Kubbe-kunst

Kubbe-kunst

«Kjempekjekt!», «Kan vi sjå den ein gong til?», «Kan me òg gjere sånn som Kubbe?», «Han var jo litt morosam, han der Kubbe» er somme av ei gruppe femåringar sine spontane reaksjonar etter møtet med Kubbe lager skyggeteater.

Borna har hatt ei god stund og ei positiv leseoppleving. Kva er det med denne appen som fell i så god jord hos desse borna? Bruken av varierte estetiske uttrykk og finurleg kombinasjon av medium kan kaste ljos over borna si begeistring.

Kubbe-lager-skyggeteater_large

 

I høve bildebokapplikasjonar har det vore mykje fokus på spelfunksjonar, interaktiv struktur og klikkbare element som den teknologiske plattformen innbyr til. Estetikk- og kunstaspektet og sjølve opplevinga har kome litt i skuggen av fancy attributtar. Tida er komen for å verdsetje det estetiske ved bildebokappane. Eg har teke på meg kunstbrillene og studert Åshild Kanstad Johnsen sin prisbelønte Kubbe lager skyggeteater og ynskjer å oppfordre til ei vektleggjing av dei estetiske kvalitetane bildebokappar ber i seg og korleis dette verkar på opplevinga til lesaren.

Vedkubbe på brett

kubbe logoKubbe lager skyggeteater handlar om Kubbe som er på piknik med bestemor og vert heilt forferda då han oppdagar sin eigen skugge. Kva i all verda er den svarte flekken som følgjer etter han? Bestemor forklarar korleis skuggen oppstår. Kubbe lèt seg fascinere av dette og bestemmer seg for å lage skuggeteater av Rødhette og ulven i skogen.

Ei visuell oppleving

Mediet digital bildebok realiserer ei rekkje moglegheiter som bidreg til ei sanseleg oppleving av appen. Kubbe lager skyggeteater nyttar seg av estetiske moglegheiter som teknologien byr på og er berika med animasjonar og interaktive element, som supplerer handlinga og tilfører tone og stemning, men dei er ikkje naudsynte for plottet. Dei klikkbare elementa, som frambring animasjonar og lyd, gjev liv til forteljinga og ei rikare visuell oppleving.  I Kubbe-appen er oppslaga, eller scenane, den narrative ryggraden som er essensielle for å føre historia vidare.

Kubbe lager skyggeteater er eit uttrykk for ‘det skjønne’, med fokus på harmoni og balanse, ingen brå vendingar samt stemningsfull lyd og ‘naturlege’ bilete. Teikningane til Kanstad Johnsen består i stor grad av reine naturfargar som brunt, blått og grønnyansar for å sette scena i skogen og skape ei mest mogleg autentisk naturstemning. Fargane er tydelege og behagelege å kvile augo på – dei er rett og slett vakre.

Lyd som effektivt verkemiddel

Kubbe lager skyggeteater nyttar auditive verkemiddel som miljølyd og bakgrunnslyd for å berike forteljinga og skape ei stemning. Miljølydar som bekken som sildrar er ei naturleg utviding som er svært effektiv. Det kjennest nesten som ein sit på teppet ved bekken saman med Kubbe og bestemor. Bakgrunnslyden, dei lystige, men mystiske tonane bidreg til ei harmonisk, men òg trolsk stemning i skogen. Det yrande dyrelivet forsterkar denne kjensla og bilde og lyd verkar saman for å skape ei forlokkande naturstemning. Samstundes forsterkar fråver av bakgrunnslyd den rolege og sanselege naturopplevinga – det er fredfullt og einaste lyden er fuglekvitter og sildrande vatn.

Jakta på animasjonane

Den taktile sansen er knytt til inntrykk vi får gjennom reseptorar i huda. I dette høvet kan den taktile opplevinga av appen knytast til trykk og berøring av skjermen med (peike)finger og den konkrete lesesituasjonen. Ved hjelp av fingeren kan lesaren intensjonelt interagere med bildebokappen. Strukturen i appen impliserer to former for interaktive prosessar, som kan knytast til å navigere i appen anten ved å sveipe fingeren over skjermen eller trykke på pilene. Navigeringa er heilt sentral for å drive historia framover.

