Kva er det med far?

Kva er det med far?

Boktittel: Kva tenker du på

Forfatter: Brynjulf Jung Tjønn

Illustratør: Marianne Gretteberg Engedal

Forlag: Samlaget

Årstall: 2025

Antall sider: 49

Sjanger: Bildebok

Biletboka «Kva tenker du på?» gir nytt og modig perspektiv til diktsamlinga «Kvit, norsk mann».

Forfattar Brynjulf Jung Tjønn er tidlegare tildelt Kritikerprisen, Ungdommens kritikerpris og Nynorsk litteraturpris for det samfunnskritiske og sjølvgranskande diktverket Kvit, norsk mann (Samlaget, 2022). Adopsjonstematikken frå boka har han sidan fylgt opp i lyrikksamlinga Norsk kjærleik (Cappelen Damm, 2024) og barneboka Gard er ikkje redd (Aschehoug, 2022), illustrert av Sunniva Krogseth – ein fabel om å sjå og bli sett. I samarbeid med illustratør Marianne Gretteberg Engedal tar forfattaren no temaet eit steg vidare.

Biletboka Kva tenker du på? granskar til liks med Kvit, norsk mann, identiteten som fleirkulturell i Noreg – og kjensla av å ikkje høyre til. I kontrast til dei nemnte verka introduserer forfattaren denne gongen eit nytt og korrigerande perspektiv, i form av eit undrande barns blikk. Den som føler seg utanfor i denne boka er nemleg ikkje hovudpersonen sjølv, men hovudpersonens forelder. Ved å skildre komplekset utanfrå når også forfattaren ny innsikt.

Illustrasjon av mor, far og barn i same seng, før i tida, då alt var bra.

Empatirikt om grubling

Forteljinga følgjer far og dotter i omvendte roller, der den minste blir den som på eit vis tar omsorg for den største. Boka byrjar med at faren brått skiftar vesen, idet han får ein telefonsamtale som får han til å krympe seg og bli alvorleg. Innhaldet i samtalen blir lenge ei gåte i boka, slik at det byggjer seg opp ei stillteiande spaning. «Pappa har fått så mykje å tenke på», trøystar mora. Snart ser vi grublinga forplante seg til barnet.

Illustratør Engedal skildrar den tyngande stemninga med kalde, mørke fargar og bistert, kvitt (!) regn. Trærne glir over frå rosa og grønt via turkis til meir og meir blått og svart. Dei same kjølige tonane smittar deretter over på huset. I ei seig og dyster scene ser vi hovudpersonen betrakte faren sin frå utsida, medan det knyter seg i brystet:

Eg snur meg og ser bort på huset.
Eg blir ståande og kjenner mørk myr
fylle brystkassa og hovudet.
Kan ikkje pappa berre skjerpe seg?
Vere ein heilt vanleg pappa?

Illustrasjon av pappa som ser ut av vindauget, mot skogen. Mor og barn kjenner seg utanfor.

Autonome teikningar

Gravalvoret i teksten får noko fint å bryne seg på i Engedals høgst originale illustrasjonar. Gjennom vindauget i den nemnde scena ser vi faren i djupe tankar – men slett ikkje utan selskap. Katten sit nemleg tett på og stirer han i kvitauget. Hovudpersonen er ikkje den einaste som freistar å forstå farens sinnsstemning.

Engedal avvæpnar det alvorstunge med å tilføre små glimt av humor og varme. Uskuldsreine dyr opptrer hyppig i bakgrunnen, til allmenn trøyst og underhaldning. Apropos trøyst er det fleire av forfattarens ønskedraumar frå Kvit, norsk mann som får høve til å gå i oppfylling i denne boka. Eit eksempel er henta frå del «fire» (side 56):

eg sparka fotballkamp

og var eit av 22 like barn på bana

berre talet på drakta

skilde meg frå dei andre

Illustratøren lar denne scena kome til liv med eit visuelt grep der alle barna på bana er like forskjellige, også når det kjem til hudfarge. Ved at ingen er heilt like blir det heller ingen som skil seg ut. Det visuelle poenget er smart og subtilt utført.

Måten Engedal møter teksten med sitt særeigne biletspråk er i det heile vel verdt ein studie. I eit symboltungt oppslag ser vi jentas mor freiste å sy saman ein genser med lause ermer – samstundes som faren mentalt går i oppløysing. Ulike kvardagsdetaljar kommenterer familiesituasjonen. Tre kjøkkenglas står rundt bordet, men berre far og dotter har like glas. Engedal leikar seg med avstandar, symmetri og asymmetri i same scene. Ingen blikk går i same retning.

Illustrasjon av barnet saman med fotballaget sitt, på bana.

Symbolsk skog

Det mest underfundige grepet i denne boka er truleg måten Engedal teiknar tre på. Skog er eit symbolsk leiemotiv gjennom heile teksten, med tilvising til alt frå røter og opphav til det å skulle tråkke opp nye stiar. Men skogen er meir enn ein skog i Engedals visuelle utforming. Tretoppane bognar nemleg over av mjuke puter – som marshmallows på kvist. Forma peikar fram mot ei av nøkkelscenene i boka der far og dotter samlast rundt bålet. Les ein boka om igjen kan ein finne marsmallows på nær sagt kvar einaste side.

Den som får faren ut att i skogen er barnet, og samspelet dei to imellom gjer at han torer opne seg for henne. I skogen får han forklart delar av telefonsamtalen og fortalt at han må vitje heimlandet for å lære om sitt opphav. Sjølv hugsar han ingenting. Fråværet av ytterlegare detaljar kring saka er nok ein styrke i boka. Slik blir dette dagsaktuelle temaet presentert mest mogleg universelt.

Illustrasjon av far og barn i eit slags felles tankelandskap i ein skog.

Nye røter

«Eg har alltid følt meg så annleis», medgir faren litt seinare. Engedals nærbilde av far og dotter dementerer kontant denne påstanden. I teikninga er det nemleg kun hår og bart som skil dei frå kvarandre. Oppslaget er som henta ut av dikt fire (side 43) i Kvit norsk mann:

eg vil ha eit barn med min eigen hårfarge

mine auge, min nase, mi hake, mine kinn

Kva tenker du på? er ei bok som rokkar ved det usagte utan å ty til altfor spesifikke detaljar. Boka rommar tema som adopsjon og integrering, men kan òg omhandle manglande tilknyting generelt. Kjensler treng ikkje være sanning, derfor er det flott at Engedals bilder både understrekar, nyanserer og endatil motbeviser teksten ved enkelte høve. Form- og innhaldsmessig er det både modig og sterkt.

Boka handlar om å ikkje grave seg for djupt ned i eit problem, sjølv når det gjeld eit eksistensialistisk tema som opphav. At røter har minst like mykje med etterkommarar som med forgjengarar å gjere, er noko ein kan lese tydeleg ut av denne teksten. Det er eit fint bodskap.

Egon Låstad

Født 1979. Kritiker, designer og kurator. BA i grafisk design fra UCA. Årsstudium i Arkivkunnskap fra UiO. Jurymedlem i Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok. Kritikerfadder for U-prisen. Prosjektleder for www.illustrertejulekort.no