Kva er vitsen

Kva er vitsen

Boktittel: Vitsipedia

Forfatter: Jørn Roeim

Illustratør: Tora Marie Norberg

Forlag: Gyldendal

Årstall: 2014

Antall sider: 272

Eg har ikkje ledd høgt. Men eg har smilt av og til. Stussa andre gonger. Rista på hovudet også. Eg har leita forgjeves etter fleire lag i vitsane, utan hell. Og ofte har eg stønna over dei klissblaute og korte vitsane. Og eg har teke meg sjølv i å spørje: Kva er vitsen?

Vitsipedia. Norges eneste vitseleksikon. For barn i alle aldre. Av Jørn Roeim, med illustrasjonar av Tora Marie Norberg. Boka er på nærare tre hundre sider. Den inneheld over 3000 vitsar av typen:

Læreren: – Hvor ble den norske Grunnloven underskrevet, Henrik?

Henrik: – Nederst på arket!

Og:

Hva er den beste måten å bli kvitt lopper på?

Gi dem til et loppemarked.


Ingen spøk å melde vitsar

Vitsane er fordelte alfabetisk etter drygt 500 oppslagsord, frå ’Adam og Eva’ (Hva sa Adam og Eva i Narvesenkiosken? Har dere fått noen nye blader?) til ’Årsmøte’ (Hvordan er stemningen når møbeltapetsererne har årsmøte? Stappfullt).

Ifølge forlaget som gir ut boka, Gyldendal, er Jørn Roeim kanskje landets minst kjende bestseljarforfattar. Og han står bak ei imponerande rekke utgjevingar. Dei fleste i humorsjangeren for barn og unge, som denne. Vitsipedia er bygd opp på same måten som Barnas Store Vitseleksikon, og vitsane her er i stor grad dei same. I alle fall bygd opp på same måten. Korte. Lettleste og blaute. Vitsipedia er smekkfull av «Har du hørt at-vitsar» og «Visste du at-vitsar». Og ordspela kjem tett som hagl.

Hvorfor er ikke høydehopp noe for eldre menn?

Det heter jo i sangen at Old man river.

Eg spør meg sjølv: Er det vits å melde ei vitsebok med tretusen vitsar? Det er i alle fall ingen spøk, for å prøve å legge meg på same humoristiske nivå som boka.


Kvifor det, eigentleg?

Eg innser raskt at eg ikkje er i den såkalla målgruppa, så eg samlar tre ekspertar for å vurdere vitsane. Ein treåring, ein femåring og ein sjuåring. Og så les eg:

Hva skjer hvis du kaster en grønn stein i Rødehavet?

Den blir våt.

Ingen ler. Sjuåringen fortel at ho alt visste dette, sjølvsagt. Og femåringen gjer det klart at han er flinkare å kaste stein enn treåringen. Noko som får treåringen til å slå femåringen.

Nytt forsøk. Ny vits.

Hva bør du ikke plante i et blomsterbed?

Føttene dine.

Panelet ser på meg og ventar på meir, før femåringen til slutt spør: – Kvifor det, eigentleg? Sjuåringen fortel at treåringen nyleg tissa i eit blomsterbed. Treåringen slår femåringen, fordi han sit nærast, og fordi treåringen enno ikkje har gløymt det som blei sagt om steinkasting. Tilbake til Vitsipedia. Og eg finn fram den vitsen eg likar best. Høgdepunktet blant tre tusen vitsar:

Det var fest i fruktfatet. Plutselig sa eplet:

– Hvorfor ble det så mørkt her?

– Det er sikkert fordi pæra gikk, svarte bananen.

Endeleg ein vits som også slår an i panelet. Sjuåringen ler av vitsen. Femåringen ler av vitsen. Treåringen ler fordi dei to andre ler, før han seier: prompebanan, for å gjere vitsen endå litt betre. Eg slår opp i stikkordregisteret bak i boka, men mellom stikkorda Prest og Psykiater ligg det ikkje ein kategori for prompevitsar, noko som eg veit ville slått an i panelet. Eit ekspertpanel som no er blitt bråkete. Og dess fleire vitsar eg les, dess verre blir det. Eg avsluttar testen med ein siste tilfeldig valt vits.

Hva sa monsteret til pianoet?

«Så fine tenner du har.»

Det blir heilt stille i panelet. Ingen smil eller latter.

– Det finst ikkje monster, seier treåringen.

– Har piano tenner?, spør femåringen.

– Nei, din dumming,svarar sjuåringen. Femåringen slår sjuåringen. Sjuåringen grin. Treåringen understrekar nok ein gong at det ikkje finst verken monster eller flytande lava i Norge, før han går ut for å kaste stein.
Nivået imponerer ikkje

Eg blir sitjande igjen åleine for å lese vitsar. Side opp og side ned av gamle og kjente vitsar. Av og til dukkar det opp vitsar med litt nye vriar, men det meste er kjent og trygt.

Meld deg inn i skytterlaget, og treff nye venner.

Det slår meg kor uendeleg lite vitsen som sjanger har utvikla seg. Både i innhald, og ikkje minst med tanke på form. Dei fleste vitsane er bygd opp slik: Eit innleiande spørsmål (Hvorfor drikker ikke nonner kaffi?), etterfølgt av eit forsøksvis humoristisk svar. (Fordi bønnene går rett til himmelen.)

Nivået på vitsane i boka imponerer ikkje. Og no meiner ikkje eg at ein skal forvente av ei bok med vitsar – denne ekstremt lite endringsvillige sjangeren – at den skal vere fornyande. Eg forventar heller ikkje at vitsane skal opne for dei store skjønnlitterære tolkingsmoglegheitene. Men eg forventar ein ting, som dessverre verken eg eller panelet mitt fann i denne boka. Eg forventar at ein vits skal vere morosam. Kva er elles vitsen?

Epilog. Sjuåringen konkluderer:

– Eg veit kvifor det ikkje var morosamt. Det er eit leksikon. Og leksikon er ikkje gøye bøker.

Finn Tokvam

2 thoughts on “Kva er vitsen

Comments are closed.