Den andre forma for interaktivtet er er ein del av fiksjonen og tillèt aktivering av animasjonar ved å trykke lett på visse element. Manipuleringa av objekta er eit mediespesifikt verkemiddel som det digitale mediet realiserer og som ein ikkje har i ei fysisk bok. Trigginga av objekta gjev liv til omgjevnadane og bidreg til ei meir sanseleg oppleving av forteljinga. Lesaren kan aktivere element og interagere med appen på ulike måtar og vil då kunne få ulike lesaropplevingar. Sjølv om historia om Kubbe ikkje avheng av animasjonselementa, vil lesaren få ei rikare oppleving om han aktiverer hakkespetten i treet og elgen som rautar. Slike detaljar er fascinerande, engasjerande og element for undring for born. I tillegg er det kjekt å leite etter animasjonar og lydeffektar, og i kombinasjon med Kanstad Johnsen sine karakteristiske myldrebokprega teikningar kan ein opphalde seg lenge på kvart oppslag og stadig oppdage nye ting. Det vert mest som ein gøyme-og-leite-leik.

Velkommen inn i forteljinga

Verbalteksten verkar tidvis inviterande på lesaren gjennom spørsmål og oppfordringar. Lesaren vert engasjert og involvert i forteljinga og lesinga framstår slik som ei hending med dynamikk mellom tekst og lesar som fører til ei lystbetont og sanseleg leseoppleving. Med eit vidt perspektiv på interaktivitet som aktivering av lesaren, kan verbale invitasjonar sjåast som interaktive element. Lesaren har ikkje reell påverknad på forteljinga, men for barnelesaren kan det opplevast slik likevel. Det verkar engasjerande når Kubbe beklagar seg over den svarte flekken som følgjer etter han då barnelesaren korrekt kan slå fast at det er skuggen hans. Kanskje veit barnelesaren kvifor skuggen oppstår òg? Vidare kan Kubbe sitt spørsmål til bestemora aktivere lesaren: «Hva heter den historien om hun lille jenta som er på vei til bestemoren, hun i rødt, og så er det en ulv som lurer rundt i buskene…?» Med dette er Kubbe inspirert, og arbeidet med skuggeteateret byrjar.

kubbe og skyggen

Skuggeteateret

Skuggeteateret er nytta både som kommunikasjons- og underhaldningskanal der tilskodarane får sjå ei førestelling, og samstundes ei materiell, teknisk og kunstnarisk uttrykksform beståande av ulike modalitetar som formidlar eit innhald. Her vert biletkunst, tekst, musikk og scenekunst knytt saman for å gje tilskodarane og lesaren ei rik sanseoppleving.

Visuell hybrid

Visuelt sett består skuggeteateret i appen av ein kombinasjon av statiske bilete og raske biletforløp og interagerer slik med animasjonsfilmen, og kan fange interessa til barnelesaren. Interaksjonen er tidvis så sterk at ein kan vere freiste til å diskutere om appen skal kallast bok eller film. Skuggeteateret tilfører òg humoristiske innslag i forteljinga, som når ulven sluker Rødhette og bestemor og ein framleis kan sjå dei bak ulven.

Verbalt byr skuggeteateret på ein overraskande vri på det velkjende eventyret då Kubbe kuttar mesteparten av eventyret og hoppar til det han meiner er dei mest spennande delane. Det gjev ei konsentrert, spennande og morosam oppleving for lesaren. I tillegg til verbalteksten får vi i siste scene av skyggeteateret ei rekke uttrykk for glede, begeistring og lovprising.

Kubbe si oppfordring «Nå kan dere klappe!» kan tolkast som ein invitasjon til lesaren om å ta del i fiksjonen. Med borna eg viste til innleiingsvis braut det her ut spontan applaus til mi store overrasking. Interaktivitet vart her gjeven ein ny dimensjon der lesarane fysisk tok del i forteljinga.

