Kven skal skildre kvardagen på Holmlia?
– Det er rett og slett for få bøker med invandrarar i hovudrollene, seier ungdomsbibliotekar ved Holmlia bibliotek, Sara Beskow. Ho opplever at det er vanskeleg å finne litteratur som skildrar kvardagsproblema til unge menneske med innvandrarbakgrunn.
30. mars 2007: Leiar for Norsk Barnebokinstitutt si forfattarutdanning, Dag Larsen, peika i Dagbladet på at forfattarar med fleirkulturell bakgrunn «nærmest [er] fraværende i norsk barne- og ungdomslitteratur». Larsen avslørte også at instituttet ville gjere noko med saka ved å gi to utdanningsstipend, samt halde av to studieplassar, til studentar med bakgrunn frå Asia, Afrika, Midt-Austen og Latin-Amerika. Nesten åtte år seinare har seks forfattarspirer fått stipend og blitt uteksaminerte, men framleis er det eit like aktuelt spørsmål kva barn- og unge med innvandrarbakgrunn skal lese når dei vil lese noko som handlar om deira eigen kvardag.
«Historier fra virkeligheten» mest populære
Som ungdomsbibliotekar ved Deichman-filialen på Holmlia, møter Sara Beskow den aktuelle målgruppa dagleg. På spørsmål om vi manglar bøker barn og unge med innvandrarbakgrunn opplever som relevante, svarar ho tydeleg ja:
– Med atterhald om at eg berre har jobba her på Holmlia sidan mai: Ja, det vil eg seie. Blant jentene går det til dømes mykje i «historier fra virkeligheten». Det meiner eg seier noko om at det manglar god skjønnlitteratur for målgruppa. Skal ein lese skjønnlitteratur må ein klare seg med nokre få «klassikarar». Det er rett og slett for få bøker med innvandrarar i hovudrollene, og dei få som finst framstår ofte som urealistiske eller utdaterte.
Få skildrar kvardagsrpoblema
Beskow nemner ungdomsromanane til Mahmona Khan som eit unntak. Skitten snø og Fra Oslo til Lahore – dei to spenningsfylte bøkene om jentegjengen «Masalagirls» – har toppa utlånslistene til Deichmanske, og viser at publikummet til romanar om for eksempel det norsk-pakistanske miljøet er stort.
– Nokre bøker finst det altså, men det er eit stort behov for større variasjon, konstaterer Beskow. – Ulike innvandrarbarn har trass alt ekstremt ulik bakgrunn. Dei kjem frå ulike delar av verda, frå ulike livsyn og religionar.
Beskow understrekar at unge innvandrarar på lik linje med alle andre unge menneske, er opptatt av dei store eksistensielle problema, til dømes kjærleik og hat.
– Dei les derfor stortsett akkurat dei same bøkene som alle andre. Likevel burde innvandrarungdom også ha tilgang på litteratur med hovudpersonar med same bakgrunn som dei sjølve. Det gjer det lettare å relatere til historia, og ikkje minst å finne førebilete som slit med akkurat dei same problema som det dei gjer. Mange i målgruppa vår her på Deichman Holmlia kjem til dømes frå store familiar. Dei har derfor andre kvardagsutfordringar enn det norske barn har, og kjenner seg ikkje nødvendigvis igjen i skildringar frå små kjernefamiliar.
Beskow legg til at den største utfordringa er å finne passande bøker til gutar: – Gutane er generelt vanskelege å få taket på. Spesielt i ungdomsalder. Det er også vanleg at foreldre som ber om bøker til barna, heller vil ha noko «skikkeleg» dersom vi foreslår skjønnlitteratur. Dei ønsker sjølvsagt at barna deira skal gjere det bra på skolen, og ser større umiddelbar nytteverdi av fagbøker. Skjønnlitteratur blir i større grad blir sett på som underhaldning.
Etterlyser hjelp frå kulturskulane
Med dei to utdanningsstipenda oppretta i 2007, har forfattarutdanninga til Barnebokinstituttet forsøkt å legge til rette for at skrivelystne med innvandrarbakgrunn skal få ein sjanse til å realisere forfattardraumen. Leiar for utdanninga, Dag Larsen, er for tida i permisjon, men svarar på epost at det finst strukturelle problem som kan forklare kvifor det framleis er relativt få norske barne- og ungdomsbokforfattarar med innvandrarbakgrunn:
«Jeg synes nok ikke at forlagene gjør overvettes mye for å rekruttere forfattere med det du kaller ‘flerkulturell’ bakgrunn. Det er også noe vanskeligere for dem enn for oss som driver med forfatterutdanning. Kulturskolene har ennå ikke klart å utvikle unge skribenter, og rekrutteringen blir ikke enklere av det. Det er en terskel inn i det norske kulturlivet, og jeg liker dårlig at den terskelen synes å ha blitt hvit middelklasse-høy. Så i dag er det ikke bare ungdom med bakgrunn fra andre land som har vansker med å forsere denne terskelen, men også ungdom fra miljøer som ikke er så ‘ressurssterke’».
Noko på gang
Larsen meiner likevel det har skjedd ein del på feltet dei siste åtte åra:
«Siden den toårige forfatterutdanningen i NBI startet med å ta opp to studenter med bakgrunn fra Asia, Afrika, Midtøsten eller Latin-Amerika i 2007, har vi uteksaminert seks studenter med dette utdanningsstipendet. Av disse har to debutert, en av dem har utgitt flere titler, den andre har utgitt debutboka i Frankrike, Canada og USA. Begge arbeider med nye titler. En debuterer i høst og en debuterer neste år. Fire av seks, altså.»
I den nemnde Dagbladet-artikkelen frå 2007, fortalde dåverande leiar i Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU), Kari Sverdrup, at forfattarforeninga hadde nokre samiske medlem, men ellers ingen med minoritetsbakgrunn på medlemslista. I dag er situasjonen nesten uendra:
– Sidan 2007 har vi fått eitt fleirkulturelt medlem, informerer NBU-sekretær Ellen Liland.
Konfrontert med dette talet, minner Dag Larsen om at NBU berre tar opp medlem som har skrive to eller fleire bøker. Han trur derfor framtida ser lysare ut enn medlemsstatistikken til forfattarforeninga kan tyde på: «Resultatene fra nye utgivelser og forfatterutdanningen vises ikke først der. Jeg antar at de fire studentene våre som har debutert etter hvert kommer med i NBU. Og flere kommer nok etter hvert.»