Leseglede på tjuande året

Lesing krev tid og merksemd, to ting ungdommar har stadig mindre av. Likevel har juryklassane i Ungdommens kritikerpris lese, diskutert og – vonleg – funne lesegleda.
Då kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun opna fjorårets lesekonferanse i Stavanger understreka ho at det viktigaste og finaste me kan gi ungane våre, er leseglede. «… skal ungene våre bli bedre til å lese, må de ha leselysten til å lese mer», sa ho. Og det er fine ord, men viss du som eg doomscrolla deg gjennom rapportar og kommentarar som peika på korleis det går til helvete med dei unge sin lesedugleik i fjor, kan det verke som ei tapt sak. Så kva skal ein gjere? Regjeringa sitt leselystprosjekt gir lovnader om meir pengar til skulebibliotek, litteraturformidling og trykte lærebøker i skulen, men er det konkret nok? Jens Kihl peiker i Bergens Tidende på at sjølv ikkje Kari Nessa Nordtun kan «… tvinge kidsa til å elske Ibsen», og at me heller må skjerpe oss «les[e] sjæl».

Når eg som norsklærar på vidaregåande formidlar litteratur, blir ofte konflikten mellom leselyst og leseplikt synleg. På den eine sida ønskjer eg at elevane skal kjenne at tekstane me les angår dei, på den andre sida ligg det ofte ein vurderingssituasjon bak som styrer lesinga deira. Det er ein balansekunst. Denne våren har eg fått drahjelp ved å vere lærar for ein av Ungdommens kritikerpris sine juryklassar.
Ungdommens kritikerpris er ein pris for norsk skjønnlitterær samtidslitteratur som blir delt ut av elevar på vidaregåande. Seks klassar frå heile landet les dei same bøkene og vurderer dei ut frå eigne kriterium (i min klasse: rikt språk, god oppbygging og truverd i kontekst). Bøkene som er vald ut av Norsk kritikerlag er Kathrine Nedrejords Sameproblemet, Kyrre Andreassens Ikke mennesker jeg kan regne med, og Vi er brødrene Eikemo av Marit Eikemo. I prosessen, som går over om lag to månadar, skal altså elevane lese over 1000 sider med ny norsk skjønnlitteratur. Norsktimeplanen har blitt rydda, for at opplegget skulle vere minst mogeleg «skulete»; her er det lesegleda som er i framsetet. Når klassen min no har bestemt seg for kva bok dei meiner er årets vinnarbok, er det basert på deira eigne lesaropplevingar, mange timar boksamtalar og (stort sett) sakleg argumentasjon.
Nokre av elevane mine har mykje leseerfaring, andre svært lite. «Eg har alltid likt å lese, men då eg blei eldre begynte eg å gjere andre ting, sjå på mobilen. Dette har fått meg til å gjenoppdage noko eg eigentleg likar å gjere», seier Atiya Berg Nassor. Malene Østrem-Olsen Kyvik har ikkje så mykje erfaring med lesing frå før, men peiker også på manglande motivasjon som ein årsak. «Eg ser på det som å gå tur,» seier ho. «Når du sit inne verkar det drit å gå ut, men når du først er på tur er det herleg». Både Malene og Atiya kjenner på ein meistringsfølelse og føler seg sunnare no når skjermtida har blitt redusert på grunn av lesinga. Marius Trå Kvile understrekar også viktigheita av å lese i fellesskap: «Gruppelesing gjer at me kan høyre andre sine tankar om bøkene. Då blir det gøy og lærerikt», seier han.
Frå byrjinga i februar, der mange møtte bøkene med motstand, til norsktimane denne veka, der dei skulle argumentere for si favorittbok, har me vore gjennom heile følelsesregisteret. Det rører eit norsklærarhjarte å høyre elevar krangle høglydt om skjønnlitteratur. Eg har elevar som brenn for Marit Eikemos familie og elevar som ikkje føler familien vedkjem dei, elevar som elskar Kyrre Andreassens lange, snirklete setningar, og andre som føler dei får dysleksi av å lese han, og eg har elevar som møter Katrine Nedrejord med alt frå ømheit, rettferdig harme og skuldertrekk. Det er bra!
Alle har ikkje fått til å lese alt, men herregud, dei har prøvd, og det er meir enn ein kan seie om mange andre, også vaksne. Den indre motivasjonen, at dei av seg sjølve skal finne ut av det og «lese sjæl», har ikkje vore like naturleg for alle. Eg har måtta mase, lure og lokke (med kake), men dei fleste er komne gjennom romanane og har opplevd meistring. Gjennom å lese med kritiske briller har dei oppdaga sider ved seg sjølve dei hadde gløymt eller ikkje var klar over fanst.
I år feirar Ungdommens kritikerpris 20-års jubileum. At talet på bøker elevane skal lese har gått ned frå åtte til tre er ei litt sørgjeleg anerkjenning av at me lever i ei tid der det blir stadig vanskelegare å finne tid til lesinga. «Det er vanskeleg å finne motivasjon», seier Malene. Atiya peiker på telefonen som ein av syndarane: «Det er liksom andre ting som fristar meir», seier ho, «men når eg først har sett meg ned for å lese, synest eg det er gøy». Evna til merksemd er i ferd med å bli den mest verdifulle, marknadsførbare verdien ein kan ha. Ingenting er meir effektivt enn å lese for å opparbeide seg denne evna. Å la elevar delta i felles litteraturopplevingar, som Ungdommens kritikerpris, er difor viktig. Prisen er ei markering av at litteratur kan skape engasjement, meistring og ekte leseglede. Om elevane mine vil halde fram lesinga, gjenstår å sjå, men det er ei oppleving dei seint vil gløyme.
Red. komm: Ungdommens kritikerpris ble delt ut i Oslo 10. april, og gikk til Kathrine Nedrejord for Sameproblemet, Oktober forlag.
Bannerfoto: Asle Sætre.