Litteraturens vulgære tremenning?

Trass i auka anerkjenning blir teikneseriar ofte nedvurdert som lett underhaldning eller ein litterær undersjanger. Det vitnar om djupt rotfesta misoppfatningar om mediets eigenverdi.
Nyleg tildelte Fritt Ord 44 bibliotek rekordhøge 2,6 millionar kroner til å arrangere møte om sakprosa, skjønnlitteratur og teikneseriar i utlysinga «Fortalt fortid». Målet med tildelinga er mellom anna å «styrke bibliotekene som formidlingsarena og å vekke interesse for lesing og litteraturdebatt». Det er gledeleg at formidling av teikneseriar blir heia fram; det er ikkje så sjølvsagt som ein skulle tru. I pressemeldinga til Fritt Ord seier teikneserieskaparen Lene Ask at «I dag […] trenger man ikke lenger forsvare at man lager tegneserier om seriøse temaer». Samtidig får ofte bibliotekarar, som Toril Å. Iversen ved Lørenskog bibliotek, spørsmål om dei ikkje også kan anbefale ei ordentleg bok når ho tilrår ein teikneserie.
Semantikk schmemantikk
«Tegneserier er ordentlige bøker», seier Iversen, men dei blir ofte forstått som ein litterær undersjanger eller massekultur. Fleire meldingar av teikneseriar her på Barnebokkritikk ligg ute med sjangerdefinisjonen «tegneserie», Kulturdirektoratet omtalar teikneseriar som «skjønnlitteratur», og på nettsida til Norli finn ein bøker som Maus under fana «Humor og tegneserier». Kategoriseringane er både feilaktige og syner ei nedvurdering av mediet. Ei oppklaring er openbert naudsynt.
Sjangerlære
Fantasy, krim og biografi er døme på sjangrar med meir eller mindre definerte forventningar og verkemiddel. Teikneseriar derimot, er eit sjølvstendig medium, ein eigen kunstform. Når Fritt Ord støttar formidling av teikneseriar med historisk innhald, må me difor forstå historie, biografi eller dokumentar som sjangrar innanfor teikneseriemediet, på same måte som i prosalitteraturen. Skildringane av historiske personar eller hendingar i teikneseriar som Ida Larmos Rigel eller Lene Asks O bli hos meg blir framstilte innanfor mediet sine formmessige og kunstnarlege rammer.
Viss ein held fram med å vurdere teikneseriar etter dei gamle mediene (t.d. roman, måleri) sine kriterium, vil dei forbli ein litterær-grafisk bastard: litteraturens vulgære tremenning. Å nytte forskjønnande omgrep som teikneserieroman eller grafisk roman for å løfte opp teikneserien til eit høgare nivå er godt meint, men kontraproduktivt: Det tydeleggjer skiljet mellom Maus og Mikke Mus, men undergrev samtidig mediet sin eigenart.
Teikneseriegrammatikk
Ein må tilnærme seg ein teikneserie på heilt andre måtar enn ein skjønnlitterær tekst. Teikneseriar har ein eigen grammatikk og sett med reglar for korleis ein les. Teikneseriens form handlar om visuelt nærvær; ein serie ruter som er skilt frå kvarandre med fråvær. Lesaren sitt blikk blir heile tida leda mot det hen ser og ikkje ser, og ein blir tvungen til å reflektere over kvifor. Samtidig kan bilda tvinge fram direkte og sterke kjensler som uttrykkjer noko som ikkje er mogeleg å gjere med ord. Å lese teikneseriar må lærast, på lik linje med prosa. Å lære å lese teikneseriar, seier teikneserieteoretikaren Scott McCloud, er å lære å oppfatte tida romleg; at tid og rom er to sider av samme sak. Noko som er unikt for mediet er at alle tidene er til stades heile tida: «Uansett hvor vi retter blikket er det nå. Men samtidig tar øynene inn det omkringliggende landskapet av fortid og fremtid», seier McCloud.
Unaturleg skrift
Teikneseriar har i lang tid blitt vurdert som massekultur, som noko som fordervar unge sinn og stel merksemda deira frå den ordentlege litteraturen. Ein kan spore desse haldningane tilbake til opplysningstida. Den tyske litteraturkritikaren Gotthold E. Lessing meinte at å blande poesi og måleri – ord og bilde – var å produsere «unaturleg skrift», ei forderving av både malarkunsten og poesien. Romantikaren William Wordsworth var så opprørt over dei illustrerte forteljingane til Charles Dickens at han i 1846 skreiv eit dikt der han gjekk til angrep på det han meinte var ei vulgarisering av litteraturen:
A backward movement surely have we here,
From manhood – back to childhood; for the age –
Back towards caverned life’s first rude career.
Avaunt this vile abuse of pictured page!
Det illustrerte høyrer til det usiviliserte og fordummande. Som Paulus legg ein vekk det barnslege når ein blir vaksen.
Den som likevel har hatt mest å seie for haldningane til teikneseriar i det tjuande hundreåret er psykiateren Frederic Wertham, som i boka Seduction of the Innocent (1954) mellom anna slo fast at teikneserieformatet var ein invitasjon til analfabetisme og stimulerte skitne og avvikande tendensar. I USA førte dette til moralsk panikk og innføring av det statlege sensurorganet The Comics Code Authority, som var i effekt heilt fram til 2011.
Teikneserien: Den niande kunstarten
I dag har teikneserien ein heilt annan status og blir gradvis meir anerkjend, til dømes gjennom fleire brageprisar til teikneseriar her heime og ein og annan booker– og pulitzerpris internasjonalt. Mediet er i tillegg gjenstand for aukande forsking i akademia, også i Noreg.
Likevel: Når såg du sist ein vaksen person på bussen eller bybanen lesande på ein teikneserie? Kvifor er det framleis slik at bibliotekarar blir bedne om ordentlege bøker når dei tilrår teikneseriar? Og kvifor nyttar me omgrep som «teikneserieaktig» om noko frivolt eller enkelt? Eg blir litt matt av å måtte forsvare teikneseriemediet i 2024. Det vitnar kanskje om ein medialt svak sjølvtillit, men det handlar eigentleg mest om historisk vilkårsbundne misoppfatningar.
Art Spiegelman kallar teikneseriar «the last bastion of literacy», lesedugleikens siste skanse. Det er på tide å sjå forbi fordommane og anerkjenne teikneserien for det han er: eit komplekst, kraftfullt medium som formidlar både historie, kunst og sterke forteljingar på sine eigne premissar.
Bannerbilde: Ivan Kramskoi: «Lesende kvinne. Portrett av Sofia Kramskaya». Etter 1866. Kilde: Wikimedia Commons