Korleis skrive for sengekanten?

Korleis skrive for sengekanten?

Lyset skinner i mørket

Håvard Syvertsen

Illustrasjon: Akin Düzakin

Aschehoug, 2013

Lyset skinner i mørket

Håvard Syvertsen

Aschehoug

2013

32

["96"]


Buster

Lars Saabye Christensen

Illustrasjon: Bo Gaustad

Aschehoug, 2013

Buster

Lars Saabye Christensen

Aschehoug

2013

32

["96"]


Både Lyset skinner i mørket av Håvard Syvertsen og Akin Duzakin og Buster av Lars Saabye Christensen og Bo Gaustad er nye bøker i Achehougs godnattserie. Der den eine oppskriftsmessig etablerer den trygge og døsige sengestemninga, inviterer den andre til oppvaknande filosofering ved å snu kvardagen opp ned.

bilde 1Dei lysande generasjonane

Håvard Syvertsen og Akin Duzakins Lyset skinner i mørket er ei mjuk forteljing om vesle Iver, hans vevre bestemor og voffen Bolla. Ivers mor og far er på ferie i utlandet, noko som gir forfattaren eit påskot til å skvise ut litt visdom frå bestemor om den skumle overgangen mellom lys og mørke. Samver med besteforeldregenerasjonen vert halde fram som harmonerande og tryggande for barnet – særleg når standardtoposet i godnattbøker, mørkeredsla, gjer seg gjeldande for Iver midtvegs i historia. Og kvifor skulle det ikkje vere slik?

bilde 2

Duzakin er ein meister på å skape stemning av lysets gråsoner, og her er bruken av skiftande lysnyansar i illustrasjonane ein tydeleg metafor på at nye og glimrande generasjonar avløyser dei gamle og grå. Fordi soloppgangen alltid vil kome som ei positivt ladd veksling, blir det i boka etablert ein naturleg tryggleik knytt til at nye generasjonar stadig avløyser gamle. Det er ei sirkelkompositorisk rørsle (lys-mørk-lys) i løpet av det korte døgnet historia varer, og på siste side vekker bestemor Iver grytidleg for å kome med bokas mangetydige og intertekstuelt ladde avslutningsreplikk:

«–Nå kommer det, sier bestemor. –Nå kommer lyset».

Uproblematisert fråvær av mor og far

Verbalt sett er ikkje fråværet av mor og far problematisert i boka. Og det er faktisk eit friskt pust inn i ein samtidslitteratur som ellers er ivrig etter å vise fram slike tomrom som negative. Astrid Brekke skriv i artikkelen “Kvar er mor? På leit etter mødrer i barnelitteraturen” på Periskop 08.01.14 at «den nye barnelitteraturen avspeglar ulike sider ved den postmoderne verda, der alle roller, inklusiv forholdet til heimen som omgrep, og mors- og farsrolla, er problematisert».

Kvifor skal ikkje barnet klare seg utan mor og far i kortare perioder? Og kvifor skal vi eigentleg stue bort besteforeldregenerasjonen? Bestemor viser veg i mørket på mange vis i denne forteljinga, som gir stor plass til korleis det er å drøyme og fantasere medan ein ligg i senga. Lyset skinner i mørket har si sterkaste side i det mørkerommet som oppstår rundt verbalteksten, der Duzakins formidling av overgangen mellom lys og mørke gir eit meiningsoverskot utover verbalteksten som vi har begynt å rekne med frå hans side.


Intellektuelt oppkvikkande

Dei siste minutta av døgnet, før barnet sovnar, er ofte ei viktig og trygg ramme i barn sin kvardag, der målet ofte er å formidle lesestykker som roar ned pulsen inn mot draumeland. Men korleis bør middelet vere? På dette punktet går Saabye Christensen og Bo Gaustads Buster i mot straumen av godnattbøker: Boka er snarare ei intellektuelt oppkvikkande og kaotisk forteljing, prega av hyppige utropssetningar og språklege «twists and turns» som stiller spørsmål ved våre faststivna oppfatningar.

