei er no kanskje ikkje så verst likevel. Kanskje dei berre veit at Pablo må få fylje draumen sin om å kome seg sydover. Sikkert.

Som i denne historia og mange historier før denne, går det på det tredje forsøket. Denne gongen skjer Pablo rett og slett ut ein båt frå isen som igloen hans står på og peilar seg mot varmen. Etterkvart vert det så varmt at både isflaket og igloen hans smeltar. Det einaste Pablo har att, er eit badekar. Han hoppar oppi det, men snart byrjar det å sprute vatn opp frå sluken! (Dette er då den skumlaste delen av boka.) Snartenkte Pablo tek dusjhovudet og stikk det nedi sluken. Dette gjer at han får ein slags motor. Som igjen gjer at han får god fart framover i badekarbåten. (Eg hugsar at eg la meg dette trikset på minnet, i tilfelle eg skulle koma opp i ein liknande situasjon.)

Til slutt kjem Pablo til ei øy. Her er det så fint at her vil han bu. Å, så glad eg vart då eg var lita. Pablo klarte det han ville. Kome seg til ein varm stad! Hurra!
Men no når eg les, tenkjer eg på at det er ei relativt lita øy og det er ikkje mange venene han har der. Ei skilpadde (som han bruker til bord!) og ein fisk som smiler. Den fisken kjem han snart truleg til å ete, for Pablo har kasta uti eit fiskesnøre. Men Pablo er nøgd, og det er jo det viktigaste.

Eg veit ikkje heilt kva som er moralen: At om ein kjenner at ein ikkje passar inn, så må ein ikkje gi opp å kome seg vekk? Eller – å ikkje gi opp drømmen. Ja, det høyres betre ut.

Etter eg har lese ferdig boka kjenner eg at eg eigentleg ville ha hugsa ho slik som eg gjorde. Då mor mi kom veiftande og ikkje SÅ mykje hoiande med ho. Då eg skjøna kva bok det var. Då eg tenkte at her kjem den beste boka i verda.

At ein legg merke til ulike ting i bøker som barn og vaksen, det er jo ikkje ei ny oppdaging. Men så tenkte eg over det som mor mi hadde sagt. At ho trudde det var her pingvinane mine kom ifrå. Kan denne boka ha vore baki hovudet då eg laga Unni og Gunni? Kan mi glede over pingvinen Pablo ha vore så sterkat det var det dyret eg trudde andre born også ville setja stor pris på? Kan det at Pablo ikkje var som dei andre, ha påverka meg til den første boka mi?
Kan dette ha noko å gjere med kroppen min som sa «sjølvsagt»? At alt eg skriv rotar ned til Pablo?

Nei. Det er å ta litt hard i. For SÅ bra er ikkje denne boka. Verkeleg ikkje. Men ei bok treng ikkje vera SÅ bra for å setja seg fast heller. Berre det er noko som treff. Og det var det for meg. Eg veit ikkje kva det var, og eg veit det ikkje no heller. Men ho har merka meg for livet. Sjølv om det berre er ei heilt vanleg Disney Donald Duck bokklubb-bok.

Så no vil eg kome både veiftande og hoiande å vise ho til deg.

Bildebokskapar Anna R. Folkestad sender stafetten vidare til kollega Roald Kaldestad.

Guri Fjeldberg

Født 1969. Frilanser. Utdanna journalist, norsklærer og vaktmester. Anmelder også fast for Aftenposten, tidligere 20 år for Bergens Tidende. Har skrevet anbefalingsguiden «101. De beste barnebøkene 2005-2015». Kåret til Årets litteraturkritiker i 2015.

One thought on “Kan ein hugse ei bok – utan å vite det sjølv?

Comments are closed.