Med tanke på tilnærminga til animasjonsfilmen, kan ein innvende at lesaren vert redusert til passiv observatør utan moglegheit for aktiv meiningsskaping. Lesaren har inga reell påverknadsmoglegheit på plottet som for somme kan verke kjedeleg samanlikna med andre meir «høgrøysta» appar. På den andre sida kan ein tolke det som at lesaren vert trekt inn i forteljinga og får vere ein del av tilskodarane i skogen. Verbalteksten aktiverer erfaringane til lesaren vender seg direkte til tilskodarane: «Ja, dere kan vel alle historien om Rødhette og ulven, ikke sant? Rødhette er på vei til bestemor da hun møter ulven. Bla, bla, bla…», og dei overraskande vendingane held på merksemda. Slik framstår hybridforma mellom bok og film som aktiverande og inkluderande på lesaren.

Ei estetisk oppleving

Appen er eit møte mellom ulike medium og eit samansett multimodalt uttrykk der ulike modalitetar interagerer med kvarandre og med lesaren, som vert aktivert og inkludert i forteljinga. Ved å inkludere ulike estetiske uttrykksformer vert fleire sansar aktivert i leseprosessen og lesaren får ei rik estetisk oppleving. Kombinasjon av ulike media og uttrykksformer kan òg synast å vere ein del av opplevinga. Media digital bildebok og skuggeteater får stor betydning for korleis forteljinga vert fortald, det same gjer det det digitale mediet – den teknologiske plattforma. Teknologien gjer det mogleg å lage ei digital bildebok og å inkludere modalitetar som ein ikkje finn i den trykte boka.

Heilskapsopplevinga er prega av ei naturleg, roleg stemning som både, lyd, bilete og tekst bidreg til. Appen framstår slik som vakker og gjennomført. Interaktive effektar gjev liv til omgjevnadane og forsterkar ei harmonisk naturstemning. Det vesle antalet animasjonar gjer at lesaren unngår store distraksjonar undervegs – forteljinga er i fokus. Den harmoniske stemninga i forteljinga kan gje barna moglegheit til å trekke seg tilbake og glede seg over litteratur i ein travel kvardag. I tillegg kan forteljinga gjennom fokus på natur stimulere og oppmuntre både barn og vaksne til å vere meir til stades i naturen, leggje merke til det ein ser, kjenner, luktar og høyrer. Det er ei lågmælt forteljing utan dei store krumspringa som lesaren kan glede seg over gong etter gong.

 

bestemor og kubbe og skyggen

Vidare lesing

Christensen, N. (2014). I bevægelse. Billedbøger og billedbogforskning under forvandling. I Tidskrift for litteraturvetenskap 2/2014. s. 5-19.

Goga, N. (2011). Det sublime og det skjønne som estetisk kvalitet i nyere norsk bildebokkritikk. Nordic Journal of ChildLit Aesthetics, 2011(2).   Lenke

Goga, N. (2013). Teknologi eller estetikk? Hvordan vurdere bilbebokapper. I Bøygen 3/2013. s. 10-17.

Hallberg, K.(1982). Litteraturvetenskapen och bilderboksforskningen. I Tidskrift för litteraturvetenskap 3-4. s. 163-168.

Prytz, Ø. (2013, 19. september). Brettboken og skyggeteateret. Lenke

Prytz, Ø. (2013). Litteratur i digitale omgivelser. Rapport. Kulturrådet. ISBN.978-82-7081-158-8. Lasta ned 07.11.2014. Lenke

Prøitz, L. & Tønnessen, E. Seip. (2014). Tekstpraksis i mediesamfunnet. I E. Seip Tønnessen (red.) Jakten på fortellinger. Oslo: Universitetsforlaget. s. 20-37.

Schwebs, T. (2014). Affordances of an App – A reading of The Fantastic Flying Books of Mr. Morris Lessmore. I Nordic Journal of ChildLit Aesthetics, 2014(5). Lenke

Tønnessen, E. Seip. (2014). Fra bildebok til app, eller bare litterær app? I E. Seip Tønnessen (red.) Jakten på fortellinger. Oslo: Universitetsforlaget. s. 128-147.

 

Artikkelen er laget med midler fra prosjektet Periskop, som handler om å utvikle og styrke kritikk av kunst for barn og unge. Scenekunst, Kunstkritikk, Barnebokkritikk og Ballade er eiere av prosjektet og nettsiden Periskop.no, som har finansiering fra Norsk kulturråd.

Guro Bråten

One thought on “Kubbe-kunst

Comments are closed.