Ein katastrofe kjem sjeldan åleine, i alle fall ikkje for Samson. Han rotar det til for både seg sjølv og andre, sjølv om han berre vil vel. Han er riktig nok hjernen bak ein heil del bøll, men dei største katastrofane er tilsynelatande utanfor hans kontroll. Samson er 9 år gamal, og bur saman med foreldra og storesøstera, Kim. Rommet til Kim er forboden sone, med unntak av når det er bursdag.
I Hamstertrøbbel gjer familien i stand til bursdagsvekking, og gåva Kim skal få er heilt eksepsjonell. Faren er hyperallergisk mot det aller meste, men han har likevel gått med på eit historisk kjæledyr-kompromiss. Kim skal få ein sprell levande hamster i gåve. Samson har fått streng beskjed om å ikkje røre hamsteren Svein Arild. Han klarar sjølvsagt ikkje å dy seg, og inviter bestevenen Alva på besøk for å kose med hamsteren. Det er berre eitt problem, hamsteren er allereie død.

Samson veit at menneskebarn faktisk kan døy, og at det mest sannsynleg også kan gjelde hamsterbarn, sjølv om det er ufatteleg trist. Døden er skildra frå eit barn sitt perspektiv; ærleg, undrande og forløysande usentimentalt. Det er først når det bikkar over i det absurde at galgenhumoren verkeleg treff: «Eg visste at menneske som ikkje blei gravlagt i bakken, blei brent til oske i svære steikeomnar. Me kunne jo kanskje ha prøvd å steike Svein Arild i omnen på kjøkenet, men det kjendest liksom litt feil.». Det heile toppar seg då hamstergravferda endar i søppelspannet, og søppelbilen kjem for å tømme spannet akkurat idet Samson finn ut at hamsteren kan vere i dvale.
Deretter blir det ei heseblesande ferd etter søppelbilen, der Totland har fletta inn eit finurleg møte med naboane Ella, Omar, Kamal og mor til Ella (med selfiestong) frå Totland si bok, Mamma på dass, før Samson og Alva endar opp med politieskorte med blålys og sirener. Det handlar trass alt om liv og død. Problema ballar på seg som eit hamsterhjul som spinn ut av kontroll. Dramaturgien og dramatikken sit som eit skot, og det skal godt gjerast å legge frå seg boka før den action-drivne søppelbiljakta er over.

Ein sjarmerande antihelt
I Skandale i skitrekket får eg konstatert at skitrekk og slalåmbakkar er akkurat like livsfarlege som eg alltid har antatt, men for historia er det flaks at Samson er hakket meir vågal. Det er vel nettopp dette karaktertrekket ved Samson som gjer at katastrofane oppstår som perler på ei snor, anten han spyr ostepopspy over favorittbamsen til Alva, eller han heng som ein fiskesluk etter stolheisen i skitrekket. Ingenting av dette er gjort med vilje, men med manglande impulskontroll og konsekvenstenking, oppstår krisene fort på løpande band. Det står om liv og død også i denne boka, men denne gongen er det menneskeliv som står på spel. Ikkje berre éin gong, men to gonger. Minst.

I bakken kjem Bård Sletvold Torkildsen sin karikerte og naivistiske strek verkeleg til sin rett, med armar, bein, ski og skistavar på kryss og tvers – for ikkje å snakke om den bakoverlente kroppshaldninga då ein ser kva løype Samson set utfor og kva veg det ber. Illustrasjonane tilfører bøkene ein god porsjon slapstickhumor. Han legg også til humoristiske og tidsriktige detaljar, anten det er ein ananas i logoen på datamaskina, eller ein forbipasserande skiløypar som filmar ulukkesstaden med mobilen.
Skandale i skitrekket har fleire trådar (les: katastrofar) enn første bok i serien. Den er ikkje like stramt komponert, men konflikten med bestevenen Alva bidreg til å ramme inn forteljinga. Konflikten løyser seg heldigvis då Samson bokstavleg talt landar på beina, og han er ein eksemplarisk ven då bamsen Mildrid kjem tilbake utan spyrestar og løyndomen om bamsen er i ferd med å bli avslørt framfor resten av klassen. Alle elskar ein sjarmerande antihelt som gjer alt for bestevenen sin, og det er fint med ein balanse mellom tøys og alvor. Boka byr dessutan på oppbyggeleg livsfilosofi som med fordel kan trykkast på ei t-skjorte, sjølv om barna kanskje må spørje ein vaksen for å ta referansen: «Alltid ver deg sjølv, sa Lars Joachim. Men viss du ikkje kan vera deg sjølv, ver som MacGyver.»

Dagbokformatet som lokkemiddel
Begge bøkene vender seg direkte mot lesaren og startar med overskrifta «Åtvaring! Fare! Danger! Stay out!». Det er berre å legge vekk boka, for det er ikkje fint gjort å lese andre sine dagbøker. Dette er eit velprøvd og effektivt grep i barnelitteraturen, og dagbokseriane som har følgt etter En pingles dagbok av Jeff Kinney er mange. Ofte har bøkene linjerte sider som er drodla på, og ei font som minner om handskrift. I «Katastrofedagbøkene» vert dagbokformatet raskt forkasta. Lokkemiddelet fungerer derimot som intendert, for ein vil sjølvsagt vite kva som er så sprøtt at Samson berre må fortelje det. Dette er tradisjonelle kapittelbøker som lokkar lesaren inn frå første side, som med hell droppar dagbokformatet bøkene lovar innleiingsvis. Bøkene hadde stått stødig utan å lene seg på dagbokformatet som inngang og som overordna serietittel. At boka startar med same åtvaring i begge bøkene, fungerer godt om ein hoppar inn i serien. Om ein tar omsyn til lesaren som heng med frå starten, vil det bli for repeterande og føreseieleg utover i serien.

Energisk duo
Det er svært velkome med ein humoristisk, fartsfylt og gjennomillustrert serie for barn på nynorsk. Ingunn Thon og Vegard Markhus har fått selskap ved bordet, berre utan romvesen (Oppdrag romvesen og Alien i klassen) Totland og Sletvold Torkildsen er ein god match. Energinivået og humoren i tekst og illustrasjonar utfyller kvarandre på ypparleg vis. Sjølv om serien sin primære funksjon er å underhalde, klarar Totland å flette inn betraktningar om venskap, søskenrelasjonar, døden og livet sjølv – mest av alt fordi han klarar å skrive fram ein truverdig og sjarmerande hovudperson som det er lett å bli glad i. Samson tenker ikkje alltid før han handlar, men han tenker mange kloke tankar. Min spådom er at barna kjem til å sluke desse katastrofane i eit jafs. Er det noko barn i slukealderen vil ha, så er det fleire bøker i same univers. Bok tre og fire i serien, Flukta frå dustefamilien og Samson snakkar sant, er like rundt hjørnet. Tida vil vise om det går inflasjon i katastrofane, men anslaget til serien er lovande.
















