Tittel: Som ein bror
Tekst: Alfred Fidjestøl
Forlag: Samlaget
Årstall: 2019
Antall sider: 110

Lite nytt om Julius

I 2017 skreiv Alfred Fidjestøl Nesten menneske, ein biografi om sjimpansen Julius. I år har han funne fram saksa og gir ut ei barnebok basert på same teksten.

Da eg vaks opp på 80-talet var Julius ein kjent figur. Eg hadde ein Julius-bamse sitjande på senga mi, veslebror min og eg gaula i kor på Julius-songen, vi hadde sett Julius på barne-tv, og vi hadde vore i Kristiansand Dyrepark og sett han heilt på ekte. Det var ingen som trong å forklare kvifor ei Julius-bok var ein god idé i 1983, då den første barneboka kom. Den gongen var Julius fire år og rikskjendis. Boka til Trygve Klingsheim og Arild Jakobsen fortalde i tekst og bilete om korleis det var å ha ein sjimpanse i familien, og Julius blei selt i 53 000 eksemplar første året.

Bilde6-liten

Men kvifor treng norske barn ei fjerde bok om Julius? Dei vaksne klarer seg jo fint med den eine Fidjestøl skreiv for to år sida. Kva er dei gode grunnane for å gje ut Som ein bror, nok ein tekst om livshistoria til vår norske favorittsjimpanse, berre tre år etter Lena Lindahl og Camilla Kuhn si morosame biletbok Julius – et apeliv? Meiner forlaget og Fidjestøl at Eivind Skeie si Julius – ei omvendt jungelbok frå 1996 har så mange feil og manglar, at norske barn fortener betre? Eller er det for at også dei som les på nynorsk skal ha ein versjon?

Kvifor skrive biografi?

Fidjestøl svarar ikkje på desse spørsmåla i forordet sitt, sjølv om det kan sjå ut som han ønskjer å forsvare bokprosjektet. Han veit godt at lesarane hans ikkje kjenner Julius frå før, og han forklarer kjapt og godt kvifor denne sjimpansen var kjent og elska i gamle dagar. I den grad han grunngjev kvifor dagens ungar skal bruke tida si på denne historia, er grunngjevinga filosofisk: «eg veit ikkje om vi eigentleg kan forstå ein sjimpanse som Julius. Men vi kan prøve. Og kanskje vi gjennom å prøve på det kan forstå meir av oss sjølv.»

Denne målsettinga om å forstå meir var ein tydeleg raud tråd i Nesten menneske, og ein viktig grunn til at biografien frå 2017 var opplysande lesing. Fidjestøl, som etter kvart har mange solide og gode biografiprosjekt bak seg, skreiv ikkje berre Julius si historie, han skreiv om forsking på sjimpansar, om utviklinga av dyreparkar, om korleis menneske og dyr lever saman, om kva haldningar vi har til andre artar, og om korleis samfunnet rundt Julius har endra seg i levetida hans. I Nesten menneske fikk vi dessutan mange interessante etiske diskusjonar. Julius sine mørke sjimpanseauge blei eit perspektiv vi kunne sjå oss sjølve gjennom.

Bilde4-voksen

Kva får den unge lesaren?

Som ein bror er dessverre blitt ein reduksjon av det opphavelege prosjektet. Forlaget og Fidjestøl har valt ut dei dramatiske høgdepunkta frå Julius sitt liv slik dei blei fortalde i Nesten menneske, i ein lett omskrive versjon, og i den grad lesarane lærer nokre fakta om sjimpansar, er det fordi det er naudsynt for hovudhistoria. Dei unge lesarane blir rett og slett snytt for ei gyllen moglegheit til å lære meir om menneskeaper, om åtferdsforsking, om den historiske utviklinga innan zoologien, om dyrevern og global utrydjing av artar. Årets barnebok tar med andre ord ikkje vare på styrken i sitt eige førelegg.

Alfred Fidjestøl er elles ein stødig skribent. Han er grundig i kjeldearbeidet sitt og ein engasjerande formidlar. Den nye teksten om Julius står seg fint aleine, om vi berre vil ha ei underhaldande historie. Det er ei saumlaus og spennande forteljing, og den vekslar fint mellom stor dramatikk, som når sjimpansefaren til Julius bit fingeren av menneskefar hans, og nære og rørande augneblink som når Julius blir tatt tilbake i sjimpanseflokken: «Til slutt gjekk også Lotta bort til Julius og la armane sine omkring han. Det var som dei alle ønskte han velkomen tilbake, dei gav han trøyst og kjærleik.»

Kva er nytt?

Om vi skal samanlikne dei fire barnebøkene om Julius, kan vi seie at Lindahl og Kuhn si biletbok frå 2016 er ei slags oppdatering av den kommersielle utgjevinga frå 1983. Begge desse bøkene er enkle og korte tekstar, med masse bilete, og hovudvekta i forteljinga ligg på kor søt og rampete Julius er. Lindahl og Kuhn fortel likevel heile historia til Julius, imponerande komprimert, frå barndom og fram til dagens sjefsstatus blant sjimpansane, og har dermed mykje nytt å kome med. Kanskje vi kan seie at Fidjestøls Som ein bror er ei tilsvarande oppdatering av Skeie si bok frå 1996? Dei to er i alle fall bygd over same lest.

Hos både Skeie og Fidjestøl blir lesaren kjent med Julius si historie. Ein del fakta om dyrehagen og sjimpansar er med for å gjere livet hans meir forståeleg for lesaren, og dei to forfattarane stoppar opp og reflekterer undervegs. Sjølvsagt har Fidjestøl ei lengre soge å fortelje, men det er berre to verkeleg viktige hendingar som har skjedd dei siste tjue åra: Julius har blitt far og han har blitt flokkleiar. Til gjengjeld fortel Skeie historia om Josefine, den første «kjærasten» til Julius, medan Fidjestøl vel å kutte ho ut. Dei to bøkene er ikkje heilt einige om alle hendingar og fakta, så vi kan rekne med at Fidjestøl har sjekka og korrigert, men avvika er små.

Som ein bror er kvalitativt betre språkleg og kanskje hakket meir informativ enn sine tre forgjengarar. Designet og formatet signaliserer dessutan at boka er påkosta. Om utgjevinga hadde vore den første, og ikkje den fjerde i ei rekke, hadde det ikkje vore eit problem at den rett og slett fortalde den dramatiske oppveksthistoria til ein sjimpanse. Men den einaste store hendinga som er ny i Som ein bror, og som ingen av dei tidlegare bøkene har fått med seg, er mordforsøket på Julius for eit år sida. Samlaget gir oss med andre ord lite nytt om Julius.

 

Bilde2-ryggen

 



Skrevet av:

Ingen kommentarer.

Legg igjen en kommentar

Legg inn din meaning her. Vær hyggelig. Din e-post vil holdt anonym.