Buster tek òg utgangspunkt i leggesituasjonen, men bryt fort med forventingane ved å gi forteljarstemma til katten og framstille menneskefamilien som både irrasjonelle og lite observante. Slik lukkast Saabye Christensen godt med å framandgjere og presentere eit skråblikk på menneskelege kvardagpraksisar:

jente og katt

Katten Buster opplever at det berre er veslejenta i huset, Bess, som forstår seg på han som det nattedyret han er (for Buster er det jo natta som er dagen, slik vi tenker på den). Avslutninga av boka er av den ganske språkfilosofiske typen til godnattlesnad å vere. Der vi møter familien midt i morgonstellet dagen derpå, i ein seanse som kan stimulere barn til å tenke på nytt om faste kategoriar som «dag» og «natt»:

Så er det endelig Bess sin tur.
–God natt, Buster.
Hun stryker meg forsiktig den andre veien,
helt fra hale til snute.
Å, gjør det en gang til!

–God natt, Buster.

Endelig har hun forstått det. At det er en
viss forskjell på katter og mennesker.
Kanskje er det derfor vi er så gode venner.
Forstå det den som kan.

God natt, Bess. Jeg mener god dag.

Valet av kattens perspektiv gjer det lett for Saabye Christensen og Bo Gaustad å saman karikere og skape humoristiske og latterleggjerande passasjar som fungerer godt, som her, når familia sitt morgonstress blir harselert med:

Og alle løper i bena på hverandre og alle har like
dårlig tid. Og det til tross for at de har hatt hele
natten på seg. Det er jo derfor menneskene har
natt: for å være klar til dagen.
Men jeg forstår meg ikke på menneskene.
De holder på med sitt.
Hva er klokken?
Hvor er avisen?
Hvorfor er det knute på skolissene?

vekkerklokkene inger

Kreativt kaos på sengekanten

Bo Gaustads formspråk står godt til stemninga av kreativt kaos som vert frampiska gjennom Saabye Christensens ofte eksklamatiske setningar. Gaustad kombinerer utflytande akvarellteknikkar med kollasjar og rufsete tusjstrekar på ein såpass variert og generøs måte at nesten kvart oppslag byr på formbrot og ei utvikling, særleg med tanke på farge- og flatebruk. Slik står dei to formspråka godt til kvarandre og bidreg til den samme urolige ikonoteksten.

På eit dobbeloppslag midtvegs i boka briljerer Gaustad med fleire metafiksjonelle spel-i-spelet-tablå som portretterer kattens tentative leik med musa, berre at maktdynamikken her er snudd på hovudet, slik som i resten av boka:

Men hva skjer? Er den blind?
Meningen er jo at musen skal
prøve å stikke av når den ser meg (…)

Jeg stanser.
Dette gidder jeg ikke være med på.
Dette finner jeg meg rett og slett ikke i.
Vet musen kanskje ikke hvem den har
med å gjøre? Den har å gjøre med meg!

På kvar si side av sengekanten

I begge bøkene i Aschehougs godnattserie ser vi at det strukturelle omrisset er det samme, nemleg før, under og etter leggesituasjonen: Natta nærmar seg i begynnelsen og dei to historiene vert avslutta med ein tematisk «punchline» i det sola står opp.

Ellers er det ingenting som tyder på at begge skal kunne oppfylle den slumre-funksjonen mange foreldre er på jakt etter på samme måte. På godt og vondt plasserer dei seg på kvar sin ende av skalaen:
Lyset skinner i mørket er så dus og mjuk, både dramaturgisk og visuelt, at lesaren risikerer å sovne frå heile historia før ho er ferdig. Det kan hende at foreldre då vil meine at boka har gjort jobben sin som sengelektyre, men er friksjonsfridom godt nok til å vurdere boka si kvalitet sett under eitt som god? Det gir meining å hevde at boka i seg sjølv bikkar for mykje over i det døsige når det gjeld å halde den unge lesaren vaken gjennom forteljinga.
Buster er meir kantete og rabulistisk på alle måtar, og har sin klare verdi i at den inviterer lesaren til ei årvåken tenking om dyr sine indre liv, ibuande verdi og ikkje minst kva vi menneske projiserer av kvalitetar på relasjonen mellom oss og dyra. Der hunden Bolla i høgste grad har ei typisk servil birolle i Lyset skinner i mørket, er Buster ein kravstor karakter som tek den plassen han sjølv – og vonleg lesaren –  meiner han fortener.

Øystein Espe Bae