Konkret sorgarbeid

Konkret sorgarbeid

Boktittel: Oske

Forfatter: Inger Lise Belsvik

Illustratør: Inger Lise Belsvik

Forlag: Samlaget

Årstall: 2024

Antall sider: 40

Sjanger: Bildebok

Kvart år kjem det ut biletbøker som tematiserer døden. I år leverer Inger Lise Belsvik eit sterkt og stillferdig bidrag til den stadig veksande bunken.

Dei fleste barn tenkjer på døden. Kanskje er dei redde for å miste mamma og pappa. Eller dei berre lurer på kva som skjer når ein dør. Kanskje dei er redde for å døy sjølve. Eller dei har mista nokon og kjenner seg forlatne. Uansett er det eit tema som er viktig og spennande å snakke med barn om, og det er ein samtale der barnelitteraturen kan bidra.

Illustrasjon av guten og mora som står ved vindauget og ser på månen, mora held om sonen.

Døden i barnelitteraturen

Døden var eit tabu i den norske biletbokverda, heilt til Marit Kaldhol og Wenche Øyen gav ut barnebokklassikaren Farvel, Rune (Samlaget, 1986). Etter denne boka – om Sara som mister bestekompisen sin – har det kome ut norske og omsette bøker om død og sorg nærast kvart einaste år. Om eg har talt rett har det kome ut heile femten biletbøker om tematikken berre dei siste fem åra.

Livet og døden er blant dei evige og universelle tema i verdslitteraturen, og variasjonsmoglegheitene er uendelege. I den etterkvart store norske biletbokhaugen med dødstematikk finn vi til dømes Anna Fiskes to bøker Sorg og Hvordan snakker vi om døden? som begge er humoristisk og fabulerande sakprosa, den poetiske Jeg er døden av Elisabeth Helland Larsen og Marine Schneider der lesaren følgjer ein personifisert død i form av ein blå jentefigur, og den snodige Ulf er uvel om hypokonderen Ulf som arrangerer si eiga gravferd. Berre for å nemne nokon.

I år har det kome ut tre biletbøker om døden: Georg og kjelleren av Hilde Hodnefjeld, En hilsen fra kattehimmelen av Birgitte Nicolas Kvarsnes og Silje Oddli Skinstad, og Oske av Inger Lise Belsvik. Desse er også tre svært ulike bøker. Medan Hodnefjeld har ein humoristisk inngang til døden der ho viser kvardagslivet i eit gravferdsbyrå, har Kvarsnes og Skinstad fantasert fram eit katteliv etter døden. Oske står fram som realistisk, alvorleg og minimalistisk i dette selskapet.

Illustrasjon av guten som tar med seg kaffikoppen til pappa.

Belsviks sorgarbeid

Inger Lise Belsvik er ein av Noregs mest erfarne og prisløna illustratørar. Ho har illustrert over tretti barnebøker for andre, og Oske er hennar andre bok som forfattar. Det er ikkje første gong ho illustrerer ei bok om ein gut som har mista far sin: I 2004 vann ho Kultur- og kirkedepartementets illustrasjonspris for Kort til ein engel med tekst av Geirdis Bjørlo. Det blir sterkt kvar gong Belsvik fortel om sorga over å miste nokon.

I Oske møter vi ein namnlaus gut og mor hans. Belsvik rammar inn forteljinga med bilete der mor og son er saman. I dei første oppslaga held dei rundt kvarandre og ein kan sjå fortvilinga i andletet på guten. I dei oppslaga som avsluttar boka er dei også saman, men her ser vi at guten smiler til ein rødstrupe som sit på bakken ved sida dei, og han er ikkje like avhengig av mora som i innleiinga. Belsvik har brukt ein teknikk der både dei svarte strekane og fargane blør utover og inn i kvarandre. Bileta er utan harde kantar og gir eit inntrykk av at tilværet er i oppløysing. Utan faren manglar guten fast grunn.

Sorgarbeidet guten gjer gjennom boka er heilt konkret. Han samlar ting som minner han om faren og tar dei med seg opp i trehytta som dei to har laga saman: puta frå senga, kaffikoppen, fiskestonga og notatboka. Kvar ting får to oppslag, eitt der guten vender seg vekk frå verda og inn i sorga si, og eitt kor han tar med seg tingen og går, med eit opnare og meir målretta blikk. Det er som om kvar ting gjer at han blir meir klar for å leve vidare.

Illustrasjon av guten som tar med seg kaffikoppen og fiskestonga opp i trehuset.

Raudstrupen

Belsvik er minimalistisk i både ord og bilete. Teksten er munnleg og enkel, bileta er reine og oversiktlege. Dermed blir det ho har valt å ta med, ekstra symboltungt. Det er ingenting som kjennest tilfeldig, og tempoet er roleg heile boka igjennom. Humørskiftet i guten – frå dei første gråtkvelte bileta til det siste der han nysgjerrig tittar på verda med ein kikkert – kjem gradvis og truverdig.

I starten fortel mora at faren ikkje treng kroppen sin der han er no, difor skal kroppen hans brenne og bli til oske: «Det er ganske smart, eigentleg. Når kroppen blir til oske, tek han ikkje så stor plass. Han kan faktisk bu inni ein boks». Boka avsluttar med at dei brenn skuggelua til faren, legg oska i ein boks som dei sett på grava til faren, saman med ein bit av farens favorittsjokolade. Oska blir eit bilete på korleis faren ikkje er borte, han tek berre mindre plass.

Illustrasjon av mor og son som brenn opp lua til pappa.

Det viktigaste symbolet i boka er raudstrupen. Fuglen er med frå tittelsida og vi finn han igjen på oppslag etter oppslag, men han blir aldri nemnt i teksten. Belsvik er ein ekte illustratør. Ho veit bileta kan få tale for seg sjølve. Første gongen guten ser raudstrupen, er oppe i trehytta. Fuglen har gått over sidene i notatboka hans og laga merke etter seg, og på neste oppslag ser guten overraska på det vesle dyret. Raudstrupen blir rekna for å vere eit symbol på livet etter døden, og det er lett å sjå at fuglen får guten til å kjenne på kontakten med faren.

Illustrasjon av raudstrupe. Teikna med "gutens" barnehand.

Ro og trøyst

Oske er ikkje ei spesielt original forteljing. Stemninga og utviklinga i boka liknar på mange av dei andre bøkene der hovudpersonane har mista ein besteforelder, ein forelder eller eit sysken, som til dømes Bestefar er en rev av Trond Brænne og Anders F. Kaardal, Himmelen bak huset av Gaute Heivoll og Øyvind Lauvdahl eller Den finaste historia av Brynjulf Jung Tjønn og Øyvind Torseter. Boka fortener likevel sin plass i den store bunken.

Belsvik fortel stramt og godt, og guten sitt heilt konkrete sorgarbeid gjer boka til noko eige. Eg tenkjer at både dei som har mista nokon og dei som er redde for døden, kan finne ei ro og ei trøyst mellom permane til Oske.

Petra J. Helgesen

Født 1978. Master i litteraturvitenskap og ansatt som prosjektleder i Foreningen !les. Jobbet med barne- og ungdomslitteratur som redaktør, kritiker, konsulent, forsker og formidler siden 2001. Foto: Chad Stokes