Tittel: Påska fortald for dei små
Tekst: Ingunn Aadland
Illustratør: Lars Aurtande
Forlag: IKO
Årstall: 2022
Antall sider: 28

Kvinner i forsamlinga

Ei stillferdig oppdatert og redigert påskehistorie for dei små – og for foreldra som får dei vanskelege spørsmåla.

«Kvifor feirar me påske?» Det er eit sånt klisjéspørsmål alle småbarnsforeldre bør førebu seg på å få, til liks med «Kvifor er himmelen blå?» og «Finst julenissen?». Eg fekk påske-spørsmålet sist for berre nokre dagar sidan, på veg opp trappa til inngangsdøra heime med nyskaffa påskeegg i hendene på kvart av barna. Og hjernen min kortslutta.

For kva skal ein eigentleg svara? At me feirar påske fordi Jesus vart hengd på eit kors og døydde? Det fordrar fleire forklaringar. At det er fordi han overvann døden og sikra alle som trur på han evig liv? Den kan vera litt tung for ein seksåring. «Me feirar påske fordi Jesus liker oss», feiga eg ut, og så sette me oss ned og såg Paw Patrol.

Påska fortald for dei små er sånn sett ei gudegitt gåve for dei av oss som framleis trur at ei velfylt bokhylle kan parera dei fleste problem. Med utgangspunkt i dei viktigaste merkedagane (palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag, påskeaftan og påskedagen) dreg forfattar Ingunn Aadland og illustratør Lars Aurtande oss gjennom ei forsiktig modernisert, lettare forkorta, men stadig gjenkjenneleg tradisjonell påskeforteljing.

5028 Påska fortalt for dei små.indd

Namedropping

«Bibelen er ikkje barnelitteratur» skreiv Aadland i det religionspedagogiske tidsskriftet Prismet for nokre år tilbake. Poenget hennar var at originaltekstane må leggast til rette før dei kan venda seg til barn. I artikkelen analyserte ho nyare norske barne- og ungdomsbiblar og fann at særleg kvinnene ofte var enten usynlege eller framstilt som syndarar. I Påska fortald for dei små prøver ho å bøta på dette ved å finna ein positiv plass for kvinnene i historia, som Maria og Maria Magdalena.

For Aadland, som har ein ph.d.-grad frå MF vitskapleg høgskule og jobbar som rådgivar på Iko-kyrkjeleg pedagogisk senter, har det òg vore viktig å få med eit større mangfald av krinsen rundt Jesus. Det har ho for så vidt klart, men det kjennest mest som namedropping i tilfelle som «Broren deira, Lasarus, er der og».

Til liks med dei fleste minneverdige forteljingane frå kristendommen, finst ikkje påskeevangeliet berre éin stad i Bibelen. Aadland tek utgangspunkt i teksten frå Johannesevangeliet, med element frå dei tre andre evangelia. Alt er godt forklart – med kapittel og vers – i noteteksten av boka.

Aadland har kvalifikasjonar som blir sette pris på av kvardagsateistar og høgtidskristne – sjølv dei som hardnakka hevdar at kristendommen baserer seg på overtru, må vedgå at dette i det minste er ei vitskapleg korrekt attgjeving av overtrua. Då får det heller vera at nokre gamle kjenningar er redigerte bort (adjø, Pontius Pilatus).

5028 Påska fortalt for dei små.indd

Bibelteikningar

Er det denne kombinasjonen av det religiøst og akademisk korrekte som har lagt ein dempar på Lars Aurtande? Den premierte illustratøren har stått bak ei rekkje oppsiktsvekkjande bøker dei siste åra, og han jobbar med alt frå reine blekkteikningar til leire- og silikonskulpturar og readymades.

I lys av dette er Påska fortald for dei små nærast anti-spektakulær i uttrykket. Aurtande legg seg nært opptil det eg omgåande tenkjer på som tradisjonelle barnebibel-illustrasjonar: milde ansikt, enkel realisme og ingen overraskingar. Ikkje hev stemma, ikkje spring i gangane. Det største visuelle krumspringet er ein tåfis-referanse i scena der Jesus vaskar føtene til disiplane. Slik det er no, nærast roper den visuelle stilen «kristent forlag!». Og for alt eg veit var det kanskje meininga òg.

5028 Påska fortalt for dei små.indd

Ei nøysam forteljing

Om barn skal forstå kva som skjer i det norske samfunnet, vil dei i overskodeleg framtid òg trenga kjennskap til dei kristne forteljingane. Slik sett er det viktig med nye tilretteleggingar som prøver å rette opp feila og blindsonene til dei eldre utgivingane. For, som Ingunn Aadland argumenterer, er ikkje sjølve Bibelen barnelitteratur. Plassen kvinnene har fått i denne boka er langt frå oppsiktsvekkjande og revolusjonerande, men det er ein start.

Så til det viktigaste: Vil boka hjelpa meg? Ho fortel påskehistoria på ein enkel og oversiktleg måte. Og ho held seg unna pedagogiske verkemiddel som retoriske spørsmål og forsøk på forklaringar. Vil barna bli klokare på kva som skjedde under påskedagane for rundt to tusen år sidan? Ja, det trur eg. Kva alt saman betydde er derimot framleis opp til oss vaksne å prøva å finna ut av – og forklara.

Dét, og kor påskeegga eigentleg kjem inn i biletet.

 



Skrevet av:

Kommentarer