Livsfarleg moro
Boktittel: Livet er livsfarlig!
Forfatter: Reidar Müller
Illustratør: Sigbjørn Lilleeng
Forlag: Aschehoug
Årstall: 2024
Antall sider: 179
Sjanger: Fakta
Reidar Müller og Sigbjørn Lilleeng tar lesaren med på ei spanande og sprenglærd reise frå ursuppe til antropocen.
Når eg underviser i eldre historie og begynner med menneskeslekta sitt opphav, er det alltid ein elev som set opp eit vantru og skuffa andletsuttrykk: «Men.. men.. dinosaurar då??» For mange av oss er dinosaur- og trilobittmanien ein fase ein veks ut av, på linje med Kaptein Sabeltann. Heldigvis er det nokre som aldri veks det av seg, som Reidar Müller og Sigbjørn Lilleeng. For kvifor i alle dagar skal ein slutte å bli fasinert av paleontologi og geologi? Det handlar jo, når alt kjem til alt, om oss sjølve.
Alt heng saman med alt
Dette er ikkje første gongen paret gir ut bok saman. I Supervulkaner og digre dinosaurer (2020) tok dei for seg Noregs historie frå eit naturvitskapleg perspektiv. Livet er livsfarlig! Den utrolige historien om livets utvikling fra bakterier til deg byggjer vidare på det førre prosjektet og utvidar perspektivet og ambisjonsnivået, både i form og innhald. Der Supervulkaner var ei meir (men ikkje veldig) tradisjonell faktabok, er denne boka ein teikneserie, og ho tar for seg utviklinga av livet på jorda, frå ursuppe til antropocen. Bodskapen er enkel og tydeleg: Alle levande organismar heng saman, og mennesket har eit særskilt ansvar for å ta vare på mangfaldet. Noko moralisering er det likevel eigentleg ikkje snakk om. Boka er prega av eit eksplosivt engasjement og formidlar den fire og ein halv milliardar år lange historia til jorda med ein svært smittande entusiasme. Den utstrekte bruken av ropeteikn i både snakkebobler og faktaboksar er heilt på sin plass. Livet er verkeleg livsfarleg og vedunderleg!
Liv laga
I byrjinga møter me Liv (!) som er på klassetur på Naturhistorisk museum. Gamle skjelett og tørre formidlarar imponerer henne ikkje: «Alt er dødt og gammelt». Då ho møter den ivrige vesle dinosauren, Iggy, set han seg føre å overtyde henne om at det motsette er tilfelle. Han tar henne med på ei reise gjennom tid og rom, frå det store smellet fram til vår tid. Det er ei lang og farefull ferd, full av «de største, skumleste, kuleste og farligste dyrene som noen gang har levd»; frå bakterier, til skrekkelege havmonster, dinosaurar (så klart) og gigantiske pattedyr. Det farlegaste dyret, mennesket, kjem heilt til slutt, men er nesten som ein parentes å rekne i livets historie.
Skalaen er enorm, men det er fortalt på ein pedagogisk og underhaldande måte, med ein solid dose humor. Mykje av humoren er det Iggy som står for, gjennom slapstick, gladvald og ein overdriven entusiasme over alt han og den meir kritiske Liv møter. Karakteren hans er godt utvikla (han var også forteljaren i Supervulkaner) og tilpassa det høge og heseblesande tempoet. Müller og Lilleeng vil mykje på dei 179 sidene, og det kan gå litt fort i svingane somme tider. Å presentere denne nesten overveldande mengda faktakunnskap i teikneserieformat, gjer heldigvis at alt heng tydeleg saman og kan lesast i eit strekk. Ei tradisjonell faktabok les ein gjerne ikkje frå perm til perm, men oftare stykkevis.
Monster Mash
Sigbjørn Lilleeng er ein røynd teikneserieskapar, noko som kjem tydeleg fram i denne boka. Han vekslar elegant mellom ulike perspektiv, ruteformat og heilsider, slik at teksten står fram som variert og spanande. Liv og (særleg) Iggy er teikna på ein meir animert måte enn dei halvnaturalistiske skapningane dei møter, noko som understrekar at dei er gjester i ei ugjestmild verd. Dei som har lese Lilleengs Nagel veit at han er god på å teikne sci-fi-monster. I Livet er livsfarlig får han boltre seg i høgst reelle monster. Dei er minst like skumle.
Målgruppa er i utgangspunktet seks til niåringar, men eg vil tru boka kan engasjere langt ut på barnetrinnet. Sjølv ein lesar som aldri har vore gjennom ein dinosaurfase vil finne glede og kunnskap mellom permane, til dømes jenter, som av ein eller annan grunn sjeldnare blir bitt av dinobasillen. Eller vaksne som kanskje heller tenkjer på vin enn dinosaurar når nokon snakkar om jura.