Kan Spiderman bli nynorskbrukar?
I Noreg har 11,6 % av skuleungane nynorsk som hovudmål, men berre 6 % av barne- og ungdomslitteraturen er på nynorsk. Det er ikkje godt nok.
No i 2022 starta Framtida Junior, i samarbeid med blant anna Nynorsk kultursentrum, den nye nettstaden Lesedigg.no, som skal hjelpe ungane med å finne bøkene som passar for dei. Sidan 2016 har Nynorsksenteret og Foreningen !les gjennomført ein årleg leseaksjon for 7. trinn. Kvart år gir dei ut ein antologi med utdrag frå ti nynorske bøker for målgruppa. Eitt av måla er å vise variasjonen i dei nynorske utgivingane. Slike tiltak er strålande, men då må bøkene vere der. Og det er dei ikkje. Kvaliteten på nynorsk barne- og ungdomslitteratur er høg, men breidda manglar framleis.
Norsk og omsett barnelitteratur
Slik den nynorske språksituasjonen har sett ut i Noreg etter 2000, har barnelitteraturen vore eit lys i mørket. Det er færre aviser på nynorsk, det er færre verksemder som nyttar nynorsk, og det er langt mellom dei nynorske orda på digitale flater. I dette negative biletet har den nynorske barnelitteraturen derimot vore mogleg å finne, og den har vore prisvinnande. Om ein berre ser på nye norske utgivingar, ligg dei nynorske utgivingane stabilt på over 10%. Utfordringa er at nynorsk i svært liten grad blir brukt til omsetting, sakprosa eller kommersielle utgivingar.
Norsk barnebokinstitutt har ført statistikk over norsk barne- og ungdomslitteratur sidan 1996. Frå og med 2008 har statistikken samanlikna bokmål og nynorsk. Talet på nynorske utgivingar har lege ein stad mellom 50 og 80 utgivingar i året. I same periode har talet på bokmålsbøker for denne målgruppa vore mellom 800 og 1300 bøker i året. Mønsteret i statistikken er at vel halvparten av bøkene på bokmål er omsette titlar, medan berre ein liten del av dei nynorske bøkene er omsette. I 2020 var dette talet ekstremt: berre fem omsette titlar på nynorsk, medan det blei gitt ut 414 omsettingar på bokmål.
Breidde er viktig
Sakprosaen er ofte omsett, og når han ikkje er det, er det uansett økonomisk tryggare for forlaga å velje bokmål. Nynorske forfattarar som Lars Mæhle og Bjørn Sortland vel, eller blir bede om, å skrive på bokmål når dei skriv serielitteratur, sannsynlegvis fordi spenning og krim sjeldnare kjem med i innkjøpsordninga. Det same gjeld for teikneseriar, ein sjanger som er vanskeleg å finne på nynorsk. At forlag og forfattarar ikkje vil ta den økonomiske risikoen, er lett å forstå, men det er synd for barn og unge som er nynorskbrukarar. Den nynorske litteraturen blir smalare enn han hadde trunge å vere.
Forsking på språkutvikling viser korleis barn tileignar seg språk, både skriftleg og munnleg, gjennom eksponering. Det er derfor særleg viktig at ungar i småskulealder møter sitt eige skriftspråk i mange samanhengar, men det er også viktig for eldre ungar og ungdom, for å vedlikehalde og utvikle språket vidare. Skal barn og unge bli trygge språkbrukarar må dei møte sitt eige språk i kvardagssituasjonar, forteljingar, på skilt og på skjerm. Ungane treng å oppleve at orda deira kan uttrykkje alt frå kjensler og draumar til fysikk og filosofi.
Eg kjenner sjølv at det er vanskeleg å argumentere for at teikneseriar om Spiderman eller rosa Disney-prinsesser skal kome i nynorsk språkdrakt, men det er eit dilemma at nynorske ungar opplever at alt som er kult og populært berre finst på bokmål. Det er eit reelt problem at når nynorske ungar skal få tilgang til ei verd utafor Noreg, må dei gå vegen om bokmålet. Er signalet til desse ungane at nynorsk er eit avgrensa og lite brukande språk? Eller signaliserer all kvalitetslitteraturen at nynorsk er for reint til at det kan skitnast til med underhaldning? Eg trur at begge signala er uheldige.
Politisk styring
Ein liten periode på 2000-talet såg det ut til at dei nynorske omsettingane skulle skyte fart. Vi hadde ein statleg produksjonsstøtte til nynorske bøker som gjorde at fleire forlag satsa på nynorske titlar. Den nynorske bokklubben Blåmann gav insentiv til å omsette barneklassikarar til nynorsk. Samlaget starta opp lettlesserien Leseland med ei mengde omsette titlar. Men no er produksjonsstøtta og bokklubben lagt ned, og dei nye titlane til Leseland kjem frå nynorske forfattarar.
Det vil aldri løne seg økonomisk å gi ut nynorske bøker. Den største kjøpargruppa i Noreg er bokmålsbrukarar. Grunnen til at det likevel kjem ut ny, nynorsk skjønnlitteratur for barn og unge er innkjøpsordninga, statsstøtta til Samlaget og idealismen til enkelte forfattarar og forlag. Vi må med andre ord styre produksjonen politisk. Og slik det blir styrt no, er det ingen insentiv for å skape breidde i dei nynorske utgivingane.
Kulturminister Anette Trettebergstuen har uttalt at ho synest det kjem ut for få bøker på nynorsk: «Eg er opptatt av å styrke nynorsken og få meir nynorsk litteratur ut til folk. Den nye boklova skal vere eit verkemiddel for å få dette til,» sa ho til NRK i fjor. I framlegget til boklov er det ingen konkrete tiltak, men det står i formålsparagrafen at lova skal styrkje nynorsk skriftkultur på lik linje med bokmål og samisk. Kva det vil tyde i praksis står att å sjå.