Kvardagsleg og vakkert om sorg
Boktittel: Gunnars rekordbok
Forfatter: Anders Totland
Forlag: Vigmostad & Bjørke
Årstall: 2024
Antall sider: 144
Sjanger: Barneroman
Anders Totland har skrive ei underfundig og fin bok om ei død mor, og gir forteljinga forrang framfor tematikken.
Alle har ein eigen måte å sørgje på, og ingen av desse er feil. Det seier vi i alle fall, men det stemmer jo ikkje. Vi har bestemt at nokre måtar å sørgje på er nyttige: gråte i gravferda. Besøkje kyrkjegarden. Meditere over den som har gått bort, og så gå vidare sjølv.
Andre måtar er feil: stengje seg inne. Prøve å ikkje tenkje på det som har skjedd, eller tenkje på det heile tida. Slutte å fungere, sånn alt i alt.
Hovudpersonen i Gunnars rekordbok gjer noko rett. Pappaen hans gjer veldig mykje feil. Og dei er begge omgitt av andre foreldre og lærarar og venner som lykkast om lag halvparten av tida. Dei er trass alt berre menneske. Og det er eitt av dei største komplimenta det går an å gi Anders Totlands nye bok: personane kjennest som menneske.
Makteslause vaksne
Når vi møter Gunnar for første gong, snik han seg så stille han kan gjennom huset om morgonen, for ikkje å vekkje faren. Dette får henge i lufta i mange sider før vi får vite meir om kva som har hendt: Etter at mora til Gunnar døydde plutseleg og uventa, har mange ting vorte annleis. Far hans drikk for mykje. Han ligg stort sett berre på sofaen, og klarer ikkje å halde livet deira i gang: «Det er eigentleg litt rart, for me fekk nesten aldri post i postkassa før. Og eg har aldri sett sånne konvoluttar heime hos Sivert. Men hos oss kjem det berre fleire og fleire brev, som pappa aldri opnar.»
Livet elles let seg ikkje stoppe. Gunnar og bestekameraten Sivert har ei trehytte i skogen. Birger, ein annan av gutane i klassen, er innpåsliten og har dårlege sosiale antenner. Så er det Vilde, for ei ungdomsbok er programforplikta til å ha i alle fall eitt romantisk sidespor. Og ikkje minst er det dei vaksne. Faren til Sivert. Læraren Hermund. Og Gunnars tante, tvillingsøstera til mora. Dei spør og spør med bekymring i blikket korleis det går. Men kva kan dei eigentleg gjere?
Finurlege detaljar
Totland er kjent for å ta opp vanskelege tema i bøkene sine. Engel i snøen handla om eit dødssjukt barn, og gav Totland Nynorsk barnelitteraturpris i 2016. Så lenge ingen ser oss, som handla om overgrep, gav han prisen Ordknappen frå Leser søker bok.
Gunnars rekordbok balanserer ein fin tone gjennom heile boka. Sjølv om sorga etter mora er grunntemaet i historia, er ikkje historia trist eller tung. Totland har eit lett og mildt naivt språk og eit auge for detaljar som løftar historia langt over tematikken. Fleire passasjar er av typen som påskjønner dei kløktige lesarane i målgruppa, som denne skildringa:
«Det er eigentleg litt rart, for eg kan hugsa kor travel far til Sivert pleidde å vera. Han var alltid på farten og nesten aldri heime. Det var først då mora flytta ut at far til Sivert fekk så god tid. No er han nesten alltid heime. Men eg har aldri høyrt at dei snakkar om det.»
Vil unge lesarar i det heile tenkje at faren til Sivert var mykje borte fordi det var uuthaldeleg å vere heime i ekteskapet? Eller skal vi la desse mørke tankane liggje til dei eldre kritikarane? (La oss under tvil skrive gjentakinga av setninga «Det er eigentleg litt rart» på kontoen for realistisk språkføring, for det er ein av svært få ting som skurrar i denne boka.)
Andre passasjer er meir underfundige:
«Det var tante som følgde meg til sjukehuset òg, då legane ville undersøka om det var noko som gjekk i arv. Om det som skjedde med mamma, kunne skje med meg òg. Både tante og eg måtte undersøkast, for sånn er det å vera familie.»
Sånn er det å vere familie. Ein må ta det gode med det vonde. Det er ein del dårlege heimar i Totlands univers, men dei humpar no av garde på eit vis likevel.
Eigne rekordar
Gunnar har eit eksemplar av Guinness’ rekordbok som får han gjennom dagane. Den har han fått av læraren Hermund, og han les i den kvar kveld på senga på jakt etter «heilt sjuke ting som folk har gjort.»
Samtidig fører Gunnar si eiga rekordbok, med oppføringar som «Den beste vennen i verda» (Sivert), «Verdas blidaste pappa» (pappaen til Sivert, sårt nok). Rekordboka blir som ei dagbok for han, med alle dei hemmelegaste tinga og dei største kjenslene. Men sidene han har sett av til å skrive om mora, held fram med å vere tomme. Det er framleis for vanskeleg.
Hjelpa kjem til slutt. Ikkje innanfrå, for dette er det verkelege livet og ikkje eit eventyr, men i kombinasjonen av mange gode krefter utanfrå. Faren kjem seg på beina. Saman besøkjer dei gravstaden til mora for første gong. Og til sist byrjar Gunnar å skrive. Det er ei velbrukt avslutning på ei forteljing fortalt i førsteperson, men her fungerer det veldig fint.