Kva vil det seie å vere snill?

Boktittel: Kven er snillast av far og mor?
Forfatter: Inger Bråtveit
Illustratør: Inger Bråtveit
Oversetter: Thomas Nordby
Forlag: Flamme
Årstall: 2012
Antall sider: 48
I Kven er snillast av far og mor? stiller Inger Bråtveit eit nesten tabu spørsmål. Lesaren må
I Kven er snillast av far og mor? stiller Inger Bråtveit eit nesten tabu spørsmål. Lesaren må sjølv kåre ein vinnar, men manglar godt nok grunnlag til å svare.
Tittelen på Inger Bråtveits barnebokdebut er ein utidig tanke. Mange barn har nok likevel klare formeiningar om dette engasjerande spørsmålet – sjølv om svaret kanskje vil variere frå dag til dag, og til og med frå time til time, ofte avhengig av ei rekkje meir eller mindre vilkårlege faktorar. Nettopp difor verkar nok spørsmålet meir avskrekkande på foreldre enn på barn. Er ein mindre snill viss ein er mykje på jobb?
Empatisk
Bråtveit vart nominert til Kritikarprisen for sin siste roman, Siss og Unn (2008), ein roman som tok kjenslene til to unge jenter på alvor. Bråtveits første barnebok er òg empatisk av karakter, ei vidareføring av tema Bråtveit har vore innom før, berre i andre former. Vi møter 8 år gamle Knut, som er innlagt på sjukehus. Han taklar både sjukehusets klaustrofobisk stengte vindauge og spisse sprøyter, men etterlyser ein morsfigur: «Knut er ikkje redd for sprøyter eller blod. Knut tenkjer berre: Kvar er mor?»
Sår tvil
Bråtveit vekslar mellom vanlege kvardagsreferat og innslag av dansande lette linjer med enderim og humør. Ho har funne ei stø og treffande røyst i barnebokdebuten. Men spørsmålet er anten-eller, og forfattaren begynner med å så tvil om sitt eige sanningssøkande prosjekt: «Kven er snillast av far og mor? For dette finst det neppe ord», rimar teksten, nærast apologetisk.
Og som sagt så gjort: Teksten gir heldigvis ikkje noko tydeleg svar på kven som er snillast. Ein kan knappast kritisere ei mor for å vere lite snill berre fordi ho er vekkreist med jobben når sonen er innlagt på sjukehuset: «Mor jobbar med bank og finans, det vert lange dagar med mykje reising utanlands.» Men fleire ting tyder på at mammaen til Knut er fråverande i meir enn den fysiske tydinga. Ho er «ofte ganske stressa, nokre gonger litt fjern.» Er det nok til å kome på andreplass i kåringa av den snillaste?
Situasjonen gir resonans til Bråtveits førre roman, Siss og Unn, og viser samanheng i forfattarskapen på tvers av aldersgrenser: Mor til Unn trekkjer seg inn i seg sjølv, og tenkjer «at ho ikkje lenger er noka god mor», medan far til Siss i romanen har rolla som den som alltid er på jobb.
Lite pedagogikk
Det er lite banal pedagogikk i Bråtveits introverte tekstunivers. Lesaren må gjere koplingane sjølv, og tvingast til å reflektere rundt kven som er snillast. Knut blir glad då han får ein Dachs av mor i gåve, men kan hunden sjåast som eit substitutt for det tomrommet ho sjølv er med på å lage? Kjøper ho seg godt samvit og godvilje? Det får lesaren ikkje vite.
Bråtveit lukkast best når ho presenterer morosame naudrimspassasjar som «I helgane koplar mor av med å gå på ski. Mor seier alltid: Fysisk fostring er beste form for fritid» og på neste side følgjer opp med nøkterne framstillingar av at «Medan mor mosjonerer, tek far og Knut seg ein tur ut, på kino eller kafé». Samanstillinga av at mor er på ski (åleine), medan far og son er på kafé, er det som leier lesaren til refleksjon. Fråveret av morskikkelsen eit poeng i seg sjølv utan at boka blir pedagogisk av den grunn.
Forsterkar og medtolkar
Illustrasjonane til Thomas Nordby frå Yokoland fyller ikkje tomromma som Bråtveit har skapt, men utvidar dei, og bidreg til å forsterke inntrykket av distanse mellom personane. I boka er mor og son aldri avbilda saman, sjølv om verbalteksten ikkje legg hindringar for akkurat det. Nordbys karakteristiske fargebruk gir ein sterk visuell identitet, men er ikkje like rebelsk og anti-logisk humoristisk som i tidlegare Yokoland-produksjonar, slik som Malermester Grønn. Hos Nordby tydeleggjer dei klare fargane viktige tilstandar i teksten: blod og sjukdom (raud, gul), fråvere og kapitalisme (blå), og betring og nærvere (grøn).
Det er altså snakk om ei form for medtolking frå Nordbys side, og illustrasjonane står overdrivande og forsterkande til teksten. På nattbordet står ei flaske brus det står «Solo» på, berre for å understreke einsemda på sjukehusrommet – eit typisk ordspel mynta på dei litt eldre – detaljar som teksten ikkje seier noko om.
Pushwagnersk klangbotn
I illustrasjonane kan ein ane eit sting i seg sjølv. Både den skjelvande, svarte streken og bruken av kvitt og fargar, er det noko pushwagnersk over. Og Nordbys innleiande og avsluttande teikningar, av framandgjerande sjukehusfasadar og dupliserte rekkehus side om side, bidreg til å setje ein spesifikk familiesituasjon inn ein universell samanheng, på ein måte som minner om kapitalismekritikken til Soft City og Pushwagners En dag i familien Manns liv.
Bråtveits tidvis refererande, tidvis dansande poetiske ord står godt til Nordbys kontrastar og vekslingar mellom kritkvit stilisering og små fargerike detaljar. Han rammar inn historia ved å vise familien som ein del av ein større totalitet ved byrjing og slutt. Medan teksten er nøktern og konkret, tilfører han spennvidde.
Uforløyst spørsmål
Det største spørsmålet knyter seg til Bråtveits bruk av «snill», og korleis omgrepet verkar ligge uproblematisert tett opptil det å vere fysisk nærverande som forelder. Tittelen skapar forventingar om ei noko meir spissa historie, om at Knut kjenner seg urettvist behandla, kanskje? Men berre ein gong i innleiinga nemner Knut at mora er borte, elles verkar alt heilt greitt for hans del. Barn lurer kanskje på kvifor er det er slik at mor må heilt til Finland på jobb i det heile tatt, og korleis det kan ha noko med kor snill ho er. Eller er det faren som er den minst snille, fordi det var mora som gav han ein hund i gåve?
Større innsyn i tankeverda til foreldra kunne gitt lesaren større høve til å reflektere rundt dette. Slik eg ser det, er det sjølve fråveret (av mor) som er problematisert i boka, ikkje hennar intensjonar og om mor er mindre «snill» enn far. For begge er snille slik eg ser det, men den eine er ikkje like mykje til stades.
Skal ein kome nærare inn på kva det er å vere snill, må ein nok få eit djupare innsyn i kvifor mor og far handlar som dei gjer.