Lærerikt om forhistorie


Den mystiske krukka
av Solveig Blindheim Bendixen
95 sider
Forlag: Solveig Blindheim Bendixen 2022
Omslagsdesign: Trond Kulterud

Havørna
av Solveig Blindheim Bendixen
91 sider
Forlag: Solveig Blindheim Bendixen 2023
Omslagsdesign: Trond Kulterud
Nærleiken til natur og dyr, i møte med historiske linjer, er kjenneteikn i dei to nyaste bøkene til Solveig Blindheim Bendixen. I tillegg skriv forfattaren varmt om venskap, etiske dilemma, og kvardagslege situasjonar.
I Den mystiske krukka (2022) og Havørna (2023) kretsar historia rundt skuleguten Tore, hans familie og vener, samt ein heil flokk med fuglar. Begge bøkene har mykje av det same persongalleriet og gir inntrykk av å vera del av same serie, men ein kan fint lesa dei uavhengig av kvarandre.
Tore bur i lag med mora, foreldra har skilt lag, og han vitjar faren i helgane. Mor har dårleg råd og farens nye kjærleik, gauken Britt dritt, er litt koko. Eit klassisk, og litt gamaldags, kjønnsrollemønster set ramma for familiekonstruksjonen. Her kunne Solveig Blindheim Bendixen med hell vore meir kreativ. Men når forfattaren skriv om kvardagslege situasjonar, i kombinasjon med sitt pedagogiske blikk, har ho likevel ei markant stemme.
Tverrfaglege kvalitetar
I Den mystiske krukka blir Tore dradd mellom dei kranglete foreldra sine, og fleire gongar må han tydeleg seie frå når dei vaksne oppfører seg dumt. Heldigvis har han bestevenen Gabriel, og sjølvaste politimeisteren, å støtte seg på når alt kjennest urettvist. I Havørna er det venskap som blir sett på prøve. Når Gabriel blir erta av gjengen til Preben, blir Tore utfordra til å seie frå. I begge bøkene viser Tore handlekraft, i form av å ta etiske og gjennomtenkte val. Men det kjem ikkje automatisk. Han må først gå nokre rundar med seg sjølv, og etter ei stund framstår han som klok og fornuftig.
Fascinasjon for fuglar og forhistorie er eit viktig band mellom Tore og Gabriel. Gutane er kreative, litt nerdete, og interessene deira bidrar til at spenstige eventyr finn plass i den elles heilt vanlege kvardagen. Karakterane blir ofte samanlikna med ulike fugleartar, eit artig og verknadsfullt grep som gjer bøkene informative.
Parallelt med fuglane sine rørsler, og at barna er nyfikne, blir blikket stadig snudd bakover i tid. I Den mystiske krukka er det mellomalderen som er tema når Tore og mamma får ei krukke som er inngravert med eit spanande riddarmotiv. Krukka luktar litt som gamle vaktelegg, ifølgje Gabriel, og det åt dei på den tida, bekreftar læraren Dorthe. I Havørna er det ei gammal øks som tek oss tilbake til steinalderen, her er eit av kapitla vigd eit klassebesøk på museum.
Forfattaren skriv levande og poetiske passasjar om små og store hendingar, eksempelvis frå Den mystiske krukka då Tore skal reise til Skottland:
Flyet gjekk inn for landing og nærma seg rullebana. Tore kraup saman i setet.
Dunk! sa det først éin gong, så dunk! éin gong til, og så var dei nede. Tore var i utlandet for første gong i sitt liv.
Men det finst òg dialogar som ikkje direkte vender seg til barn. Som når Tore er på besøk hjå den pensjonerte politimeisteren, og han ser seg rundt på alle dei fine tinga ein eldre mann har samla gjennom eit heilt liv:
– Du har så mange fine ting, du
– Tja, men ein får ikkje noko med seg, veit du
Fakta vevd saman med fiksjon
I begge bøkene blir fleire ulike trådar fletta saman. Små, sjølvstendige og lærerike historiar blir ein del av eit større bilete. Dramaturgisk fungerer dette som separate spenningskurver med forteljingar inni forteljinga, og som ein metode for å sy teksten saman. Denne strukturen ser vi att i heile Bendixens forfattarskap.
I tillegg til å vere forfattar er Bendixen lærar av yrke, spor av dette finst i stor grad i bøkene. Fleire scener er lagt til skulerelaterte situasjonar, og vi får ei pedagogisk ramme rundt teksten som kan koplast til fleire skulefag. På nynorskbok.no ligg det også eit undervisningsopplegg for Den mystiske krukka. Materialet passar godt som høgtlesing i klassen, eller som oppgåvebasert litteratur, likt det som er i portalen til Bærekraftsbiblioteket på FN sine heimesider. Bøkene er i tillegg tilpassa lettlest-formatet, utan illustrasjonar, men med stor skrift og luftige sider.
Indiepublikasjon og mangfold
I tidsrommet 2011 til 2015 ga Bendixen ut fire barnebøker (serien om Teo) på Mangschou forlag. Men Den mystiske krukka og Havørna er begge to sjølvpubliserte, såkalla indiepublisering. Dei seinare åra har fleire forfattarar valt denne forma for publisering, og i lys av dette har verksemder som bl.a. Boldbooks, Kolofon og Skappelbooks forankra seg i bokbransjen. Felles for dei tre er at dei har posisjonert seg som ein motpol til store, etablerte forlag.
Framveksten og populariteten har også skapt ein debatt i pressa, rundt sjølvpublisering knytt opp mot temaet mangfald i litteraturen. Leiar av Den norske Forfatterforening, Brynjulf Jung Tjønn, kommenterte i Klassekampen at prisen for sjølvpublisering er høg og at utgivingsforma av den grunn ikkje bidrar til mangfald. Boldbooks på si side svarar at dei vil sikra høgare lønn til alle som skriv, og at dette er naudsynt fordi den gamle forlagsmodellen ikkje fungerer optimalt. Midt i denne debatten står indieforfattarar som viser til at større eigarskap til åndsverka er ei viktig drivkraft, i følgje tre av medlemmene i Forfatterforbundets indieutvalg; Birgitte Wærstad, Ingrid Sande Larsen og Laila Sandvold Macdonald. Dei peikar på at deira satsing nettopp bidrar til mangfald i litteraturen, samt at innkjøpsordninga også inkluderar stadig fleire av dei sjølvpubliserte bøkene.
Kanskje er det ikkje sett punktum for denne diskusjonen heilt enno, men som lesar legg eg merke til at det finnes ei meir personleg stemme i indiebøkene til Bendixen. Noko som kan henge saman med at skriveprosessen har vore utan for mykje kommersielle ledd. Samstundes får eg ei kjensle av at både Den mystiske krukka og Havørna er så preppa med fagstoff, at dei balanserer på grensa mot fagbok-sjangeren. Ville eit tettare samarbeid med redaktør luka ut den tvitydigheita? I så fall, kva ville det gjort med heilskapen?