Lettvint om Liverpool FC

Lettvint om Liverpool FC

Boktittel: Liverpool FC

Forfatter: Tore Ulabrand Johansen

Forlag: Vigmostad & Bjørke

Årstall: 2024

Antall sider: 64

Sjanger: Sakprosa

Forfattar og forlag har laga ei bok dei kallar «En uoffisiell fanbok». Resultatet luktar meir børs enn katedral.

I 1970- og 1980-åra sat utolmodige born framfor fjernsynsapparata og venta på Barne-TV medan Tippekampen rulla over skjermen. Mange fann sitt engelske favorittlag, ofte påverka av far og eldre søsken, eller kva lag som til ei kvar tid var i skotet i veneflokken. Kampane vart for dei fleste sette i svart kvitt, med bildekvalitet meir korna enn puffa havre. Symbolet «VI BEKLAGER TEKNISK FEIL!» framkalla ofte skade på kabinettet og lang ventetid på reparatør. Såleis var det ikkje alltid like enkelt å finna fram til eit favorittlag berre gjennom fjernsynet. Då var fotballkorta til stor hjelp. Her fann ein tydelege og fargerike bilde av tøffe karar med artige frisyrar.

Bussparade gjennom Liverpools gater etter sigeren i Champions League i 2019, Jürgen Klopp held pokalen. Foto: Oli SCARFF/NTB (AFP).

Frå glansa kort til glansa bok

På 70-talet dukka ein sadist opp på heimstaden min. Mannen slo seg ned i lokala til Folketannrøkta og bestemte at alle born i bygda skulle tannregulerast. Etter kjapp kontroll fekk eg ny time til å få røska ut mine friske jekslar, slik at Dr. Mengele skulle få plass til alle jarnvarene sine. Far fylgde meg til timen, såg nervøs ut og lova meg 3 pakkar med fotballkort viss eg heldt ut torturen. Prosedyren vart langt meir omfattande enn planlagt. Etterpå var far letta og sveitt, slo på stortromma og kjøpte 10 pakkar med fotballkort til meg! Heime venta mor med tomatsuppe utan makaroni.

Når eg no fekk boka Liverpool FC i hende, same dagen som den var å sjå mellom kryssordblada og hyttemagasina på Coop Prix Røldal, minnest eg gleda med fotballkort. Utan jekslar, men med 40 ferske kort i lomma, var eg i 1976 ein fyr å rekna med i skulegarden, berre slått av dei som hadde nye boblejakker eller køyrde slalåm. Mellom desse korta fann eg min favorittspelar, keeperen Ray Clemence. Eg fann mitt favorittlag – Liverpool. Eldste bror min protesterte ikkje. Han heldt med The Beatles.

Bok i butikk

Boka til Tore Ulabrand Johansen har fargerik framside med «LIVERPOOL» prenta i raude og glansa bokstavar. Produktet er gildare enn fotballkorta, og meir glansa enn eit vanleg fotballmagasin. Men så tykkjer eg liksom ikkje det er snakk om ei skikkeleg bok heller. Jaudå, bok er det jo, innbunden som ho er, med notar, kolofonside og bildekrediteringar bak. Formatet på 170 X 240 mm er litt mindre enn ei gjengs bildebok. Skulle dei beste bilda bløma og utfalda seg må det større format til. «John Grieg i Bergen» er førd opp som ansvarleg for den grafiske produksjonen. Nokon med tilgang til redigeringsprogram har lagt farge på sidene, laga rammer rundt tekst og flytta rundt på bilde. Resultatet ser greitt nok ut, men er likt veldig mykje annan grafisk produksjon. Alt i alt opplever eg produktet som om det er meint for bladhyllene til daglegvarekjedene, eller ved sida av haustens bokbind og pennalhus hjå Ark.

