Tittel: Vinterkjøkken – dikt for unge
Tekst: Hanne Bramness
Illustratør: Laurie Clark
Forlag: Nordsjøforlaget
Årstall: 2020
Antall sider: 72

Kjøkkenet som opning mot verda

Hanne Bramness og Laurie Clarks nye diktsamling for ungdom er ujamn, og i overkant nostalgisk, men når dikta først skin, skin dei med eit sterkt lys.

«I kjøkkenet kjem alt så nær, det er ein sårbar stad», opnar eit av dikta i Vinterkjøkken. Kjøkkenet kan vere ei kjelde til varme og tryggleik, eit samlingspunkt, men det kan òg vere plassen der problema i ein familie kjem sterkast til uttrykk, eller det festepunktet ein saknar aller mest når ein blir tvungen til å forlate heimen sin.

26-bestikkDikta krinsar alle rundt kjøkkenet som rom, men fortel likevel vidt ulike historier. Samlinga er organisert etter ein laus kronologi, og strekker seg frå starten til slutten av ein vinter. Innanfor denne ramma beveger Hanne Bramness seg frå det klassiske norske kjøkkenet, til utekjøkkenet og vidare ut i verda, til familiar som er råka av flukt og krig.

Mest kjent som vaksenpoet

Hanne Bramness har vunne fleire prisar for lyrikken ho har skrive for eit vaksent publikum, og har mellom anna vore festivalpoet på Rolf Jacobsen-dagane. Vinterkjøkken føyer seg inn i ei rekke diktsamlingar for barn og unge utgitt på Nordsjøforlaget, der Bramness sjølv er forleggar, og som ifølgje forlagspresentasjonen «skal vere eit lyrikkforlag, først og fremst for gjendiktingar av samtidspoesi frå landa rundt Nordsjøen», men som også gir ut lyrikk for barn og unge.

1-koppVinterkjøkken er det fjerde samarbeidet mellom Hanne Bramness og Laurie Clark, og kan kanskje lesast i samanheng med den føregåande diktsamlinga deira, Vintersong.

Det skin gjennom også i Vinterkjøkken at Bramness er ein erfaren poet, som kan kunsten å male opp store lerret med elegante og beskjedne strok, og med ein lun tryggleik i biletbruken. At det er eit ungdomspublikum Bramness vender seg mot her, kjem kanskje først og fremst til uttrykk i tematikken, men også gjennom enkelheita i verkemidla og metaforikken, som gjer dikta lett tilgjengelege for fortolking.

7-fuglVinterkjøkken er ei lågmælt og stemningsfull diktsamling, prega av ei stor stille – den typen ein kan finne i eit snødekt landskap. Gjennom små grep og effektiv biletbruk lykkast Bramness på sitt beste i å lade dei kvardagslege objekta på kjøkkenet med sterk symbolikk, utan å måtte ty til klisjeane.

Til ungdom, ikkje om ungdom

Om dikta er stila til ungdom, er det ikkje dermed sagt at dei handlar om ungdom. Dikta i Vinterkjøkken vekslar mellom første- og tredjeperson, og sjølv om fleire av dei skildrar ungdom i tredjeperson, blir samlinga dominert av eit nostalgisk ‘eg’, tenkande tilbake på sin eigen barndom og ungdoms kjøkken.

Dette gjer heilskapen i samlinga noko ujamn. Dikta er sterkast der Bramness skildrar unge menneske og gir lesarane små glimt inn i store og vanskelege historier. Svakast er dikta der eg-forteljaren let nostalgien ta overhand, der forfattaren blir overtydeleg i sin politiske bodskap, og der ho bringer inn eit metaperspektiv på si eiga utgiving – her blir dikta innovervende og gir lite til ungdomslesaren. Dei stadige skifta i forteljarstemme og -stad gjer det dessutan vanskeleg å finne ein raud tråd i samlinga, sjølv om enkelte av dikta ser ut til å kommunisere med kvarandre.

11-bakeI tillegg er det påfallande i ei diktsamling for ungdom at kjøkkena som blir skildra i dikta ser ut til å høyre til ei anna tid; ei tid då mødrene alltid stod over grytene, der det brann lunt i vedomnen og der kjøkkendøra vende rett ut mot åkeren. Dette lett gammaldagse preget blir spegla i illustrasjonane til Laurie Clark, av gamle kjøkkenreiskapar og landlege kjøkken som skaper stor distanse til dei kjøkkena ein kan anta at dagens ungdomslesarar er vande med. Dette får meg til å stille spørsmål om kor aktuell denne diktsamlinga eigentleg vil bli oppfatta som av målgruppa.

33-vindu

Konkretiserande, men ikkje utvidande illustrasjonar

Illustrasjonane i Vinterkjøkken består av enkle blyantteikningar, hovudsakleg av kjøkkenreiskapar, og sjølv om teikningane bidrar til stemningsskapinga i samlinga, er dei stort sett meir dekorative enn eigentleg utvidande. Eit par stadar blir illustrasjonane òg fordoblande; som når metaforen «over ein dørstokk så sliten at han smilte» blir akkompagnert av ein illustrasjon av ein dørstokk som har blitt nedsliten på midten etter mange års bruk. Denne typen illustrasjonar blir overflødige, og undervurderer lesarens evne til å sjølv pakke ut metaforane i dikta. Sterkast inntrykk etterlet oppslaga der illustrasjonane manglar, eller der dei berre dekker ein liten del av sida, slik at kvitfargen omringer dikta med ro og stille, samstundes som dei understrekar hovudmotiva i samlinga: vinter, snø og einsemd.

Perler blant dikta

Ikkje alle dikta i Vinterkjøkken er like gode, og ein kan spekulere i om samlinga som heilskap kunne ha blitt betre med større redaksjonell motstand, eller med ei tydelegare retting mot målgruppa. Samstundes er det ikkje tvil om at det finst perler i samlinga.

I dei beste dikta opnar og utvidar Bramness rommet i tekstane med knapp og effektfull biletbruk. Desse dikta er enkle å sjå for seg i ein undervisningskontekst – der dikt for ungdom ofte får eit «andre liv» – som inngang til vanskelege tema som flukt og familievald:

I sommar var dette lyse kjøkkenet mørkare,
måla over av tørke. Strålen frå vasspreiaren

slo i veggen ute slik at dropar vart knuste mot
glaset, fylte rommet til randa med skuggar.

Her blir kjøkkenet ei opning mot verda, og diktet ein inngang til ein historie som lesaren kan spinne vidare på sjølv. Dikt som desse aleine gjer samlinga verdt å lese, og stadfestar Bramness’ posisjon som ein viktig lyrikar også for barn og ungdom.

6-hav

 



Skrevet av:

Kommentarer