Ifølgje forlaget si nettside inneheld Liverpool FC 64 sider og er meint for born mellom 6 og 9 år. I den fysiske boka endar forlaget sidetalet på 76, medan eg sjølv kom fram til 73 sider. Utformarane har fått høve til å surfa i Shutterstock si rikhaldige bildesamling. Talde eg rett, har det gått med 117 bilde. Av desse er rundt 75 av det litt keisame fotballkortutsnittet frå livet og opp, eller med ball i beina. Rundt 15 bilde er av ein slik kvalitet at dei fekk eigaren av eit gamalt Liverpool-hjarta til å hugsa på å ta blodtrykksmedisinen. Som faktabok for born saknar eg fleire kule og store bilde av spelarane i fart og i klinsj.

Liverpools manager Jürgen Klopp blir kasta i vêret av spelarane sine etter UEFA Champions League-finalen mot Tottenham 1. juni 2019. Foto: MDI/Shutterstock

Frå side 9 til 24 kan vi lesa om fotballklubben si historie, frå skipinga i 1892 og fram til tyskaren Jürgen Klopp vart tilsett som trenar i 2015. Fint at forfattaren har omtala tribunetragediane i Brussel og Sheffield, samt årsakene til desse. Det meste av resten av boka er vigd den såkalla «Klopp-æraen», eventyret om den karismatiske tyske trenaren som drog Liverpoool til topps att. Så er det då også Jürgen Klopp og hans to beste spelarkjøp, Mo Salah og Virgil van Dijk, som pregar framsida. Ikkje rart kanskje, all den tid det er Klopp-æraen born frå 6 til 9 år har vakse opp med. Mest av alt er Liverpool FC ei bok om klubben under Klopp.

Teksten er skriven av den tidlegare VG-journalisten Tore Ulabrand Johansen. Johansen har i same serie skrive bøker om Kylian Mbappe og Erling Braut Håland. Den erfarne journalisten skriv faktaorientert og nøytralt på eit ujålete bokmål. Her er ingen ambisjonar om å skapa skrivekunst. Dessverre er nok teksten i overkant «vaksen» for dei minste lesarane. Min kollega, og far til to fotballinteresserte gutar i barneskulealder, er samd med meg i at aldersgruppa 9 til 13 år er ei meir passande målgruppe enn 6 til 9. Om lag halvdelen av boka er tekst.

Heia The Money!

Ein uggen tanke melde seg under lesinga: Bør vi i det heile teke oppmoda barn til å følgja internasjonal toppfotball? Saman med den enorme fotballøkonomien følgjer større problem enn fantestrekar og smugrøyking bak busskuret. Utan å gå i detaljar kan det til dømes vera greitt å minna om at Sportsklubben Brann i desse dagar kjempar mot FIFA, som har bøtelagt klubben etter at nokre få tilskodarar har ropa «FIFA = Mafia» frå tribuna. Eller at Manchester Citys skog av advokatar i desse dagar kvesser knivane for å stå imot skuldingane om at klubben har utførd 115 brot på Premier League sine økonomiske reglar. Ynskjer vi å støtte UEFA og FIFA og den sjuke pengegaloppen?

Dersom ein på lovleg vis skal sjå fotballkampar med Liverpool i 2024/2025-sesongen, kostar det 749,- kroner i månaden. I denne sesongen spelar Liverpool òg kampar i prestisjetunge UEFA Champions League. For å sjå desse kampane lyt ein ut med ekstra kr 449,- kroner. Attåt kjem presset om å kjøpa fotballdrakter, som toppklubbane lanserer tre nye variantar av før kvar sesong. «Do the math», som dei norske engelskspråklege fotballekspertane på Viaplay sikkert ville sagt. At ikkje alle foreldre har råd til alskens reklameutstyr og spinndyre streamingtenester seier seg sjølv. Med bakgrunn i dette er det nesten litt godt med ei fotballbok på norsk der inntektene går til forfattar og forlag, og ikkje forsvinn i den mystiske og hemmelege toppfotballøkonomien. Prisen på boka er då heller ikkje så hakkande galen: 199,- skulle dei ha på Coop Prix Røldal.

Erlend Garatun Huus

Fødd 1967. Keeper på knotte-, smågut-, og gutelaget til Odda I.L. ca. 1974–1980. Miljøarbeidar innan psykisk helse. Forfattar i 3. divisjon.